mandag 18. desember 2023

Advent 2023, dag 17

Gode Gud og Far! Me takkar deg for ditt ord, og innser at me treng hjelp for å forstå det. Gje oss denne hjelpa i dag ved Den Heilage Ande. 

Mika 5,1-4a

Du, Betlehem, Efrata,
minst mellom slektene i Juda!
Frå deg lèt eg ein herskar over Israel koma.
Hans opphav er frå gammal tid,
frå eldgamle dagar.

2 Difor skal han overgje dei,
heilt til tida er komen då ho som skal føda, har fødd.
Då skal resten av brørne hans
koma tilbake til Israels born.

3 Han skal stå og gjeta i Herrens kraft,
i Herren sin Guds høge namn.
Og dei skal bu trygt, 
for no rekk hans makt til endane av jorda.
Og han skal vera fred.


Mika levde samtidig med Jesaja, altså på 700-talet f.Kr.  Han proferte altså lenge før Jesu fødsel  at det var i Betlehem, i Davidsbyen, Messias skulle fødast. 

Men ikkje berre det. Han skulle fødast i Efrata. Efrata ligg utanfor Betlehem, og der heldt dei som gjette dyra til som skulle ofrast i tempelet. Gjetarane som me møter i Lukas 2 var slike. Sauene deira var offerdyr. Og det var slik at når eit lam vart fødd i Efrata, sveipte gjetarane det og la det i ei krubbe laga av stein, og på den måten vigsla dei det til Gud. Det skulle slaktast og slik sona for ein eller annan familie sine synder. Men dette var kun ei midlertidig ordning fram til det sanne offerlammet kom, Guds offerlam, Jesus Messias. 

Då Jesus vart fødd, sveipt og lagt i krubbe, vart han vigsla til Gud som om han skulle vore eit offerlam.  Og det var han også, biletleg tala. For han skulle sona alle syndene som alle menneske til alle tider har gjort. Og der, kjære ven, der er du inkludert om du vil eller ei. Og det skal du få stola på. Dersom du ikkje finn ein einaste grunn hos deg sjølv til å kalla deg kristen, så har du ein god grunn til å gjera det ut frå det som Bibelen seier at Gud gjorde for deg gjennom Jesus før du var fødd. 

Jesus var altså langt meir enn eit offerlam. Han skulle vera herskaren over Israel, ja over heile verda. Dette seier Gud her gjennom Mika, og Guds ord kan ikkje setjast ut av kraft, seier Jesus sjølv i Johannes 10,35. Israels land og folk kan aldri utslettast rett og slett fordi Jesus Messias er Israels konge til evig tid. Det er og blir nyttelaust for Hamas, og kven det no enn måtte vera, å prøva seg på noko slikt. I staden skulle dei og alle muslimar forkasta islam, Koranen og jihad og famna Jesus og Bibelen og velsigna Israel. Då ville dei få det godt og erfara den djupe freden i og mellom folk som berre han kan etablera. For han skal vera fred, las me. 

Jesus er "frå eldgamle dagar", les me her. Det betyr ganske enkelt at han er Gud, for berre som Gud kunne han ha preeksistens, som betyr at han eksisterte før han vart unnfanga og fødd. 

Jesus er den gode gjetaren, og snart skal Israel samla seg om han, og han skal gjeta dei med guddomskraft, slik som han i årevis har gjort det med oss. La oss be om at det snart, veldig snart må skje. 

 


Ingen kommentarer: