torsdag 14. desember 2023

Forbod mot konvertering og "konverteringsterapi"

Tysdag 12. desember vedtok Stortinget forbod mot konverteringsterapi. I den samanheng har eg gjort meg nokre tankar. 

I dei fleste muslimske land i verda er det forbode å påverka innbyggjarane med tanke på å få dei til å konvertera til ei anna tru. I tillegg har 11 delstatar i India også innført slike lover for å verna hinduar mot å bli eksponert for t.d. kristen forkynning.

I Iran, Saudi Arabia og Egypt er det faktisk forbode for muslimar å byta tru i det heile tatt, så sant du ikkje byter frå t.d. kristendomen til islam. Det blir sagt at det uansett er umogeleg for ein muslim å byta tru. Dei som ønskjer det, ønskjer det eigentleg ikkje. Det er berre utsette for mentale overgrep.

Desse antikonverteringslovene er naturlegvis i strid med artikkel 18 i Menneskerettsfråsegna, men denne fråsegna er det opp til kvarte enkelt land å handheva. Ingen totalitære statar bryr dei seg nemneverdig menneskerettane.

I Noreg har me no fått forbod mot det som vert kalla konverteringsterapi. Dette forbodet liknar på dei lovene som er omtalt ovanfor, men handlar om kjønn og seksualitet, og ikkje direkte om tru og religion. Men tru og religion blandar seg inn i alle livsområde, også det som handlar om seksualitet, og dermed vil nok den nye lova i Noreg også påverka trusfridomen.

Det er brei semje i Stortinget om at skeive skal ha rett til ikkje å bli utsett for påverknad med tanke på å endra legning eller åtferd. Dette er slik fordi Stortinget meiner det ikkje er trong for endring, og fordi det meiner at endring uansett er umogeleg. Dei som ønskjer endring, ønskjer det eigentleg ikkje. Dei er berre utsette for mentale overgrep.

Men dersom heteroseksuelle ønskjer å bli homoseksuelle, og få hjelp med det, vil dette ikkje råkast av lova. Grunnen er grei. Dei som ønskjer slik hjelp er i røynda homoseksuelle, dei har berre ikkje «kome ut av skapet» enno, og då er det jo ikkje konvertering, jmf boka «Homo» av Anette Trettebergstuen og Bård Nylund (2017)

Den nye lova legg ned forbod mot alle forsøk på å få skeive menneske å endra seksuell åtferd og identitet. Men no er det slik at kristen forkynning alltid har konvertering som mål. Bibelen snakkar om at menneska treng å venda om frå syndene sine for å oppnå tilgjeving og evig frelse, og det gjeld også frå homoseksuelle handlingar. Konvertering er rett og slett ein hovudsak i kristendomen.  

Det blir spennande framover å sjå korleis politi og domstolar vil handheva  den nye lova. Kultur og likestillingsministeren forsikrar om at lova ikkje råkar kristen forkynning. Men det er det faktisk ikkje ho som bestemmer. Det er domstolane sitt privilegium å tolka lovene.

Ingen kommentarer: