fredag 12. august 2011

Oppsøkt

Ingen søkjer Gud av eige initiativ. Alle som søkjer Gud, gjer det fordi Gud alt har oppsøkt dei på ein eller annan måte. Det kan skje gjennom andre menneske som kjenner Gud og har han med seg, gjennom markerte hendingar som skjer, gode eller smertefulle, gjennom eit skjelsetjande møte med Guds ord i Bibelen, gjennom ein kristen tekst, ein film med kristent innhald eller ein blogg som dette..

Går me til Bibelen finn me mange menneske som vart oppsøkt av Gud: Abraham, Moses, Samuel, Jesaja, Esekiel, Amos, alle Jesu læresveinar, apostelen Paulus, romaren Kornelius og alle dei som Jesus sikta seg inn på. Menneske i ulike livssituasjonar som vart overraska av eit guddommeleg møte og fekk erfara Guds kraft i liva sine.

Det ligg ikkje for oss å søkja Gud, men det ligg for han og søkja oss. Då vekker han i oss ein lengsel etter seg som ikkje slepp taket, korkje dag eller natt, til me finn han.

"Ingen kan koma til meg utan at Far dreg han," seier Jesus, "og kvar den som kjem til meg, vil eg på ingen måte visa bort."

Jesus seier om seg sjølv: "Menneskesonen er komen for å leita etter bortkomne og berga dei."

Den treeinige Gud er i oppsøkande avdeling, alltid på jakt etter dei menneska han elskar for å gje dei fellesskap, tru og frelse, og straks dei er blitt Guds barn, får dei det over seg: eg må jobba saman med Jesus og følgja han på hans rastlause vandring på jakt etter nye menneske.

Såg det så fint nyleg då den iranske kvinna N vart frelst. Overvelda av Jesu kjærleik ringde ho heim til familien sin Iran for å dela den store hendinga med dei, og no er dottera på jakt etter ei undergrunnskyrkje for å finna Jesus ho også.

N vart møtt av Jesus gjennom eit enkelt vitnemål, noko talte til henne og ho bad: Jesus, dersom du er den rette, vis deg for meg. Slike bøner elskar Jesus. Han kom til henne på ein slik måte at det ikkje lenger var tvil i hennar sjel om at Jesus er Guds son og verdas frelsar.

Og det første ho gjorde etterpå var å bringa bodskapen vidare til familien sin. "Eg elskar Jesus," seier ho, "og eg berre må fortelja folk om han."

Slik skal det vera. Slik vil me ha det mellom oss.




Ingen kommentarer: