tirsdag 28. februar 2023

Maktfordelingsprinsippet under åtak

 Unge samar demonstrerer utanfor Olje og energidepartementet mot staten som ikkje vil riva dei ulovleg oppsette vindturbinane på Fosen. Høgsterett har slått fast at desse turbinane øydelegg vinterbeitet for reinen, og er eit trugsmål mot samisk kultur og levemåte i Trøndelag. Dette kallar Høgsterett for eit pågåande menneskerettsbrot. Samane er eit urfolk, og historiske har dei rettar til store beiteområder for reinsflokkane sine. Desse områda er no blitt reduserte for sørsamane i Trøndelag. 

Men staten vil ikkje riva turbinane. I staden vil dei finna ein utveg som er slik at det blir plass både til samar, rein og vindturbinar på Fosen. Men dei har ikkje kome opp med korleis det kan gjerast. Det verkar som om olje og energiminister Åsland vil snakka det heile vekk. 

Det skulle ikkje vera så mykje å lura på. Vindturbinane på Fosen er rettsstridige. Korleis kan staten attreisa retten utan å riva turbinane? Det er meir enn eg skjønar. Er maktfordelingsprinsippet i spel her? 

Noreg blir styrt etter maktfordelingsprinsippet. Stortinget vedtek lover og løyver pengar, regjeringa er den utøvande makt og Høgsterett er den øvste dømmande instans. Dersom regjeringa no kan snakka seg vekk frå ein Høgsterettsdom, er eg redd for at det kan oppfattast som ei overprøving av vår høgste domstol med den følgje at maktfordelingsprinsippet står i fare for å rakna. Det er eit enormt demokratisk tilbakeslag. 



Ingen kommentarer: