lørdag 2. desember 2023

Advent 2023, del 2

Bønn: Herre Jesus Kristus. Du er Guds ord, og du talar til oss når me samlar oss ditt namn for å lytta til deg. Me ber om at du skal gjera det no også. Amen! 

Alt på syndefallet sin første dag, kom Gud til sine fortapte menneskebarn og tente ei stjerne av håp for dei og i dei. 

Dei hadde blitt lurt av slangen til å bryta det eine bodet som Gud hadde gjeve dei. Djevelen, som talte gjennom slangen, må ha tenkt: Dette gjekk jo veldig lett, og han var sikkert ganske optimistisk etterpå med tanke på at han skulle forpurra alle Guds planar med menneska og jorda. 

Hans strategi er gamal og effektiv. Han startar med å så tvil om Guds ord, for så å endra det bilete me menneske har av Gud, og få oss til å tenkja at den gode Gud som har skapt oss og som berre vil oss godt, eigentleg er kjip og har mange goder som han ikkje vil dela med oss andre osv. 

Det er særleg innafor fire områder me lett let oss lura, og det er når det gjeld sex, pengar, berømming og makt, og desse er alltid meir eller mindre vikla inn i kvarandre.  I Edens hage handla det om makt: "Gud veit at den dagen de et av treet, skal de bli som han!" Hallo folkens! Denne kunnskapen har Gud, og den har han ikkje delt med dykk. Han har sagt til dykk at de skal døy, men sanninga er den motsette: Dersom de bryt bodet hans, skal bli som han og leva i evig lykke. Då han sa at det var forbode av dykk å eta av treet til kunnskap om godt og vondt, så var det fordi han vil undertrykkja dykk for all framtid. Men no må det bryta dykk ein veg ut av tvangen og inn i fridomen, den fridomen som no berre Gud nyt og held for seg sjølv. 

Slik får han folk til å føla når han freistar dei til fall. Bak den ulovlege handlinga ligg det noko fantastisk, ny rikdom, ny anerkjenning, nye mulegheitar osv. 

Djevelen er og blir ein håplaus løgnar. Han lovar gull og grøne skogar, eit Soria Moria. Men på den andre sida av fallet ligg skam, moralsk og åndeleg degenerering, einsemd, dårleg samvit, anger og tap av glede. 

Adam og Eva kom akkurat dit, og då Gud kom til dei i hagen om kvelden, kom han til to dødsdømde og fortapte menneske. Det såg veldig mørkt ut både for dei og for Guds planar med verda.

Men då er det at Gud tenner eit lys av håp. Det blir aldri så mørkt i livet ditt som det var denne dagen i Adam og Eva sine liv, og det blir aldri så mørkt av Gud ikkje kan tenna eit håp for deg, eit håp med hold i, eit håp som held. 

"Kvinna si ætt skal knusa hovudet ditt," sa Gud til slangen, "men du skal hogga han i hælen." Slangedreparen skulle ikkje koma frå det umerka. 

Kva var det slangen høyrde: "Ein dag skal det koma eit gutebarn, avla av Gud og ikkje av mann, fødd av ei kvinne, ein mann som i mogen alder skal knusa di makt over menneska."

Dette er første profetien om Jesus. Han kom, stod fast i alle freistingar han møtte på, oppfylte Guds lov til punkt og prikke, tok på seg all verdas synd, vart krossfesta, leid og døydde før han stod opp att tredje dagen, og alle som tek imot han, dei får retten til å vera Guds barn, dei som trur på namnet hans, for å sitera Johannes 1,12. 

"Den som har Sonen, har livet", skriv Johannes ein annan plass. Du forstår: "Han er vårt håp", som Paulus uttrykkjer seg ein plass. Ikkje eit kanskje skjer det-håp, men ein levande håp, eit sikkert håp. Har du han, trur du på han, då har du framtid og håp. 


Ingen kommentarer: