torsdag 11. august 2011

Av eit heilt hjarta


Dersom du skal finna Gud, må du søka han av heile ditt hjarta, les me i Jeremia 29. Dei fleste som søkjer Gud, søkjer i røynda berre seg sjølv. Ein tenkjer gjerne slik: "Gud er fin å ha på toppen av alt det andre eg har, og han kan gjera livet mitt endå rikare enn det alt er."

Det rare er at mange reklamerer for kristendomen på den måten. Dei seier at Jesus er komen for å fylla alle dine behov osv.

Å søkja Gud av eit heilt hjarta, noko som er veldig sjeldant, vil seia å gje i frå seg tanken på eigne behov og eigne rettar for at Gud skal få sin rett, forat Gud skal få æra og ingen annan.

Ingen kan vera min læresvein utan at gjev opp alt han eig, sa Jesus.

Den som vil vera min læresvein, må ta krossen sin opp og følgja meg, sa han ein gong. Den som bar ein kross gjennom gatene i Jerusalem, var eit dødt menneske. Vedkomande hadde mista alle personlege rettar. Han var alt ferdig.

Den som vil finna Gud, må dømma seg sjølv til døden. Nokon annan måte å vera kristen på eksisterer ikkje.

Å søkja Gud av eit heilt hjarta vil også seia å skånselslaust innrømma eigne synder, ta avstand frå dei og venda seg bort frå dei.

Å søkja Gud av eit heilt hjarta vil seia at me gjev frå oss alt som avgrensar eller hindrar Gud i liva våre.

Å søkja Gud av eit heilt hjarta inneber at me med iver les Bibelen for å finna ut kva Gud vil og fordrar av oss.

Den som søkjer Gud for å oppnå personlege fordeler og løn, søkjer ikkje Gud, men seg sjølv, og den som søkjer seg sjølv finn i alle fall ikkje Gud. Truleg heller ikkje seg sjølv. "For den som vil vinna livet sitt i denne verda, skal missa det", seier Jesus," men den som som misser livet sitt for mi skuld, skal vinna det".

Me lever i ein kultur der slike tankar må fortona seg heilt på jorde. Hos oss handlar jo alt om å sikra seg fordeler. Men Jesus var heilt på jorde. Han gav avkall på alle fordeler for å realisera Fars vilje og planar, noko som me alle ser skapte til og for.

Me har laga oss ein anormal normalitet. Jesus er den einaste heilt normale me har hatt mellom oss. Det normale kristenliv er å leva heilt tett på Gud, søkja hans vilje og realisera denne med hud og hår. Då tek Gud sjølv omsorg for våre ting. Det skal vera visst.

Det ligg ein enorm radikalitet i Jesus. Han formildar ikkje. I hans gjeng er det difor berre plass for radikalarar. Som Meisteren, slik også hans læresveinar.

Krossvegen er den einaste vegen inn i Guds kjærleik.



Ingen kommentarer: