torsdag 18. august 2011

Guds ord skaper tru

Det er mange gode grunnar til å lesa flittig i Bibelen. Den eine er at den skaper tru i oss når me les for å læra. Paulus skriv i Romerbrevet kapottel 10 at "trua kjem av forkynninga, og forkynninga ved Kristi ord."

Trua er kontaktpunktet, eller kontaktflata, mellom oss og Gud. Utan tru kan me ikkje behaga Gud, les me i Hebrearbrevet 11. Og det er lett å forstå. Du kan heller ikkje gleda deg over folk som ikkje stolar på deg. Mistillit bryt kontakten mellom menneske, også mellom menneske og Gud.

Då Jesus ein gong kom til heimbyen sin, Nasaret, ville dei ikkje tru på han, og han undra seg over dette, og fordi dei ikkje ville tru, kunne han ikkje gjera så mange mektige gjerningar der. Jesus må liksom kjenna seg invitert for å gjera tinga sine. Når me trur, inviterer me han inn i vår naud.

Trua utløyser Guds kraft i livet ditt. Skal du eiga denne krafta, må du lytta til og lesa Guds ord som skaper denne trua.

Paulus og Barnabas var i Lystra (Apostelgjerningane 14). Der var det ein lam mann som lytta intenst til det dei hadde å seia om Jesus. Denne positive lyttinga skapte tru i hjarta hans, og då Paulus såg det, sa han til mannen at han berre kunne reisa seg og gå, og så skjedde underet.

Dei siste åra har det blitt vanleg å seia at det er normalt å tvila, og tvilen har blitt løfta opp til å vera ein intelligent sak.

Sanninga er at tvilen er syndig og djevelsk. Tenk at nokon i denne verda skulle tvila på Jesus Kristus, Guds son, verdas frelsar, han som døydde for våre synder og sto opp til vår evige rettferd. Skam på alle som tvilar på han!

Difor,når du tvilar: Spring til Guds ord og ta til deg grådig inntil du merkar at tvilen slepper taket i deg. Tvilen kan ikkje bidra med noko godt i livet ditt. Trua bringer alt godt til deg.

Ingen kommentarer: