tirsdag 7. mai 2019

Medlemsutvikling for trussamfunn utanfor Den norske kyrkja (DNK) i tida 1980-2017

Eg kom i går over ein tabell frå Statistisk sentralbyrå om overnemnde sak. Tabellen finn du nedst i dette blogginnlegget.
Det var  ganske interessant lesning.

Statistikken syner ein klår tendens: Stor framgang for Den romersk katolske kyrkja, for dei muslimske trussamfunna, for buddhismen og hinduismen og for Humanetisk forbund, som er ein representant for sekularismen.

I 1980 var det omlag 1000 menneske som var medlemmer av eit muslimsk trussamfunn. I 2017 hadde dette talet vakse til rundt 153000, noko som gjer islam til den største trusretninga utanfor DNK.

På ein god andre plass kjem Den romersk katolske kyrkja. I 1980 var det 13923 registrerte katolikkar i Noreg. I 2017 var det 152022.

Kva ligg bak framgangen til muslimane og katolikkane? Stort sett handlar det om innvandring.  Men noko kan også skuldast høgare reproduksjon enn det som tilfelle er i befolkninga elles.

Dei protestantiske kyrkjesamfunna har stort sett gått attende i tilslutning, alle så nær som Misjonsforbundet som har att ein jamn vekst frå 5510 medlemmer i 1980 til 10843 i 2017. Den Evangelisk Lutherske Frikyrkje har det gått litt opp og ned med. Var oppe 20360 i 1990 og talde i 2017 19552 medlemmer.

Men kva er det som har skjedd med pinsevenene i Noreg? I 1980 var det 42515 døypte medlemmer. Dette talet vaks til 46944 i 2003, men så sokk det merkeleg nok til 39263 i 2017. Me kan berre undra oss over korleis det har gått til. Handlar det om utarmande splittelsar på lokalt nivå? Eg veit ikkje, men eg trur dette kan vera ein delforklaring.

Men det protestantiske kyrkjesamfunnet som har gått mest attende, både reelt og i prosent, er Metodistkyrkja. I 1980 var det 17110 metodistar i Noreg, medan det i 2017 var 10432. Kan dette ha samanheng med liberal teologi? Me veit at liberal og bibelkritisk teologi har slått djupe røter i dette kyrkjesamfunnet, og over alt i verda der dette skjer, blir forkynninga kraftlaus, misjonsiveren kolnar, det blir langt mellom kvar ny kristen, mange fell frå Gud og forsvinn frå kyrkjelydane.

Det ser ut til at alle kristne kyrkjesamfunn har grunn til studera Misjonsforbundet nærare. Kva ligg bak suksessen? Kanskje finn me det i mottoet deira "Guds barns enhet og synderes frelse"? Er det varme fellesskap i kombinasjon med at ein viss prosent av medlemmene lever misjonale liv som er nøkkelen til framgang? Eg trur det.

Samfunn utanom Den norske kyrkja


2017

2003

1990

1980
* Muslimske trussamfunn
153 069
75 761
19 189
  1 006
Den romersk-katolske kirke
152 022
44 153
26 850
13 923
* Human-Etisk Forbund
  89 782
69 807
49 428

Pinsemenigheiter
  39 263
46 944
43 471
42 518
Islandske, finske og svenske lutherske kyrkjer
  11 839



Den evangelisk-lutherske frikirke
  19 552
19 469
20 360
19 357
* Buddhistiske trussamfunn
  17 351
  8 934
  3 012

Ortodokse kyrkjesamfunn
   21 993
  4 868
  1 222

Jehovas Vitner
  12 479
14 580
14 749

Metodistkirken
  10 432
12 642
15 447
17 120
Misjonsforbundet
  10 843
  9 050
  7 416
  5 510
Det Norske Baptistsamfunn
  10 510
10 260
11 836
12 098
Den Kristelige Menighet (Smiths Venner)
    8 417


* Hinduistiske trussamfunn
    8 965
  3 184
  1 636 (i 1995)

Syvendedags Adventistkirken(Adventistsamfunnet)
    4 695
  5 269
  6 631
  6 595
Jesu Kristi Kirke av de siste dagers hellige (mormonane)
   4 618 [2]



De Frie Evangeliske Forsamlinger
    3 169
  3 987
  2 054

Det evangelisk-lutherske kirkesamfunn
     3 172
  3 826
  3 510
  3 744
Kristne senter[3]
     2 965
  3 572
     619

* Sikhisme
     3 654
  2 404
  1 334

Kristensamfundet (antroposofisk)
     2 483
  2 401
  1 389

* Humanistforbundet
     1 193 (i 2014)



* Baha'i-samfunnet i Norge
     1 149

     667 (i 1995)

* Holistisk Forbund
       876 (i 2014)



* Det Mosaiske Trossamfund
       769
     926
  1 000
     915
Andre trussamfunn
   27 600