tirsdag 30. august 2011

Ord frå Guds munn

I vår vestlege del av verda har me i stor grad bytta ut Gud med pengar, ting, sport, kultur og underhaldning. Me har for det meste slutta å tenkja på Guds ære og vårt eige evige vel. Korkje Gud eller evigheten er aktuelle storleikar for dei fleste nordmenn.

Då Jesus hadde fasta i 40 dagar og 40 netter, vart han til sist svolten. Då kom djevelen til han og sa: "Dersom du er Guds Son, så sei til desse steinane at dei skal verta til brød." Men Jesus hadde ikkje trong for å bevisa korkje for seg sjølv eller andre at han var Guds Son. Han visste kven han var. Og han svara djevelen og sa: "Menneske lever ikkje av brød åleine, men av kvart ord som går ut frå Guds munn!"

Jesus hadde valt å leva avhengig av Far i himmelen, og alt han føretok seg, gjorde han på fars initiativ. Han venta på eit ord frå hans munn, og kunne ikkje ta seg til rette og trylla mat når han var svolten.

Me prisar uavhengigheten, ikkje minst det å vera uavhengig av Gud. Bibelen er klår her: Vårt ønskje om å leva uavhengig av Gud er den grunnleggjande synda, for me er skapte til å leva med og for han. Bryt me hans bod, fjernar me oss, og me blir ikkje lenger i stand til å høyra kva han seier. Då går det mot døden med oss.

Me er flinke til å velja ut ord frå Gud som passar oss, ord som ikkje utfordrar oss til endring. Men det er også ein dødens veg. For menneske lever av KVART ORD som Gud talar, ikkje berre dei snille og milde. Me må også ta til oss dei strenge og utfordrande orda, dei som sprenger ramene våre og som pressar oss ut av komfortsonen og som får oss til å gå på vatn. Då blir ikkje kristenlivet ein geisp, men ei spanande reise med verdas beste reisefølgje. Følg meg, seier Jesus.



Ingen kommentarer: