torsdag 7. desember 2023

Advent 2023. Dag 7

 "Og herrevelde kviler på hans skuldrar," las me i går.

Barnet i krubba i Betlehem var alle tiders konge. Det var gjetarane på Betlehemsmarkene som var dei første i verdshistoria som fekk høyra juleevangeliet. Engelen forkynte: "I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davidsbyen  Betlehem. Han er Messias, Herren," som betyr frelseskonge og Gud.  

Heilt frå Jesus vart avla, heilt frå han var eit foster, var han universets evige konge. Frå den tid var det han som bestemte på jorda, frå den tid er det han kvart menneske skal svara for. 

I Salme 2 les me om jord,iske kongar som opponerer mot Herren og han som Herren har salva. Og det får me jo seia gjeld dei fleste av dei. Det er lite klokt. Salmisten skriv at dei bør ta forstanden fatt og bøya seg for den store kongen, lyda, tilbe, tena og tilbe han. 

Dersom Gud har ein bodskap til statsministrar, presidentar og kongar, så er det dette: Bøy dykk for Herren, tilbe han og kyss skjelvande støvet for hans føter. De er hans tenarar. De er forvaltarar. De er vikarar. Dersom de berre vil gjera tinga på dykkar eigen måte, følgja ubibelske ideologiar og ikkje respektera lovene hans, og dersom de ikkje vil rådføra dykk med han når de utøver embeta dykkar, då blir han vreid på dykk og vil dømma dykk. Herreveldet er nemleg hans.

Men dette gjeld faktisk for alle menneske. Alle er underlagt Gud. Alle må venda om til han, tilbe og lyda han om dei vil leva rett og vera ein del av hans evige rike.

Men Jesus er Herre også over alt som vil herja med oss og vil riva oss ned, sjukdomar, demonar og mektige djevelske krefter og fyrstar som rettar sitt skyts mot enkeltmenneske, barna i mors liv, familien, kyrkja og Israels land og folk. Alt som er etablert av Gud rasar og krigar djevelen mot. Men han må vika når kyrkja reiser seg for å be, og  når Jesus sjølv, som svar på kyrkja sine bøner, reiser seg på truna si og rettar septeret sitt mot djevelen og medhjelparane hans. Då må dei vika unna. 

Medan han var på jorda, dreiv Jesus ut mengder av vonde ånder som plaga folk.  Han sette folk fri frå alt slikt. No har han overført denne tenesta til oss som trur på han. Han har utrusta oss med himmelens kraft og autoritet til å kalla menneska til omvending og tru, til å driva ut vonde ånder og til å lækja dei sjuke. Herreveldet kviler på hans skuldrar, og han delegerer makt og oppgåver til kven han vil. Dette er kyrkja sin arv. 



Ingen kommentarer: