søndag 28. august 2011

Sanninga som set fri

Johannes 8,31-32: Så sa Jesus til dei jødane som var komne til tru på han: «Blir de verande i mitt ord, er de verkeleg mine disiplar. Då skal de få kjenna sanninga, og sanninga skal gjera dykk frie.»

Ingen kan bli fri syndene sine av eigen kraft. Alle menneske sit fast i sin eigen vondskap, og kan berre friast ut av Jesus. Det som er vårt ansvar er å bli verande i ordet hans. Det betyr å lesa og lytta og praktisera. Det nyttar ikkje berre å vera slike som høyrer ordet, skriv Jakob (Jakobs brev 1,19 ff). Me må vera slike som gjer det ordet seier. Då får me den sunne innsikt som er nødvendig for å bli fri. Dersom me ikkje erkjenner vår eigen vondskap og ureinskap, har me ingen sjansar. Då blir me verande i hengemyra, ja, me søkk djupare og djupare ned i henne.

Kva skal me ta avstand frå hos oss sjølve og be Herre fria oss frå? Aggresjon, sjalusi, misunning, tvil, vantru, bekymring, sjølvrettferd, baktale, menneskeforakt, trolldom, religiøsitet, avvikande seksualitet, alle former for avhengighet (det er mange av dei), løgn og fusk og fanteri, berre for å nemna noko.

Jesus er ein reell frelsar. På krossen frelste han oss frå den skuld som synda påfører oss. Men no lever han og frelser oss frå den makt som synda har over oss.

"Utan helging skal ingen sjå Herren", les me i Hebrearbrevet 11. Jesus helgar oss når me innrømmer syndene våre og ber han om å fri oss frå dei.

David erfarte dette og skreiv i Salme 40 at Herren drog han opp av hengemyra og sette føtene hans på fjell då han ropa på han.

Gud er den same. Uansett kva hengemyr du er komen ut i, og sjølv om den skaden du no lid er sjølvpåført: Rop til Jesus, som Peter gjorde det då han heldt på å drukna, og Jesus kjem til deg, grip tak i deg og dreg deg opp.

Ingen kan frelsa seg sjølv. Men det treng me heller ikkje. Den frelsar me har fått frå himmelen er stor nok for alle som kallar på han.

Ingen kommentarer: