fredag 5. august 2011

Kor var Gud?

Gud var ikkje på Utøya den 22.juli, sa ein prest som forretta ved ei av gravferdene etter massakren. Det var litt av ein påstand. Kor var han då, om han ikkje var der? Er Gud berre der alt er vel? Der det berre skjer gode ting? Er det slik at dersom Gud ikkje stoppar ein mordar, så er han ikkje til stades? Er det slik at Gud stoppar alle forbrytarar dersom han er der forbrytaren er? Er Gud i gatene i Syria? I Evinfengslet i Teheran? Mellom dei sveltande massane i Somalia? I Darfur? Var han i Auschwitz? I Bergen Belsen? På norske operasjonssalar der ufødde barn vert drepne i tusental kvart år? Kan me berre tru på Gud når alt går med og me er trygge og kan gleda oss og når forstår det som skjer? Kva teologi er det?

I sommar las eg to bøker. Dei eine ber tittelen "Vitne" og er skriven av Immaculèe Ilibagiza. Den gjorde eit overlag sterkt inntrykk. Immaculèe overlevde folkemordet i Rwanda i 1994 ved å gøyma seg saman med sju andre kvinner på ein bitte lite toalett i tre og ein halv månad. Ho skriv i boka si korleis Gud i denne tida kom til henne og talte til henne, synte henne sin godleik og verna henne og veninne hennar mot unge hutumenn som sprang rundt i blodtåka med masjetane sine på jakt etter tutsiar. Immaculèe var den einaste attlevande av ein stor familie. I dag står ho fram og vitnar om Guds nærvær midt i vondskapen som herja. Gud var i Rwanda under folkemordet, ja Immaculèe fortel oss like fram at det var då ho fann han og vart kjent med han.

Den andre boka eg las heiter "Min sjels tårer" og er skriven av kambodsjanaren Sokreaksa S. Himm. Tematikken er den same: Folkemord, denne gongen i Kambodsja under Raude Khmer frå 1975 til 1979. 2 millionar menneske vart brutalt drepne av Pol Pot sine styrkar. Kor var Gud? Han var der, skriv Sokreaksa, han var der og verna livet hans under ein haug med døde menneske i ei massegrav. Gud verna denne eine unge guten, talte til han på mange ulike måtar, førte han etter kvart ut or landet til Thailand der han fekk møta Jesus Kristus. Då fall bitane på plass i livet hans. Han erfarte krafta i Guds tilgjeving, og han fekk kraft til å tilgje dei som hadde torturert og drepe mor, far og søsken. Gud var i Kambodsja under folkemordet.

Dette med Gud og liding vil me aldri forstå. Men me får lov til å tru at midt i det vonde og meiningslause, er Gud til stades og gjer gode ting.

Verda ligg i det vonde, skriv Johannes, og vonde ting skjer trass i Guds nærvær. For han har skapt verda med menneske som har fridom til å gjera godt og vondt. Han har ikkje laga seg ein leikekasse der han kan styra menneska som marionettar. Når folk finn på vonde ting, så gjer dei det vonde ting. Smerten er at Gud ikkje stoppar dei, reglane er liksom ikkje slik. Men alle skal måtta stå til ansvar. Det skal han sørga for.

Gud var på Utøya den 22.juli, saman med dei som møtte døden, saman med dei som flykta, saman med dei som redde og skjelvande gøymde seg så godt dei kunne. og han er saman med dei som i dag sit att med svart sorg, og han vil gjera sterke og gode ting i mange sitt liv etter denne dagen. Det vil me framover få høyra mange vitnemål om.

Kor var Gud på langfredag? Jesus ropa: "Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?" Jesus er den einaste i historia som har opplevd å vera utanfor Guds omsorg. Han var forlaten av Gud så du og eg for alltid skal få han hos oss og i oss, dersom me ønskjer det.

Ingen kommentarer: