tirsdag 19. desember 2023

Advent 2023. Dag 20. Det Job såg.

Herre Jesus! Du er håpets Gud. Uansett kor langt nede me er i livet, er du sjølve grunnen under oss. Og ein dag skal du løfta oss opp over alle høgder, og me skal få sjå deg slik du er. Hjelp oss no å forstå ditt ord. 

Job 19,25-26

 Eg veit at min utløysar lever.
Som den siste skal han stå fram i støvet.

Når huda er riven av meg og kjøtet er borte,
skal eg sjå Gud.

Jobs bok er kanskje det fremste verket i verdslitteraturen, og kanskje også det eldste, og i dagens tekst ligg utruleg nok det kristne håpet heilt ope i dagen i ein tekst som faktisk vart skriven på Abrahams tid, 2000 år før Jesu fødsel. Og håpet er todelt.

Først handlar det om Jesus. Job hadde, pga sine synder, ei uløyseleg bot å betala. Som oss, hadde han ingen sjanse til å retta opp alt han hadde påført Gud og sine medmenneske av skade. Han var ein syndar, han som oss. Men i si ånd såg han ein utløysar koma for å betala bota hans. Han såg at Jesus kom for å betala for han, og skal me seia noko vesentleg om Jesus så er det at han er verkeleg ein utløysar av rang. Korleis skulle me klart oss utan han? Nei, det hadde ikkje gått bra, og gode, gamle Job fekk sjå dette i sitt livs mørkaste stund, lenge før Jesus vart fødd. Det var fint for han, og det er fint å tenkja på at Gud har dekka inn skulda vår, og at han er hos oss og ser til oss når me har det skikkeleg kjipt. Jesus er vårt evig håp. Alle som har han i liva sine, vil ein dag stå opp som han.

Dinest: Pga Jesus er ikkje døden lenger nokon trussel. Med han i hjarta går me rett til Gud når me døyr, og der skal me få fryda oss i all æva. Han seier jo sjølv: Den som lever og trur på meg skal aldri i æva døy, men er gått over frå døden til livet. 

Og alt rundt dette som me ikkje forstår, overlet me gladeleg til Gud. 

Ingen kommentarer: