onsdag 6. desember 2023

Advent 2023. Dag 6

Gode Gud og Far! Du gav oss eit barn, ein frelsar, ei enorm gåve med mitt og alle sitt namn på. Hjelp oss no å ta imot ordet ditt og han det handlar om. Amen! 

I Jesaja 9 finn me ein forunderleg og vidunderleg tekst, ein profeti om Jesus. Litt forkorta lyder han slik: "Det folket som går i mørket skal sjå eit stort lys, og over dei som bur i dødsskuggens land, skal lyset stråla fram. For eit barn er oss født og ein son er oss gjeven. Herreveldet er lagt på hans skuldrar." 

Eit sentralt spørsmål i denne teksten er: Kven er "oss"? Og svaret er: "Oss" er  "det folket som går i mørket". Og kven er det? I Matteus 4,12-17, der denne Jesajateksten er sitert, les me at det handlar om dei som på den tida budde i Sebulon og Naftalis land, også omtalt som "heidningars Galilea". Her må me ha klart for oss at Nord-Israel på den tida var befolka av ikkje-jødar. Sebulon og Naftali var jo mellom dei av Israels ætter som hadde blitt deportert og fordrivne av assyrarane i år 720 f.Kr. Dei var ikkje lenger der, og var blitt erstatta av heidningar. Me kan trygt seia at "oss" i denne teksten rett og slett er oss. 

Etter syndefallsdagen har det kvilt eit tungt mørke over oss menneske. Synda har gjort seg gjeldande i liva våre som ei destruktiv kraft som pregar kvardagen vår ofte meir enn me er klar over og vil innrømma. Synda er mektig og simpel, og jo meir me slepp ho til og gjev henne aksept, jo vanskelegare gjer me det for oss sjølve og for kvarandre. Og så er det eit faktum: Me kan ikkje fri oss frå henne sjølve. Ho er integrert i liva våre på ein ubehageleg måte, er blitt ein del av oss. Og hadde me ein gong hatt lyst å bli kvitt henne, kunne me ikkje det. Men lysta til å bli kvitt synda er lett å styra, for å seia det slik. Ho blandar seg inn i alt me seier og gjer, og ho er mørk, gjer det mørkt og gjer det umogeleg for oss å finna vegen til Gud, noko me ikkje ein gong vil før me blir introdusert for han som er det store lyset som splintrar dette mørket, JESUS KRISTUS. 

Han er Guds gåve til oss arme mennesker, me som bur i heidningeland, me som ikkje kunne frelsa oss sjølve. Han er vår, fordi han er oss gjeven. Han vart sendt til di og mi adresse. Jesusbarnet er vårt. Den vaksne Jesus er vår. Den krossfeste Jesus er vår. Den oppstadne Jesus er vår. Den herleggjorde Jesus er vår. Han er Gud og han er Guds gåve til oss. Og det som det handlar om for oss, er å innrømma at me har rota oss vekk, at me er syndarar langt inn i ryggmargen og har behov for ein frelsar og takka og ta imot han nett slik me er. Då blir synda vår dekka av hans tilgjeving, og for evig skjult for verdas dommar. Med Jesus i hjarta startar eit nytt kapittel, ja eit nytt liv for alle som tek imot han i tru, eit liv som Guds kjære barn, eit liv i Guds lys. 




Ingen kommentarer: