onsdag 3. august 2011

Kva er det å vera konservativ kristen?

Enno er det nokre som vil ha det til at Anders Behring Breivik tilhøyrer eit konservativt kristent miljø, og at det er element i kristendomen som kan motivera eit menneske til slike ugjerningar som me såg den 22/7.

Det som hende denne dagen er ikkje til å tru. Men det er også vanskeleg å forstå at folk med sine fulle fem kan dra linjer frå Breivik til konservative kristne miljø. Å vera konservativ kristen i Noreg er nesten det same som å vera pinseven , bedehusmenneske eller frikyrkjeleg, og så langt eg har forstått har Breivik aldri vore i kontakt med slike miljø.

Behren Breivik seier seg å vera tempelridder. Denne ordenen vart etablert under krosstogstida, i 1119, for å verna kristne kristne pilgrimar i Jerusalem mot muslimsk vald. Dei var barn av si tid. Det som hende i Oslo og på Utøya har sjølvsagt ingenting med dette å gjera, og ein analyse av hendingane som endar opp i konservative kristne miljø, er berre totalt uintelligent, og me blir tvinga til å tenkja gjennom følgjande spørsmål: Kva er ein konservativ kristen?

Ein konservativ kristen er ein som trur på Bibelen, og som meiner at det som står der er gyldig for alle menneske til alle tider.

Ein konservativ kristen er ein person som har funne Gud, stolar på han som ein Far, elskar han over alle ting, men også nesten sin som seg sjølv.

Ein konservativ kristen trur på Jesus som gav livet sitt for alle.

Ein konservativ kristen har Jesus som sitt store førebilete.

Ein konservativ kristen vernar difor alt menneskeliv, om naudsynt med sitt eige liv.

Ein konservativ kristen lever etter "den gylne regel" som seier at "du skal gjera mot andre det som du vil at andre skal gjera mot deg".

Ein konservativ kristen elskar fiendane sine.

Ein konservativ kristen er ein som gjengjelder vondt med godt.

Ein konservativ kristen tilgjev dei som gjer galt mot han.

Ein konservativ kristen innrømmer sine moralske brist, og ber Gud og menneske om tilgjeving for syndene sine.

Ein konservativ kristen gler seg med dei glade og gret med dei gråtande.

Ein konservativ kristen deler dei gode nyheitene om Jesus med alle menneske.

Ein konservativ kristen elskar og inkluderer alle menneske uansett nasjonalitet, etnisitet, religion og språk.

Ein konservativ kristen gjev dei svoltne mat, dei tørste drikka, dei nakne klede, dei einsame fellesskap og dei sjuke tilsyn.

Me kunne nemnt fleire ting også. Men kan Anders Behren Breivik ut frå dette seiast å vera motivert av konservativ kristendom? Nei, det stikk motsette, kva no enn det måtte vera.

Likevel vil ein konservativ kristen sjå på denne mannen som eit medmenneske som også er elska av Gud, men som har stilt seg utanfor fellesskapet med han og late seg inspirera og driva av djevelske krefter, ein mann som treng å bli frelst av Jesus.








Ingen kommentarer: