lørdag 2. desember 2023

Advent 2023, del 2

Bønn: Herre Jesus Kristus. Du er Guds ord, og du talar til oss gjennom Bibelen, men også gjennom kristen forkynning. Tal til oss no. Me ber i ditt namn. Amen! 

Alt på syndefallet sin første dag, kom Gud til sine falne menneskebarn og tente ei stjerne av håp for dei og i dei. 

Dei hadde blitt lurt av slangen til å bryta det eine bodet som Gud hadde gjeve dei. Djevelen, som talte gjennom slangen, må ha tenkt: Dette gjekk jo veldig lett, og han var sikkert ganske optimistisk etterpå med tanke på at han skulle forpurra alle Guds planar med menneska og jorda. 

Hans strategi er gamal og effektiv. Han startar med å så tvil om Guds ord, for så å endra det bilete me menneske har av Gud, og få oss til å tenkja at den gode Gud som har skapt oss og som berre vil oss godt, eigentleg er kjip og har mange goder sjølv som han ikkje vil dela med oss osv. 

Det er særleg innafor fire områder me lett let oss lura, og det er når det gjeld sex, pengar, berømming og makt, og desse er alltid meir eller mindre vikla inn i kvarandre.  I Edens hage handla det om makt: "Gud veit at den dagen de et av treet, skal de bli som han!" Hallo folkens! Denne kunnskapen har Gud, og den har han ikkje delt med dykk. Han har sagt til dykk at de skal døy, men sanninga er den motsette: Dersom de bryt bodet hans, skal bli som han og leva i evig lykke. Då han sa at det var forbode av dykk å eta av treet til kunnskap om godt og vondt, så var det fordi han vil undertrykkja dykk for all framtid. Men no må det bryta dykk ein veg ut av tvangen og inn i fridomen, den fridomen som no berre Gud nyt og held for seg sjølv. 

Slik får han folk til å føla når han freistar dei til fall. Bak den ulovlege handlinga ligg det noko fantastisk, ny rikdom, ny anerkjenning, nye mulegheitar osv. 

Djevelen er og blir ein håplaus løgnar. Han lovar gull og grøne skogar, eit Soria Moria. Men på den andre sida av fallet ligg skam, moralsk og åndeleg degenerering, einsemd, dårleg samvit, anger og tap av glede. 

Adam og Eva kom akkurat dit, og då Gud kom til dei i hagen om kvelden, kom han til to dødsdømde og fortapte menneske. Det såg veldig mørkt ut både for dei og for Guds planar med verda.

Men då er det at Gud tenner eit lys av håp. Det blir aldri så mørkt i livet ditt som det var denne dagen i Adam og Eva sine liv, og det blir aldri så mørkt av Gud ikkje kan tenna eit håp for deg, eit håp med hold i, eit håp som held. 

"Kvinna si ætt skal knusa hovudet ditt," sa Gud til slangen, "men du skal hogga han i hælen." Slangedreparen skulle ikkje koma frå det umerka. 

Kva var det slangen høyrde: "Ein dag skal det koma eit gutebarn, avla av Gud og ikkje av mann, fødd av ei kvinne, ein mann som i mogen alder skal knusa di makt over menneska."

Dette er første profetien om Jesus. Han kom, stod fast i alle freistingar han møtte på, oppfylte Guds lov til punkt og prikke, tok på seg all verdas synd, vart krossfesta, leid og døydde før han stod opp att tredje dagen, og alle som tek imot han, dei får retten til å vera Guds barn, dei som trur på namnet hans, for å sitera Johannes 1,12. 

"Den som har Sonen, har livet", skriv Johannes ein annan plass. Du forstår: "Han er vårt håp", som Paulus uttrykkjer seg ein plass. Ikkje eit kanskje skjer det-håp, men ein levande håp, eit sikkert håp. Har du han, trur du på han, då har du framtid og håp. 


tirsdag 28. november 2023

Former Hezbollah Fighter Recalls Encounter with Jesus: 'God Didn't Desig...

Advent 2023. 1. dag. Det handlar om at Jesus skal koma att om ikkje så lenge.

 

I våre dagar er det mange adventskalendrar med svært ulikt innhald. Det meste fangar ikkje mi interesse, og har vel strengt tatt lite og ingenting med advent å gjera. Difor lagar eg no min eigen, og den skal handla om Jesus og Guds rike. Advent er eit latinsk ord som tyder «kome», og handlar m.a. om alt det gode som skal skje når Jesus kjem tilbake. For det er han alle truande ventar på, at han skal koma frå himmelen for å dømma levande og døde, og for å skapa ein ny himmel og ei ny jord der det ikkje er meir vondskap liding og død, eit univers der rettferda rår.

Jorda er full av urett, og uretten har sine røter i kvart einaste menneskehjarta, i karakteren vår. Jo, det finst mykje urett i politikk og økonomi, men denne uretten er der fordi menneska som formar politikken og lagar dei økonomiske systema er urettferdige. Me har det i oss alle saman: Me lyg, baktalar, stel, irriterer oss, hevdar oss, skryt,  nedvurderer Gud og vår neste, bryt ekteskapet, er egoistiske, utøver vald, tenker nedsetjande om folk, tek livet av våre ufødde barn, er gnitne og grådige, driv med trolldom og det som verre er. Jo, eg veit at me ikkje er berre slik. Men slik er me også.

Og fordi me er slik, fortener me ikkje å koma til himmelen. Me fortener å bli dømt i den evige eld, som skrive står, den domen som er tiltenkt Guds fiende, djevelen, og alle hans demonar. Men oss ville Gud frelsa frå denne domen. Difor kom Jesus som eit lite barn til jorda i Betlehem, fødd av ei jomfru. Han var menneskeleg som oss, men han var likevel annleis: Han gjorde aldri noko urett, og fordi han var Guds mektige Son, og fordi han var rein, kunne han ta på seg våre synder og døy for oss på ein kross. Av den grunn, og fordi han er så uendeleg god, tilbyr han oss tilgjeving heilt gratis ved at me innrømmer syndene våre og stolar på han og hans frelsesverk.

Då tek han bustad i oss, og han forvandlar oss frå innsida slik at me ikkje lenger forsvarar vår eigen urett, men innrømmer og vender oss bort frå alt slikt, og slik at me alltid strekker oss etter det gode.  

Kvar einaste som trur på Jesus og som let seg døypa, erfarer dette. Livet blir nytt. Men når Jesus kjem att, skal heile skapinga fornyast. Og det skjer når den kristne bodskapen har nådd ut til alle folkeslag, og difor har adventstida også med kristen misjon å gjera.  Dette som ei innleiing. Meir advent i morgon.

torsdag 26. oktober 2023

Manglande medynk

 Det er nokre år sidan no. Eg ante fred og ingen fare, og var oppteken med eitt eller anna kvardagsleg då eg brått høyrde ei røyst som sa: «Dei har ikkje medynk med barnet i mors liv!» Det var som om det var ein person som stod i rommet attmed meg og snakka. Men det var ingen der, og eg visste det: Det var Gud. Eg hadde høyrt stemma hans ein gong før på same måten, så eg visste det var han, og eg visste det handla om abort. Kvifor held me på med dette i Noreg? Det har vore mange svar. Men Guds analyse skilde seg frå alle andre eg hadde høyrt: Manglande medynk. Han kunne ha sagt medkjensle, men eg trur han ville ha fram at han ynkast over dei små som heile tida må bøta med livet, og at dersom me som lever i friluft hadde hatt den same medynken, den same djupe empatien, så ville me ha omslutta kvar einaste ufødd barn med den største omsorg, og gjeve han/ho det høgaste rettsvern som tenkjast kan.

Men me har ikkje det. Og jo fleire som vert borte på denne måten, jo mindre tenkjer me på dei som medmenneske. Og dessutan ser me det ikkje. Alt føregår «trygt» bak fire vegger der ingen har tilgang utan dei som har ansvar for inngrepa, og Gud. For HAN ser, og han ynkar seg.

Ei stund etter at Gud hadde tala til meg på denne måten, las eg i Bibelen, og var komen til  profeten Jesaja kapittel 13. Då eg kom til vers 18, kvapp eg til. For av alle ting står det der: «Dei har ikkje medynk med barnet i mors liv!» Kva i all verda var dette? Hadde han sagt det før? Om kven? Jo, om persiske krigarar som i 539 f.Kr. kom for å erobra Babylonia. Desse krigarane var ekstremt valdelege, ja, så brutale at dei ikkje ein gong sparte barnet i mors liv. Noko verre enn det hadde Gud aldri før uttalt over eit folk.

Og så er det oss då. Me vil ikkje kalla abort for vald. Det blir for vanskeleg for oss. Men kva er det om det ikkje er vald? Språk er makt. Me kallar det for «svangerskapsavbrot». Og det er rett. Svangerskapet blir avbrote. Men for å få det til, må også barnets liv avbrytast.

Ingen vil barna til livs, berre svangerskapa. Ja, det skjønar eg. Og det skjønar Gud. Men han vil ha sagt at det er langt viktigare at barna får leva enn at svangerskapa vert avbrotne. Det vil han at me skal skjøna, og når me tenkjer oss nøye om, så må me gje han rett. Ikkje noko gode er større enn sjølve livet, og ingen rett skulle stå så høgt i kurs som livsretten.

Kan ufødde barn gjenvinna livsretten i Noreg? Ja, lat oss håpa og be om det, både for barna si skuld, og vår eiga. For når Gud talar til oss, gjer me lurt i å lytta og lyda.

lørdag 14. oktober 2023

Eit pågåvande menneskerettsbrot

 Kristendomen har ein klårt definert etikk. Denne finn me godt og presist uttrykt i Dei ti boda og Bergpreika i Bibelen.

Politikarane må frå tid til tid handsama etiske spørsmål. Dersom dei då ikkje har ein definert etisk overbygning,  blir det gjerne ein konflikt mellom politikk og etikk.

Den mest typiske saka er spørsmålet om sjølvbestemt (morsbestemt) abort. I kristen etikk (og i all annan etikk for den saks skuld) er det galt å ta livet av skuldlause menneske. Det femte bodet er krystallklårt: «Du skal ikkje slå i hel.» Fosteret er eit slikt skuldlaust menneske, og burde av den grunn hatt rettsvern, meiner dei fleste kristne (og mange andre). Dei ser på ufødde barn som medborgarar med fullt menneskeverd, og kjenner seg forplikta til å tala saka deira når ingen andre vil. Dei fleste politiske partia meiner at fosteret ikkje kan reknast som eit medmenneske (utan at dei har teke seg bryet med å definera fosteret sin status), og har dermed ikkje krav på rettsvern. Juridisk stiller eit foster i Noreg dårlegare enn eit rovdyr, i alle fram til veke 12 i svangerskapet, og slik som det ser ut no: snart fram til veke 18. Alt i 12. veke er alle organ ferdig utvikla. Dei siste seks månadane handlar det om vekst.

At biskopane i Den norske kyrkja no støttar sjølvbestemt abort fram til veke 12, er forbløffande, og gjer situasjonen for dei små enno vanskelegare enn før.

«Abortsaka er ei tapt sak,» høyrer eg folk seia. Ho står ikkje lenger på dagsorden.

Då må eg spørja: Når er ei sak tapt? Når alle har slutta å kjempa. Ikkje før.

«Det er ei god lov,» blir det også sagt.

Og då må eg spørja: Kva er ei god lov? Jo, det er ei lov som er god for alle. Er abortlova det? Nei. Ikkje for dei små som vert nekta livet. Abortlova er m.a.o. inga god lov. Ho er tvert om livsfarleg.

I Menneskerettsfråsegna artikkel 3 står det slik: «Ein kvar har rett til liv, fridom og personleg tryggleik,» og eg kan ikkje sjå eitt einaste godt argument som nektar oss å inkorporera eit menneskefoster i «ein kvar».

Denne artikkelen skulle fjerna all tvil om kva me har med å gjera i dette spørsmålet: Eit stort og vedvarande menneskerettsbrot, betydeleg større enn vindmøllene på Fosen.

tirsdag 10. oktober 2023

Refleksjonar etter 7.oktober 2023

 Laurdag 7.oktober vart over 900 israelarar brutalt drepne i ein massiv terroraksjon utført av Hamas, og over 130 menneske tekne inn i Gaza som gislar.

22.juli 2011 vart 77 nordmenn meiningslaust drepne av vår eigen terrorist på Utøya og i Regjeringskvartalet. No har Israel tapt minst 13 gongar så mange av sine kjære, alle vanlege menneske utan annan agenda enn å leva liva sine. I dag sit to små tvillinggutar att utan foreldre, og ei heil slekt sit att med sorga etter ein familie på fem, og så er det alle dei andre

I over 2300 år har Israel og det jødiske folket vore utsette for dei mest meiningslause lidingar. Forfølging og pogromar har vore ein del av dette folket sin kvardag gjennom hundreåra, noko som toppa seg i Hitlers ville plan om å ta livet av heile gjengen. Berre Gud veit kor langt han var frå å lukkast.

På denne bakgrunn er det rørande i dag (måndag 9.oktober) å sjå Israels flagg pryda Brandenburger Tor, midt i Berlin, midt i den byen der Holocaust-planen ein gong vart unnfanga, utvikla og fødd. Slik syner tyskarane i dag solidaritet med Israel og det jødiske folket. Det same skjer forresten i mange hovudstadar i Europa, berre ikkje i Oslo. Kvifor det? Vel, Noreg har alltid hatt ein vanskeleg høve til det jødiske folket. Det inngrodde jødehatet som kom til uttrykk i Grunnlova i 1814 har aldri heilt sloppe taket i oss. Men det er verre no enn på lenge. Arbeiderpartiet som, i Håkon Lie si gylne tid, var varme tilhengarar av, og støttespelarar for, staten Israel, har i dag lett for å kritisera og fordømma landet.  Og statskanalen NRK har sjeldan noko fulltonande godt å seia om Israel og israelarar. Her er det lite forståing å henta. Det handlar for det meste å setja landet og folket i eit dårleg lys. Kvifor det? Er det journalistane sine personlege antipatiar som skin gjennom?

Som kristen kyrkje sørger me djupt over det store tapet som Israel no har lide. Me har lett for å identifisera oss med dette landet og dette folket som vår kjære Herre og frelsar ein gong kom frå, og som han framleis ser på som sitt eige. Mange tusen i Israel har dei siste åra kome til tru på Yeshua Mashiach (som dei kallar Jesus), og dette er blitt ei rørsle som ikkje kan stoppast. Heile nasjonen skal med.  

Men me ber også for det palestinske folket i Gaza og på Vestbreidda. Dei er elska av den same Gud og frelsar som oss, og inneslutta i den same frelse som alle andre. Me går imot alt hat og nedlatande omtale av dette folket, og ber om at lidingane deira skal ta slutt, at dei skal få seg rettsindige leiarar som sluttar fred med Israel, og som går saman med det jødiske folket og ikkje i mot dei. Det vil bli til velsigning for dei, og for alle. I Bibelen (Jesaja 19) ser me faktisk spor om at ei slik tid ein gong vil koma. Det ser me saman med alle som trur på Bibelen fram til med stor entusiasme.

fredag 29. september 2023

Nådegåveutrustning del 1

 "Ten kvarandre, kvar og ein med den nådegåva han har fått, som gode forvaltarar av Guds mangfaldige nåde. Den som talar, må tala som Guds ord. Og den som tener, må tena med den styrke Gud gjev. Slik skal Gud i eitt og alt få ære, ved Jesus Kristus. Han tilhøyrer herlegdomen og makta i all æve! Amen." 1.Pet.4,10-11. Når Gud gjev ei nådegåve er det ikkje for å styrka den enkelte sitt ego, men for at me skal kunna vera kvarandre til hjelp, og for at Gud skal få ære. Difor er nådegåvene ulike. Likevel er det to gåver som skil seg ut, og det er tungetalen som i hovudsak, i følgje Paulus, er gjeven til eiga oppbygging, og det er jo viktig.. Og så er det den profetiske gåva som han (og Moses) ønskjer for alle truande, rett og slett fordi inga nådegåve byggjer kyrkjelyden som denne. Difor ber han oss i 1.Kor 14,1 å streba etter dei største nådegåvene, men mest etter å tala profetisk. Så lat oss be Gud inderleg om denne gåva både for oss sjølve og for kvarandre.

Grensene for kristen einskap

 "Me kan vel stå saman som kristne sjølv om me ikkje er einige i alt", heiter det gjerne. Og svaret på det er både ja og nei. Det kjem nett an på kva det er snakk om. Einskap må vera basert på sanning, og nokre sanningar veg tyngre enn andre. For meg er det viktige at mine samarbeidspartnarar

1) har Bibelen som den einaste kjelde til kva me skal tru, og korleis me skal leva, og som meiner at dersom me skal finna fram til semje i dogmatiske og etiske spørsmål, så må det vera ut frå ærleg arbeid med Bibelens tekstar,
2) sannar at Jesus er sann Gud og sant menneske komen i kjøt og blod,
3) trur at Jesus døydde for våre synder og stod opp til vår rettferd,
4) og at Han er den einaste vegen til Far og himmellukka,
5) forkynner at menneska blir evig frelst ved å venda om frå sine synder og tru på Jesus som Guds Son og verdas frelsar.
Og i tillegg:
I vår tid då det brenn kraftig på samlivssektoren, vil eg avgrensa mitt samarbeid til dei som hevdar at det fysiske seksuallivet utelukkande høyrer heime i det livslange ekteskapet mellom ei kvinne og ein mann, og som hevdar at all tale om ein tredje kjønnskategori, flytande kjønn, kjønn som ei subjektiv kjensle, den ville og umogelege tanken om "å vera fødd i feil kropp" osv. ikkje kan sameinast med Bibelens lære, og difor ikkje kan hevdast korkje i forkynning, opplæring eller sjelesorg.

Kristen einskap del 2

 I Johannes 17 ber Jesus for heile si kyrkja si fram til han kjem att for å henta ho heim til seg sjølv. Og han ber m.a slik: "Eg bed at dei alle må vera eitt, slik du, Far, er i meg og eg i deg. Slik skal dei òg vera i oss, så verda skal tru at du har sendt meg." Her ser me det: Einskapen mellom kristne innafor eit lokalt overkomeleg område er ein av nøklane til samfunnsvekking. For når verda ser einskapen (berre lokal einskap kan vera synleg), så vil dei koma til å tru. For eit kraftig insitament for alle kyrkjelydsleiarar til å koma saman og leggja til rette for nære relasjonar mellom truande i dei ulike forsamlingane. Og det er mange gode ting kyrkjelydane kan gjera saman. Eg tenkjer på bønedagar, lovsongskveldar, evangeliseringsaksjonar, og senda folk ut for å gjera godt. Vil me samfunnsvekking? Då må me lytta til Herren Jesus og lyda han. Me er naturleg proteksjonistiske, synst best om vårt eige og vil bruka tid å krefter på å utvikla dette. Men her syner Herren oss sin veg.

Kristen einskap del 1

 I Johannes 17 ber Jesus om at disiplane hans må vera eitt slik som han og Far er eitt. Dette er ei sterk bøn. Kan du tenkja deg ein sterkare einskap enn den som er mellom Faderen og Sonen? Sjølvsagt ikkje. Og så til neste punkt: Å vera kristen er, gjennom dåp og tru å vera innpota i denne guddommelege einskapen. "Eg er det sanne vintreet, og de er greinene," seier Jesus i Johannes 15,5. For ein privilegium me er blitt tildelt. Dette gjer oss glade. Men me må innsjå at me som kristne, trass i Jesu inderlege bøn, er splitta opp i mange fraksjonar. Fordrar denne bøna noko av oss? Ja, for einskap kjem ikkje av seg sjølv. For hadde einskap kome av seg sjølv, trong ikkje Jesus å be. Einskapen må kjempast for. Og den viktigaste kristne einskapen er den me kan etablera i lokalsamfunna. Og her kviler eit særleg ansvar på pastorar, prestar og forsamlingsleiarar. For dersom desse ikkje kjem saman og inviterer medlemmene til felles lovsong, bøn og undervisning, vil medlemmer i ulike fellesskapa finna saman og etablera tverrkyrkjelege subgrupper utanfor kyrkjelydane. Det skjer fordi dei oppdagar kvarandre og blitt glad i kvarandre. Men eg er ganske overtydd om at Jesus ville at all denne kjærleiken mellom dei truande på ein plass skulle få utfalda seg ved at kyrkjelydane står saman for å kunna gje eit meir fulltonande bilete av Jesus for befolkninga elles, for det er kyrkjelyden som er hans kropp. Vel, eg skriv litt meir om Johannes 17 og den kristne einskapen i morgon. Ha ein strålande dag. Søk Gud, lev sterkt og ver snill.

Hyrdesinnet

 Det er fem ulike leiartypar i kyrkja, skriv Paulus i Ef 4: Apostel, profet, evangelist, hyrde og lærar. Dei har kvar sin funksjon. Likevel er det grunn til å påpeika at Jesu hyrdesinn må vera til stades som ei berande kraft både hos apostelen, profeten, evangelisten og læraren. Peter var sjefsapostel. Kva var hans oppgåve? Å fø lamma, vakta sauene og fø sauene, altså hyrdeoppgåver (Joh.21). Ein hyrde er oppteken av den enkelte kristnes ve og vel. Apostlar og profetar osv. blir mest oppteken av si eiga teneste dersom dei manglar hyrdesinn, og vil gjerne bli lagt merke til av mennesker. Har dei alt fått si løn?

Den gode hyrdingen

 "Eg er den gode hyrde," seier Jesus i Johannes 10, og for jødane var det ingen tvil om kva han meinte då han sa desse orda. Dei høyrde i sitt indre både Salme 23,1 der David seier: "Herren er min hyrde", og Esekiel 34,11 det Gud seier: "Eg vil sjølv leita etter sauene mine og ta meg av dei." Jødane var ikkje i tvil: Jesus identifiserte seg sjølv som den Herre og Gud som talar, og som det vert tala om, i Det gamle testamentet. Og heile Det nye testamentet byggjer på vedkjenninga av Jesus som Herre. Han er JHVH, skaparen av himmel og jord, og det er det han er. Og alle som anerkjenner han som sann Gud, blir tilgjevne alle sine synder og anerkjente som Guds barn i himmelen. Storarta.

Kristent leiarskap del 2

 Alle kristne kjenner Jesus som "den gode hyrdingen". Han oppsøkte oss, frelste oss ut av synd, skuld og skam og tok oss med til Farshuset der me no kan leva som lukkelege barn av Gud.

Jesus er eit førebilete for alle kristne, men i særleg grad for pastorar, og her er hyrdemetaforen sentral. Kva er oppgåva til ein hyrde? Stillingsbeskrivelsen finn me ved å lesa Esekiel 34
1) Styrka dei svake
2) Lækja dei sjuke
3) Forbinda dei skadde
4) Leita opp dei bortkomne
6) og føra dei til "feite beitemarker".
På ein måte er dette oppgåver for alle truande, men i særleg grad for pastorar. Og dersom ein eller annan pastor les dette, vil eg oppmoda deg om å sjekka tenesta di opp mot denne lista kvar dag for å sjå om du held på med dei rette tinga.
Det ligg til hyrden at han samlar "sauene" sine rundt seg. Ein pastor samlar dei også, men ikkje rundt seg sjølv, men rundt Jesus, sjølve overhyrdingen. Det er jo Han me tilber, ærar, elskar og tener. Det er Han det handlar om, det er Han som har verdi og som gjev alle oss andre verdi.

Kristent leiarskap del 1

 Bibelen legg umåteleg stor vekt på verdien av godt leiarskap. Leiarane i kyrkja står som ein vegg mot dei vonde åndsmaktene for å verna dei truande mot dødbringande demoniske åtak. Ingen treng forbøn som dei. Dersom denne muren sprikk opp, opplever medlemmene i kyrkja tunge åtak av tvil, freistingar og mismot. Det ser me dessverre meir enn nok av i vår tid. For å bøta på feil, må me alltid attende til Bibelen og bli kalibrert på det som Gud har openberra gjennom apostlar og profetar. Og skal me finna ein god modell for åndeleg leiarskap i kyrkja, må me studera pastoralebreva: Paulus sitt 1. og 2. brev Timoteus og Titus brev. Kva ser me der?

Jo at kyrkjelydane vart styrte av eldste og diakonar. Det er ingen grunn til å tru at andre modellar for kyrkjeleiing er betre enn denne. Dei eldste var "hyrdar" for flokkane, og hadde ansvaret for undervisning og rettleiing. Dei vart på gresk kalla presbytos (eldste) eller episkopos (tilsynsmann), og desse omgrepa vart brukt om einannan (kyrkjemøter, prostar, kapellanar og andre snodige nemningar finn me ingenting av i Bibelen). Diakonane hadde hovudansvaret for hjelpetenester og økonomi, men var også gjerne ivrige forkynnarar, som Stefanus. Både eldstebrørne og diakonane vart ordinerte til teneste meir ut frå etiske parameter enn karismatiske. Etter det eg kan forstå sto dei i teneste på ubestemt tid, helst på livstid. Slik representerte dei ein kontinuitet i dei truande sine liv. Me ser i Bibelen aldri teikn til eit presteskap som i GT der presten er ein mellommann mellom Gud og kyrkjelyden (som i den katolske kyrkja), eller superpastorar som høyrer frå Gud for alle dei andre. Nei, det er tydeleg at leiarskapet skulle vera kollektivt, noko Jesus også må ha meint sidan han peika ut 12 apostlar med lik status til å leida den første kyrkjelyden i Jerusalem. At Peter var ein talsperson for dei alle, endra ikkje noko på dette. Eg meiner difor at det vil vera godt om alle kristne samfunn eller fellesskap går attende til Bibelens modell for leiarskap, og at kvar lokal kyrkjelyd styrer seg sjølv og kallar sine eigne leiarar (eldste og diakonar) utan tvang frå overordna organ.

Eit nytt bod gjev eg dykk

"Eit nytt bod gjev eg dykk: De skal elska kvarandre. Som eg har elska dykk, skal de elska kvarandre. På det skal alle skjøna at de er mine læresveinar: at de har kjærleik til kvarandre.» Johannes 13,34-35. Her skildrar Jesus "samfunnet av dei heilage" slik som han ville det skulle vera: så lyst, nært og varmt at det tiltrekker seg folk frå alle kantar. Ingenting er så evangeliserande som ein kristen kyrkjelyd der Kristi oppofrande kjærleik pregar relasjonane mellom folk. Og er ikkje dette på plass, vil eg tru at all annan evangelisering vil ha avgrensa effekt. 

Eit samfunn av dei heilage

 Når den apostoliske truvedkjenninga spanderer to setningar på kyrkja, må dei første kristne ha sett på henne som det viktigaste i tilværet utanom Gud sjølv. Og det har dei god dekning i Bibelen for å gjera. Kva lærte dei oss om kyrkja? At ho er heilag og allmenn (katolsk), og då er det snakk om den verdsvide kyrkja, altså alle kristne i alle land. Heilag, fordi medlemmene er tilgjevne og reinsa frå all synd ved trua på Jesus, allmenn fordi ho er open for alle. Den neste setninga: "samfunnet av dei heilage" meiner eg handlar om den lokale kyrkjelyden. Ingen kan ha samfunn med alle kristne i heile verda, men me kan ha samfunn med kvarandre lokalt. "Samfunn" er eit langt sterkare ord enn "fellesskap". Fellesskap kan vera prega av ganske svake bindingar. Men "samfunnet av dei heilage" handlar om sterke bindingar mellom personar som trur på Jesus, som har forplikta seg på å ta vare på kvarandre, og som, under leiing av lokale hyrdar, saman vil gjera Jesus kjent for verda. Den lokale kyrkjelyden er Jesu organisasjonsmodell for sitt rike på jord. Korleis kan de då ha seg at kristne i dag lagar seg sine eigne modellar som dei trur fungerer betre?

Ei heilag, allmenn kyrkje

 God søndag. I dag tenkjer eg på den apostoliske truvedkjenninga artikkel 3. der det står at "eg trur på Den heilage ande, ei heilag allmenn kyrkje, eit samfunn av dei heilage...." Er ikkje dette smått utruleg at dei første kristne fann grunn til å proklamera for kvarandre og verda at dei trudde på KYRKJA i ei vedkjenning der dei ville oppsummera trua på GUD? Men desse truande hadde forstått noko vesentleg. Då Paulus reiste til Damaskus for å arrestera kristne og møtte Jesus som ein vegg utanfor byporten, fekk han spørsmålet: "Saul, Saul, kvifor forfølgjer du MEG?" Jesus er så eitt med kyrkja si at dei som forfølgjer henne, forfølgjer han. Ho er hans kropp, og kvar enkelt kristen eit lem på denne kroppen. Saman utgjer me eit meir eller mindre klårt bilete av Kristus, alt etter tilstanden i kyrkjelyden med tilhøyrer. Det skulle oppmuntra oss til å leva nær til Jesus og til kvarandre. Kristne som vil leva nær til Jesus, men som vil kjenna seg frie i høve til kyrkjelyden, koma og gå som det høver seg, er på feil kurs. Dei er armar og bein på sjølvstyr.

All reactions:
Marit Aas, Kjersti Karlsen og 9 andre

På dette fjellet vil eg byggja mi kyrkje

 Matteus 16,18: "og på dette fjellet vil eg byggja mi kyrkje!" Kva gjer Jesus? Han byggjer si kyrkje. Korleis gjer han det? Ved å byggja lokale kyrkjelydar. Og så eit viktig poeng: Paulus definerer seg sjølv og venene sine som "Kristi medarbeidarar". Difor planta dei kyrkjelydar overalt der dei forkynte evangeliet. Nokon annan måte å organisera Guds rike i verda på kjende ikkje den store apostelen og teama hans. Er du ein Kristi medarbeidar? Då veit du kva du har å gjera, du også: Vera aktivt med i ein disippelgjerande kyrkjelyd som har planting av nye kyrkjelydar på programmet sitt. Organisasjonar og kristne foreiningar har sin verdi, men erstattar dei den lokale kyrkjelyden, då har det skjedd ein feil.

mandag 14. august 2023

Når kristne kyrkjer motarbeider Gud

 Me som er kristne står alle i fare for å motarbeida Gud. Det skjer kvar gong me bryt boda hans. Det skulle ikkje skje, men det skjer, og kvar gong er det noko som vert øydelagt.

Men når me innrømmer feila våre, kan Gud for Kristi skuld tilgje oss, og så kan me jo prøva å retta opp så mykje som mogeleg av den skade me har gjort.  

Men alt blir annleis når me ikkje lenger vil godkjenna Guds bod i Bibelen som Guds. Då ser me ingen grunn til å innrømma noko som helst, tilgjeving er irrelevant, og me finn heller ingenting å retta opp i.

Alle som annullerer Guds lover, motarbeidar Gud på ein langt meir alvorleg måte enn dei som bryt lovene og innrømmer skuld.

Guds reglar for samliv mellom kjønna har Guds kyrkje alltid sett på som gode, sanne og tenlege. Ekteskapet mellom mann og kvinne vart innstifta i Edens hage før syndefallet då Gud sa: «Difor skal mannen forlata far sin og mor si, og halda seg til kona si og dei to skal vera eitt kjøt.» Seinare la Gud ned forbod mot likekjønna samliv, og likekjønna ekteskap er difor ikkje ein gong eit tema i Bibelen.

Men for den kristne kyrkja i dag er det derimot blitt eit stort tema, ikkje lansert av Gud, men av dei homofile sine organisasjonar. Den norske kyrkja og Metodistkyrkja har begge endra syn. Begge kyrkjesamfunna aksepterer no likekjønna ekteskap, og det som Bibelen ser på som gale, ser desse kyrkjesamfunna på som rett. Slik er dei komen i konflikt med Bibelens Gud. Og sidan dei prøver å få folk til å tru at Gud i dag aksepterer det han på bibelsk tid la ned forbod mot, blir dei forføreriske, og streng er den domen som Kristus fell over dei som forfører menneska.

Det er mitt høgaste ønskje både for Den norske kyrkja og Metodistkyrkja ein dei ein dag vil venda om frå si ubibelske lære, sørgja over løgnene sine og søkja nåde og frelse ved foten av Kristi kross.  

Ingen har grunn til å setja seg på sin høge hest. Me er som kristne feilande, sårbare og påverkelege menneske. Utan Gud og hans nåde er me ingenting. Lett kan me koma til å påstå at Gud står for noko han ikkje står for, og lett er det for oss å teia still om saker og ting me veit er rett å snakka om, men som vil skapa vanskelege kjensler og reaksjonar i folk. Me er jo snille folk, og vil jo ikkje at nokon skal ha vonde kjensler. Men i møte med Gud er det umogeleg å unngå vonde kjensler når han påviser for oss at livskursen vår er feil, og at me vil gå fortapt dersom me ikkje tek sjølvkritikk og vender om til han og hans rettsoppfatning. Framleis kallar Jesus oss til å følgja seg, til tider gjennom svært krevjande terreng då det kostar meir å følgja han enn det smakar. Men ulikt alle andre vegar, er dette den einaste som fører fram, og det er eit viktig poeng.

søndag 30. juli 2023

I dag handlar Olsok om rekristninga av Noreg.

I går feira me olsok til minne om at Olav den heilage døydde på Stiklestad. Det er ikkje så mange nordmenn som bryr seg om å feira olsok lenger, men nokre av oss heiste flagget. Olav Haraldson skal visstnok ikkje ha levd med så høge moralske krav til seg sjølv under sitt jordiske kongeliv, men då det skjedde mirakler (jærteikn) rundt liket hans, vart han fort helgenforklart. Men det skal Olav ha: I 1024 innførte han kristne landslover i Noreg (som skal feirast etter alle kunstens reglar på Moster til neste år, og eg gler meg), utrydda avgudsdyrkinga og kravde av undersåttane sine at dei skulle be til "den kvite Krist", altså Jesus fra Nasaret. Dette skapte eit stort skilje i historia. Kyrkjer skulle byggjast, prestar innsetjast, folket få kunnskap om den Gud som skapte himmel og jord, polygamiet vart avskaffa, slavar kunne få fridom, søndagen vart ein kviledag for alle og det vart forbode å setja funksjonshemma barn ut til villdyra. Kristninga av Noreg var for alvor i gang.

Men det hadde jo vore i gong ei stund. Munkar frå England hadde stranda på vestlandskysten, og hamra ut og sett opp steinkrossar i mange bygder, m.a. på Haugalandet.


 

Håken den gode hadde sikkert hatt med seg nokre av dei, og sjølv om han følte at han mislukkast med kristninga si, sette han djupe spor etter seg.  



Olavs død på Stiklestad såg ut som eit nederlag, men Gud snudde det til siger for landet. Olav vart Noregs evige konge under Kristus.

I dagens samfunn er dette imidlertid kun ein kuriositet. Kristus har i røynda mista autoritet over det norske folk, både over kvarmannsen, Stortinget, regjeringa, domstolane, pressa, helsevesenet og utdanningssystemet. Kva han måtte meina om saker og ting er i\uinteressant for dei fleste, og Bibelen med all sin storarta visdom blir i liten grad lesen. No er det framande "gudar", ideologiar og normer som rår grunnen.

Noreg er blitt verdas mest sekulariserte land, blir det sagt, der kun 10% trur at Jesus har stått opp frå dei døde og lever i dag.

Me kan trygt seia at Noreg er blitt eit misjonsland i den forstand at nordmenn flest ikkje har den kunnskapen om Gud som er naudsynt for at dei kan bli frelst.

Difor må no kvar norsk kyrkjelyd framover sjå på seg sjølv som ei misjonsrørsle. Det handlar om å kjenna Kristus og å gjera han kjent, som Ungdom i Oppdrag uttrykkjer det i sitt motto.

I dag handlar olsok ikkje om kristninga av Noreg slik den hende for tusen år sidan, men om rekristninga av landet vårt. Det er den utfordringa som møter oss kristne i dag, og denne kristninga skjer ved å disippelgjera kvar enkelt nordmann. Her må me innstilla oss på å gå grundig til verks. 

søndag 16. juli 2023

Ny meiningslaus setning frå priderørsla blir hylla som klokskap på øvste nivå

 Talsmenn for priderørsla seier gjerne at "ingen er fri før alle er fri". Det er ein ganske merkeleg setning. Kan han vera sann? Nei, sjølvsagt er han ikkje det. Norske fengsel må jo ikkje tømmast før nordmenn flest skal kunna føla seg som frie menneske. Det er i grunn rart at slike meiningslause setningar kan presenterast som ein slags form for nyvunnen innsikt. Kva tyder forresten fridom i pridesamanheng? Truleg at alle skal føla seg fri til å leva etter lystene sine utan å støyta mot moralske grenser. Men det er ikkje fridom. Tvert om. Dei som lever etter sine lyster, vert slavar under lystene sine, seier Bibelen, lyster som driv dei inn i ein egosentrisk livsstil som er destruktiv både for dei sjølve og for andre som dei involverer i livsstilen sin. Den sanne fridomen får me når me overgjev liva våre til Jesus Kristus, og innordnar oss etter hans lover og bod. Jesus frelser oss frå oss sjølv, og det treng me.

søndag 2. juli 2023

Oslo Pride

 I går gjekk tusenvis av utspjåka menneske i pridetog i gatene i Oslo. Dei feira og var glade. Kva feira dei? Kjærleik og mangfald. Det sa alle, inkludert statsminister Jonas Gahr Støre og høgreleiar Erna Solberg. Men me må vel i sanningas namn presisera at dei i røynda feira den skeive kjærleiken, og når det kjem til mangfald, handlar det om seksualitets- og kjønnsmangfald. "Alle må få elska dei dei vil, og alle må vera dei dei er," høyrde me gjenteke sagt mange gongar. 

Kva handlar dette eigentleg om? Sex utan normer, grenser og plikter, om flytande kjønn, om kjønn som sosial konstruksjon, om divergens mellom biologisk kjønn og kjønnsidentitet, om retten til å leva polyamorøst, om sadomasochisme, om retten til sal og kjøp av sex, om pornografi, om dragshow for barn, om surrogati og menneskehandel, om pubertetsblokkarar gjevne til friske ungdomar, og irreversibel kirurgisk "kjønnsbekreftande" behandling som mange angrar, om lovforbod mot å hjelpa folk til å fungera i samsvar med sitt biologiske kjønn, om kvinner som kallar seg menn og som krev at eg og alle andre også skal kalla dei menn, om menn som skal ha rett til å  kalla seg kvinner utan at nokon har lov å problematisera det, om biologiske menn som krev å få delta i kvinneidrett og krev å få dusja saman med kvinner, og frå min kristne posisjon: strengt tatt om ein kamp mot Gud og hans bod. Dette var det norske toppolitikarar promoterte i går, og som dei promoterer kvar einaste dag ved å finansiera dei skeive organisasjonane med millionvis av kroner. Dette løftar dei fram som noko storarta, sjølv om dei har vedteke lovforbod mot kjøp av sex, surrogati og polygami. Korleis kan dei då smilande hylla dette? Er det eit spel for galleriet?  

Ja, og det heiter valkamp og stemmefiske. Det var meir enn tydeleg, i alle fall frå Høgre si side. Erna Solberg har lenge sett på denne moderne formen for kjærleik som ei politisk vinnarsak, og brukar honnørorda om kjærleik og mangfald så ofte ho kan, samstundes som ho kamuflerer at det er ting her som ho er sterkt imot. I staden gjev ho inntrykk av at alt handlar om kjærleik og mangfald. Det er skuffande. 


onsdag 21. juni 2023

Forføring

 Eg startar i dag med eit sitat frå boka over alle bøker: «Det må koma forføringar, noko anna er ikkje råd. Men ve den som forføringane kjem ifrå!  Det var betre for han å bli kasta i havet med ein møllestein om halsen enn at han skulle lokka ein av desse små til fall. Ta dykk i vare!» Lukas 17,1

Kva er forføring? Det er å lura folk inn i noko som er galt ved å gje inntrykk av at det er rett og bra og nyttig. I våre dagar kjem forføringa til oss gjennom skeive organisasjonar som på tusen måter påverkar barn og unge til å leva liva sine isolert frå Gud og hans gode bod. I dag får skeive organisasjonar fri tilgang til elevar i norsk skule med ein bodskap som seier at gutar kan vera jenter, og jenter gutar. Dei lærer barna at kjønn ikkje har noko med kroppen din å gjera, men kva du føler deg som. Difor kan jenter ha penis og gutar vagina. Og det går an å vera fødd i feil kropp, blir det sagt.

 Problemet med dette er at dette ganske enkelt er vanvittig store og feite løgner som nokon får lov å presentera for barna og barnabarna våre i statens namn. Hadde det vore ein eller annan sjuk person som lanserte desse teoriane, hadde me plassert det der det høyrer heime: i psykiatrien. Men dette er jo den norske stat. Korleis kan me ha hamna her? Det er meg ei gåte. I alle fall har me sove i timen.

Det dukkar opp nye ord i dette universet. Eitt av dei er kjønnsdysfori. Det handlar akkurat om dette at eit barn ikkje føler seg heime i sin eigen kropp, noko som så blir lagt til grunn for ein omfattande irreversibel behandling med pubertetsblokkarar og kirurgiske inngrep. Og så må me spørja: Kan det tenkjast at Rosa kompetanse faktisk gjennom sin kontakt med barn og unge inspirerer dei til å tenkja slik om seg sjølv, at denne organisasjonen er ein katalysator, ja, ei «smittekjelde» for kjønnsdysfori?  Ja, det er mi meining. Barn let seg lett påverka, og akkurat det er ikkje noko sjokkmelding.

Kulturminister Trettebergstuen har lagt  fram eit lovforslag mot såkalla konverteringsterapi der ho lovar 3 til 6 års fengsel for den kristne som ber for ein skeiv med tanke på at han skal endra legning.

Det å behandla unge menneske med pubertetsblokkarar bejublar ho, likeeins kirurgiske inngrep der dei fjernar bryst hos jenter og genitalia hos gutar. Slike omfattande og alvorlege inngrep blir ikkje kalla konverteringsterapi, men kjønnsbekreftande behandling. Ord er makt. For nokre hyklarar desse politikarane er. Blir lova vedteken, er det kirurgane og fastlegane som først bør koma i fengsel.

Pride er eit slikt forførande prosjekt. Gud har definert ekteskapet mellom mann og kvinne som ramma rundt menneske sitt seksualliv. Pride fnys av dette og forkynner at all sex er like bra, og at det eit brotsverk å hevda noko anna.

Pride snakkar om kjærleik og mangfald. Men dette er berre honnørord. Kjærleik er i følgle priden alle former for erotikk, og mangfaldet er kjønnsmangfald. Punktum.

I mange år har me høyrt at «kjærleik er kjærleik». Det er omtrent like intelligent å seia som at «fugl er fugl» og at «fisk er fisk» , utan å ta omsyn at det finst ørn og spurv, brisling og hai.

Den høgaste form for kjærleik er den som kjem til uttrykk når nokon ofrar si eiga lukke til fordel for ein annan. Eller som Meisteren sa det: «Ingen har større kjærleik enn den som gjev livet sitt for sine vener!» Han snakka om seg sølv. Då Kristus leid og døydde for menneskeslekta var det den usjølviske kjærleiken som på gresk blir kalla agape som dreiv han. Når folk ofrar godene sine for å gjera livet godt for andre, er det sann kjærleik. Den er ikkje erotisk. Kjærleiken som foreldre kjenner for barna sine er heller ikkje av den erotiske sorten, ei heller søskenkjærleiken. Å ropa ut at «kjærleik er kjærleik» er både usant, fordummande og forførande.

Gjennom pride vender den førkristne fruktbarhetsreligionen attende til Europa, i Bibelen representert med Baal og Astarta, i gresk mytologi med Artemis (Diana) og i romersk religion av Venus. Før vikingtida kom denne trua til Noreg gjennom gudinna Frøya. No kjem ho att i priderørsla. Den gamle fruktbarhetsånda var ikkje død. Bibelen kallar ho for Jesabels ånd, og dronning Jesabel som levde rundt 700 år før Kristus drap profetane som tala mot henne. No er ho attende, hard som flint.

fredag 16. juni 2023

Er retten til å elska den ein vil ein menneskerett?

 I juni månad blir det stadig repetert for oss at det er ein menneskerett å elska den/dei ein vil.

Men dette stemmer jo ikkje. Menneskerettsfråsegna inneheld 30 artiklar, og ingen av dei handlar direkte om seksualitet. Det næraste me kjem er artikkel 16 som garanterer alle vaksne kvinner og menn rett til å gifta seg og stifta familie, og her må me forstå fråsegna slik at ei kvinne har til å gifta seg med ein mann og få barn med han og vise versa. Likekjønna ekteskap var jo heilt uaktuelt i 1948, og heilt ute av synsvidda.

Korleis kan då sentrale politikarar i Noreg framleggja skeive sine rettar som grunnleggjande menneskerettar? Dei kan jo ikkje det.

Ut frå norsk lov har skeive alle dei rettar som ikkje-skeive har. Men norsk lov er ikkje ein del av menneskerettane sjølv om menneskerettane er ein del av norsk lov. Dette er ein viktig distinksjon.

Etter norsk lov kan altså alle i Noreg elska dei dei vil. Den kampen er vunnen for lenge sidan. Men det er ikkje ein menneskerett.

Kvifor skal då dei skeive okkupera ein heil månad i året for å kjempa for rettar dei alt har fått? Svaret synest å vera at dei er blitt ei politisk rørsle som ønskjer å ta samfunnet i ein ny retning, og i alle fall redusera den krafta dei kristne normene tradisjonelt har hatt i samfunnet. Her ser det ut til at dei har gode allierte i Human Etisk Forbund, Den norske kyrkja og faktisk hos dei fleste av Stortingspartia, KrF inkludert.

Som kristen minoritet står me fast på at seksuallivet høyrer heime innafor ekteskapet mellom ei kvinne og ein mann. Det tener oss best. Me trur både på Gud og Bibelen, og meiner at Skaparen åleine har definisjonsmakta på rett og galt. Han vil oss berre det beste, og gav oss boda sine for å verna oss mot det vonde, og boda hans gjev både visdom og lukke for dei som følgjer dei.  

mandag 12. juni 2023

Krig mot Gud

 Pride er krig mot Gud. 

Alle rørsler som glorifiserer synd, krigar mot Gud.

Slike krigar vil dei tapa, og dei taper seg sjølv. 

torsdag 1. juni 2023

Kva i alle dagar står priderørsla for?

Talsmenn for priderørsla seier at ho handlar om mangfald, inkludering, kjærleik og fridom, og reknar det som ein sjølvsagt ting at alle stiller opp, går i pridetog og feirar desse flotte verdiane

Men honnørord er alltid upresise og seier lite. Kva betyr fridom i denne settingen? Jo, grenselaust sex mellom kven som helst nær sagt kor som helst. Lenkene ein skal fri seg frå er dei gamle kristne normene, eller det som vert kalla "heteronormen" som er heilt vanleg i samfunnet langt utanfor kristne samanhengar. Pride fører ein kompromisslaus kamp mot tanken om at sex eksklusivt høyrer heime i ekteskapet mellom kvinne og mann. Alt som luktar av kristendom får fiendestatus og blir karakterisert som skadeleg for menneska, og dei er mest interesserte i å kvela røyster som hevdar at Bibelens verdiar som sanne og sunne, og det sjølv om alle veit at Bibelens lære om dette gjennom tusenvis av år har vore ein sann suksess. 

Kva betyr mangfald? Jo, at det ikkje eksisterer berre to kjønn, men fleire titals. Kjønn er ikkje berre biologi, blir det sagt, men psykologi, det handlar om kva eit menneske føler seg som, om det då har føresetnad for å vita kva dei føler seg som. Men psykologisk kjønn er svada. Kjønn er og blir biologisk, og tener forplantninga. 

Det blir frå det hald også påstått at kjønn er flytande, og ein person ikkje treng vera same kjønn heile livet. Alt slikt snakk er jo berre fri fantasi. 

Men dette er det Erna Solberg, Jonas Gahr Støre, Raymond Johansen, Anette Trettebergstuen og dei fleste prominente personane med makt inkludert heile landets politikorps vil ha folk til å tru. Og kven torer opponera? 

Kva meiner priderørsla at kjærleik er? Vel, det er vel ingen tvil om at dei samanblandar kjærleik med ein hedonistisk livsstil der det handlar om å nyta utan omsyn til sunne moralske grenser. Det er ein egoisme i dette som er enorm. Sann kjærleik handlar nemleg ikkje som seksuell nyting, men om nestekjærleik og om det å tena sine medmenneske. Kjønnskjærleik er berre ein liten del av kva kjærleik er. Den edlaste kjærleiken er den som syner seg hos ein person som set andre si lukke framfor si eiga lukke.

Men pride vil at barna skal ta til seg deira sett med verdiar, og "skeive" organisasjonar snakkar om at ganske små barn kan vera lesbiske, homofile eller trans, og dei må møtast på dette heilt frå dei begynnar i barnehagen. Kva er dette? Kven er det som stilla ein slik "diagnose" på eit lite barn? Med kva rett skjer dette? Kva kompetanse har desse folka til å vurdera eit barns seksualitet i ein alder då alt dette ikkje betyr noko som helst for barnet? Kjære folk, barnehagebarn er jo ikkje ein gong i nærleiken av å koma i puberteten. Er det ingen vaksne heime her? Me er for tida vitne til at det blir gjort mentale overgrep på små barn i statens regi. 

Og enno verre er det at små barn blir oppmuntra til å finna ut kva kjønn dei er, for det er ikkje sikkert at dei er det kjønnet dei trur dei er og som "legen gav dei då dei vart fødde." Og det kan jo henda at dei er fødd i feil kropp, og at dei kanskje bør skifta kjønn. Korleis i all verda kan det skje? Slikt sludder er det pride står for. Og alle klappar og feirar. Men det er ingenting å feira. Absolutt ingenting. Men det er all grunn til å åtvara mot desse folka og heiagjengen deira. 

Pride har lege beslag på juni månad då dei på dagleg basis er veldig påtrengande. Det er litt av ein bragd. Men så jobbar dei flittig for å nå målet sitt, kva no det enn måtte vera. 



Pride og menneskerettane

Priderørsla hevdar ofte  at LHBTQ+-personar får dei grunnleggjande menneskerettane sine krenka i dagens samfunn. Men det stemmer ikkje. Det er ingen artiklar i FN si Menneskerettsfråsegn som sikrar spesielle rettar til LHBTQ+-personar. Seksuelle rettar er ikkje nemnde i det heile tatt faktisk. Det einaste som kan minna om dette er artikkel 16 som sikrar ei vaksen kvinne og ein vaksen mann å gifta seg med kvarandre og stifta familie om dei ønskjer det. 

LHBTQ+-personar har rettar i det norske samfunnet, men dette er særrettar nedfelt i norsk lov, men ikkje i Menneskerettsfråsegna. Det er viktig å få presisert dette. 

Menneskerettsfråsegna artikkel 16

  1. Vaksne menn og kvinner har rett til å gifte seg og skipe familie utan avgrensing av noko slag på grunn av rase, nasjonalitet eller religion. Dei har krav på dei same rettane når det gjeld ekteskapet, både så lenge ekteskapet varer og medan det blir løyst opp.
  2. Ekteskapet må berre kome i stand etter fritt og fullt samtykke frå begge partar.
  3. Familien er den naturlege og grunnleggjande eininga i samfunnet og har krav på at staten og samfunnet vernar om det.

Del 1 av denne menneskeretten blir dagleg krenka i Noreg sidan flyktningar ikkje kan gifta seg utan å ha fått lovleg opphald. Derimot kan dei leva som om dei er gifte. Det er det ingen som bryr seg om. Men for nokon er det utenkjeleg å leva saman som gifte utan å vera det. Desse blir blir av den norske stat frårøva verdifulle år som familiefolk.  

Retten til å gifta seg gjeld på tvers av religiøse, etniske, nasjonale og kulturelle skiljelinjer. Dette er eit ideal som blir krenka over alt i verda, ikkje minst i India der det nærast er utenkjeleg at ei kvinne skal kunna gifta seg med ein mann som kjem frå ein lågare kaste i samfunnet, sjølv om kastesystemet er forbode ved lov. 

Vidare er det også utenkjeleg for ei muslimsk kvinne å gifta seg med ein kristen mann, eller ein mann frå kva som helst annan religion for den saks skuld. Så me forstår at dette er ein høgaktuell menneskerett. 

Del 2 av denne artikkelen blir broten i mange land der unge jenter blir tvinga til å gifta seg med eldre menn. Det er titusenvis av slike menneskelege tragediar som skjer kvart einaste år. 

Eg er veldig glad for del 3. Der blir det fastslått at kjernefamilien med mor, far og barn er samfunnet si grunncelle, og har rett på spesielt vern frå styresmaktene si side. I dag blir alle slags familiekonstellasjonar sett på som likeverdige i Noreg og mange vestlege land, men Menneskerettsfråsegna tenkjer høgast om kjernefamilien og vil at styresmaktene skal favorisera denne. 

lørdag 22. april 2023

Ein høyringssvar

Regjeringa vil redusera på den tida småbarnsforledre skal kunna motta kontantstøtte for barna sine. Her er mitt høyringssvar på regjeringa sitt forslag: 

Tre ting

For det første: Dei to første leveåra er overlag viktig for barnas utvikling. I denne tida skal den grunnleggjande tryggleiken på plass, og all forskning (og alt sunt vit), tilseier at det er godt for dei små barna å vera mest mogeleg saman med foreldra, og helst mor, i denne tida. Ingenting tilseier noko anna.

For det andre: Arbeidarpartiet har frå kontantstøtteordninga vart innført arbeidd hektisk for å fjerna ho. Ikkje fordi kontantstøtte er dårleg for barna, men meir av ideologiske grunnar. At barna er statens barn, er ein sjuk idè som gåt heilt attende til den greske bystaten Sparta, og seinare adoptert av allskens totalitære regimer. Følgjen av å redusera kontantstøttetida blir redusert fridom for mange familiar, men også at det berre blir rike og velståande familiar kan unna seg den gleda som det er for barna å ha det stabilt og trygt dei første leveråra. Berre barna til dei rike skal altså få sjansen til å sleppa den forferdelege seperasjonsangsten som mange småbarn opplever ved å bli plassert alt for tidleg i barnehage.

For det tredje: Det ligg eit overformynderi i dette. AP har i mange tiår meint at kvinna er den einaste rette som kan bestemma om eit unnfanga barn skal få leva eller om det må døy. Men når det gjeld kor lenge ho skal få ha gleda av å vera saman med barnet sitt under trygge økonomiske tilhøve, då er det staten som veit best. Dette opplever eg noko hyklerisk. Tillit i eine enden. Mistillit i den andre. Difor beklagar eg at regjeringa har bestemt seg for å forkorta kontantstøttetida. I staden bør ho auka både støtta og lengden på ho. Det ville ha tent barnet, familien og samfunnet godt.

mvh

Jens Thoresen

 

mandag 17. april 2023

Menneskerettsfråsegna artikkel 15

 1. Alle har rett til eit statsborgarskap.

2. Ingen skal misse statsborgarskapet sitt vilkårleg, eller bli nekta retten til å endre det.

Statsborgarskap i eit anstendig land er eit grunnleggjande gode for eitkvart menneske. Eg skriv anstendig fordi det er ganske mange land som blir styrt av despotar og dynastier som sug alt dei kan ut av folket sitt i staden for å tena det.   

At alle har rett til statsborgarskap, synest vera sjølvsagt. Men det er det ikkje. FN skriv at det er over 10 millionar statslause menneske i verda. Mange nr.2-barn i Kina er til dømes ikkje registrerte i offentlege register rett og slett fordi det lenge var forbode å få meir enn eitt barn i Kina. Desse uregistrerte menneska er på mange måter ikkje-eksisterande for storsamfunnet, det er berre kjende av familien og Gud, og dei manglar rett til helsehjelp, utdanning, arbeid og kva det skal vera. Slik blir artikkel 15 Menneskerettsfråsegna  broten systematisk i Kina, saman med retten til liv og privatliv, til det å ytra seg, organisera seg og til å tena Gud. Den kinesiske presidenten og kommuniskpartiet han leier bryr seg i det heile lite og ingenting om Menneskerettsfråsegna som landet har ratifisert.  

I Noreg lever over 2400  statslause. Det er i hovudsak flyktningar som mangla pass eller andre gode identitetspapirer då dei kom til landet. Dei kan bli verande ufatteleg lenge i Noreg på ufatteleg små ytingar. FN sin Høgkommisær for flyktningar kritiserer Noreg for dårleg handsaming av statslause flyktningar. Dei har t.d. ikkje rett til å arbeid eller utdanning, ei heller til medisinsk hjelp utover det akutte. Blir dei gamle,  er det ingen pensjon å få for dei. Norske styresmakter vil helst senda dei attende til eitt eller anna heimland, men utan pass, vil ikkje noko anna land i verda vedkjenna seg dei som sine og ta imot dei ved retur. 

Norske utlendingsstyresmakter gjer livet inderleg surt for dei som ikkje kan identifisera seg skikkeleg når dei kjem til landet. Det ligg mange, mange magre år framfor dei som kjem utan gyldige ID-papirer til landet. 

Men det slo meg ein tanke: Mange seksualbrotsmenn får ny identitet av styresmaktene når dei kjem ut av fengsel. Kanskje kunne dette også vera løysinga for papirlause flyktningar? Det skulle vel vera mogeleg for den eine når det er det for den andre?

At ingen skal nektast å få endra statsborgarskapet sitt, er vel helst teori, men ein nydeleg tanke. Dersom landa som har ratifisert Menneskerettsfråsegna etterleva denne, ville livet blitt langt enklare for mange. 

torsdag 13. april 2023

Menneskerettsfråsegna artikkel 14

 1. Alle som blir forfølgde har rett til å søkje og ta imot asyl i eit anna land.

2. Denne retten gjeld ikkje i rettssakar som har røynleg grunnlag i upolitiske brotsverk eller handlingar som strir mot formålet og prinsippet til Dei Sameinte Nasjonane.

Forfølging av etniske minoritetar eller av religiøse eller politiske dissidentar er eit megastort problem i mange land. 

Forfølging kan koma frå styresmaktene i landet, eller frå meir lokale krefter. Dei siste åra har væpna ekstremistar som IS og Boko Haram utsett meiningsmotstandarar for stygge overgrep. Nokre gongar er det familiar som utset familiemedlemmer for den ytterste fare. 

Asylretten gjeld i hovudsak for folk som vert forfølgde av styresmaktene, sjølv om forfølginga på ingen måte er avgrensa til desse. 

I følge snl.no er forfølging definert som gjentekne  grove krenkingar mot enkeltpersonar eller grupper utført av styresmakter eller andre maktpersonar. 

I dag opplever 350 millionar kristne i over 100 land ei eller anna form for forfølging. I Nord-Korea, Afghanistan, Eritrea, Iran, Nigeria, India, Kina og Saudi Arabia er forfølginga tung. 

Rohingyane i Myanmar er døme på ein etnisk minoritet som i dag blir forfølgde av majoritetsbefolkninga. 

Norske styresmakter sår ofte tvil om asylsøkjarar er forfølgde når dei søkjer asyl. Stundom er beviskrava skyhøge for dei stakkars asylantane. Særleg opplever iranarar, afghanarar og eritrearar dette. 

Del 2 avgrensar asylretten til folk som rømer utan å ha gjort noko kriminelt. Det er rett og rimeleg. 

lørdag 25. mars 2023

Påska 2023. Palmesøndag

 Jesu siste påske starta den søndagen då han reid inn i Jerusalem på eit esel, og læresveinane hylla han med hosiannarop og svingande palmegreiner.

Det låg forventningar i lufta, forventningar om vekking og nye tider, om gjennombrot for Guds rike på jorda, og det var lovsong og glede.

No skulle dei framande maktene ut, og Gud skulle styra Israel gjennom sin Messias. Det var dei sikre på. Og det rare var: det var dei trass i at Jesus minst tre gonger hadde sagt til dei at han skulle opp til Jerusalem for å bli torturert, døy på ein kross, for så å stå opp att frå dei døde den tredje dagen. Men det gjekk ikkje inn.

Kva kan me læra av dette?

Vel, Jesus måtte lida og døy for å frelsa oss frå våre synder. Det var ingen veg utanom. Akkurat denne hendinga er og blir heilt unik. Berre Gud som menneske kunne betale for våre synder.

Men Paulus skriv likevel noko spesielt i Kolossarbrevet 1:24, nemleg at han, i si teneste for kyrkja, måtte oppfylla det som enno manglar i Kristi liding.

Eg er ikkje heilt sikker på om eg forstår han rett, men det eg trur han vil seia er at vekking og liding høyrer saman. Det er ingen veg utanom. Der evangeliet går fram, samlar djevelen troppane sine og sørger for at dei som forkynner og vitnar får motstand, slik me ser det i  Nord-Korea, Afghanistan, Pakistan, Iran, Kina, Somalia, dei sentralasiatiske republikkane Eritrea og India, for å nemna nokre slike land.

Kva med oss her i Noreg og vesten? Her hos oss er det enno slik at djevelen når langt lenger med sin kamp mot Gud ved å forføra oss kristne i staden for å forfølga oss. Han får oss så lett til å adoptera verdiane sine som handlar om makt, ære, anerkjenning, pengar og komfort. Særleg det siste. Og så lenge dette er det me set mest pris på, klarar han fint å halda oss nede, og han klarar til og med å ribba mange for tru.

Difor ber me slik i dag: Gode Gud og Far! Vekk oss slik at Kristus kan lysa for oss. Me vil gjerne adopterer dine verdiar som våre. Hjelp oss å søka ditt ansikt, modig vitna om Jesus, forkynna evangeliet, syna godleik, lækja sjuke og reisa oss og tala mot all type vondskap.  Amen!

onsdag 1. mars 2023

Danske politikarar fjernar "bededagen."

 For å auka produksjonen i landet, har danske politikarar fjerna den tradisjonsrike "bededagen".

Ikkje veit eg kva danskar held på med på "bededagen" sin, om dei ber eller gjer noko anna. Men eg tenkjer: Er det ein dag danskane ikkje burde fjerna, men heller oppgradera til det den var tenkt til, så må det vera "bededagen". 

At denne no vert borte, har vel sin grunn i press frå næringslivet som ønskjer høgare produksjon. Sjølv om statsministeren i Danmark har slått til lyd for å revitalisera kristendomen si rolle og kraft i samfunnet, er det ikkje lett å stå mot krav frå næringslivet. 

Men dersom statsministeren verkeleg vil at danskane skal fornya sitt høve til Gud og hans bod, og dersom ho ønskjer eit godt samfunn,  og det gjer ho sjølvsagt, er bededagen den siste ho burde setja ein strek over. I staden burde ho oppfordra folk verkeleg til be på "bededagen". Då hadde landet opplevd  å bli velsigna åndeleg, økonomisk og sosialt. 

Men når det no er bestemt, kan ho jo bøta på feilen ved å rykka ut og oppfordra danskane å be kvar einaste av årets 365 dagar. 

tirsdag 28. februar 2023

Maktfordelingsprinsippet under åtak

 Unge samar demonstrerer utanfor Olje og energidepartementet mot staten som ikkje vil riva dei ulovleg oppsette vindturbinane på Fosen. Høgsterett har slått fast at desse turbinane øydelegg vinterbeitet for reinen, og er eit trugsmål mot samisk kultur og levemåte i Trøndelag. Dette kallar Høgsterett for eit pågåande menneskerettsbrot. Samane er eit urfolk, og historiske har dei rettar til store beiteområder for reinsflokkane sine. Desse områda er no blitt reduserte for sørsamane i Trøndelag. 

Men staten vil ikkje riva turbinane. I staden vil dei finna ein utveg som er slik at det blir plass både til samar, rein og vindturbinar på Fosen. Men dei har ikkje kome opp med korleis det kan gjerast. Det verkar som om olje og energiminister Åsland vil snakka det heile vekk. 

Det skulle ikkje vera så mykje å lura på. Vindturbinane på Fosen er rettsstridige. Korleis kan staten attreisa retten utan å riva turbinane? Det er meir enn eg skjønar. Er maktfordelingsprinsippet i spel her? 

Noreg blir styrt etter maktfordelingsprinsippet. Stortinget vedtek lover og løyver pengar, regjeringa er den utøvande makt og Høgsterett er den øvste dømmande instans. Dersom regjeringa no kan snakka seg vekk frå ein Høgsterettsdom, er eg redd for at det kan oppfattast som ei overprøving av vår høgste domstol med den følgje at maktfordelingsprinsippet står i fare for å rakna. Det er eit enormt demokratisk tilbakeslag. 



lørdag 18. februar 2023

Skepsis til skeive?


 I går heldt kultur og likestillingsminister Anette Trettebergstuen pressekonferanse om regjeringa sin nye "handlingsplan for kjønns og seksualitetsmangfald".  Planen skal vara frå no av og fram til 2026. Med seg på konferansen hadde ho representantar frå  ein del LHBTQ+ organisasjonar. Dei var inviterte for å koma med kvar sine innspel og kommentarar. 

Handlingsplanen inneheld 49 tiltak som syner kva regjeringa vil gjera for å redusera skepsisen til skeive, betra livsvilkåra deira og normalisera det å vera skeiv. Her er det mykje snakk om å endra haldningar hos folk, og innsatsen skal setjast inn mot alle aldersgrupper (inkludert barnehagebarn) og på alle samfunnsområder. Arbeidet skal vera systematisk og omfatta alle departement. Tre grupper blir nemnde spesielt kritiske i denne samanhengen : etniske minoritetsmiljø (inkludert samane), konservativt religiøse miljø, og idrettslaga (der krava til maskulinitet tradisjonelt har vore strenge) . 

For å nå måla i planen lovar Trettebergstuen auka tilskot til LHBTQ+-rørsla. I statsbudsjettet for 2023, der alle andre samfunnsområder må finna seg i mindre pengar, kan skeive organisasjonar gleda seg over dobling av tilskot. Det vil halda fram i åra som kjem. Det syner kor høg prioritet denne saka har for regjeringa. 

Trettebergstuen har som premiss at det i konservative religiøse miljø er stor skepsis til skeive. Det gjer ho utan å syna til forskning som underbyggjer påstanden. 

Mi røynsle er at konservative kristne er like glad i skeive som i andre menneske. Spørsmålet er: Går det an å vera glad i nokon trass i at ein ikkje kan godkjenna ein person sine handlingar? Ja, det vil eg påstå. Tanken om at Gud elskar oss menneske trass i at me bryt hans bod  er faktisk fundamentet i kristendomen, og alle som kjenner Gud, tenkjer og føler som han.  

Trettebergstuen trur at konservative kristne treng meir opplysning om kjønns og seksualitetsmangfald, og vil setja inn tiltak for å auka kunnskapen deira, og trur at det vil hjelpa dei til å tenkja rett slik ho meiner det.

Men saka er at mange konservative kristne har jobba mykje med denne tematikken, og er i så måte svært opplyste, faktisk meir enn dei fleste andre i samfunnet.  Dei skriv bøker og held føredrag landet over. Når dei har landa på det uunngåelege at det berre eksisterer to kjønn, så er det ikkje ut frå manglande kunnskap om saka, men rett og slett fordi dei i si jakt på kunnskap har funne gode grunnar til å meina det dei meiner, noko som forresten ikkje er sjokkerande i det heile tatt. I denne samanhengen finn eg grunn til å nemna to personar som driv eit utstrekt informasjonsarbeid i konservative kristne miljø: Øivind Benestad i Mor-Far-Barn, og Kjell Skartveit, forfattaren av boka "Normløst". Det er få i Noreg som har så mykje kunnskap som desse når det gjeld skeiv teori og implikasjonane med å innføra skeive verdiar som berekonstruksjonar i "det norske hus". 

Det blir spennande å følgja denne saka framover. Kor langt vil regjeringa gå for å tvinga oss "avvikarar" til å underordna oss programmet deira? Kva tiltak vil dei setja inn utover det reine opplysningsarbeidet? Kva skal t.d. til for å bli rettsforfølgd? Planen er flytande, sa ministeren, ho er open for nye glupe idear om nokon skulle koma opp med noko. 

Me som definerer oss som konservative kristne trur at Bibelens Gud veit best kva som gjer oss menneske lukkelege. Me trur hans bod er gode og tenlege å leva etter. Me trur også at han elskar alle menneske like høgt, og at han har ein god plan for alle, både "rette" og "skeive". Når me sannar syndene våre, vender oss bort frå dei og søkjer samfunn med han, blir me ønskt hjarteleg velkomen heim. Me er alle skeive i den meining at me er syndarar som har kome ut av kurs, og blir rettferdige for Gud utelukkande ved trua på Jesus Kristus som gav livet sitt til frelse for verda. Han er den rette mann for oss alle.