søndag 18. oktober 2015

Share 2015 18.10. Møtepunkt.wav - 333 MB

Når me menneske møter Gud, blir me forvandla og fornya. Han tek bort syndene våre og fyller oss med kjærleik og kraft. Lytt til dagens tale i Kristkyrkja på Stord.

Share 2015 18.10. Møtepunkt.wav - 333 MB

onsdag 7. oktober 2015

Share Du skal ikkje stela.wav - 79 MB

 Jesus kallar djevelen ein tjuv, og alle som stel er i hans makt. Det sjande bodet har Gud gjeve oss for å verna oss mot stor fare. Det handlar meir om våre eigne sjeler enn annan manns eigedom.



Share Du skal ikkje stela.wav - 79 MB

lørdag 3. oktober 2015

Share Du skal ikkje bryta ekteskapet.wav - 56 MB

 Gud forbyr oss å bryta ekteskapet. Det gjer han fordi han vil beskytta oss mot djevelen og hans englar. Likevel, dette bodet bryt me meir enn nokon av dei andre. Det straffar seg stygt.



Share Du skal ikkje bryta ekteskapet.wav - 56 MB

fredag 18. september 2015

Share Du skal æra far og mor.WMA - 1 MB

 Det fjerde bodet handlar om å æra far og mor. Det er viktig for Gud at me gjer det. Forutan Gud sjølv, er det ingen utanom dei me kan takka for at me finst. God lytting.



Share Du skal æra far og mor.WMA - 1 MB

tirsdag 1. september 2015

Du skal ikkje misbruka Herren, din Guds namn

Guds namn og Guds person overlappar. Namnet representerer personen. Misbrukar me Guds namn, misbrukar me Gud. Lytt til dagens vesle andakt. 



Share Du skal ikkje misbruka Herren, din Guds namn.WMA - 1 MB

søndag 23. august 2015

Share I opphavet skapte Gud. Erik Jensen 23. august.WMA - 14 MB

 Det er avgjerande viktig for trua vår at dei første kapitla i 1. Mosebok er sanne. Elles er kristendomen berre ein tankekonstruksjon. Lytt til Erik Jensen si undervisning om dei første vera i denne boka.

Share I opphavet skapte Gud. Erik Jensen 23. august.WMA - 14 MB

Share Evolusjonslæra sine svake punkt. Erik Jensen.WMA - 18 MB

Share Evolusjonslæra sine svake punkt. Erik Jensen.WMA - 18 MB

onsdag 19. august 2015

Share Farisearen og tollaren.WMA - 2 MB

 Jesus hjar det med å snu ting på hovudet for oss. Og det er bra sidan det strengt tatt er med som står på hovudet :)



Share Farisearen og tollaren.WMA - 2 MB

fredag 7. august 2015

Share Sakkeus.WMA - 2 MB

 Sakkeus har fått eit ufortent dårleg rykte. Likevel trong han å bli frelst. Lytt til dagens bibelundervisning.

Share Sakkeus.WMA - 2 MB

Share Den bortkomne sonen IV.WMA - 2 MB

Den heimeverande sonen var i røynda like bortkomen som den bortkomne sonen. Lytt til dagens bibelundervisning.

Share Den bortkomne sonen IV.WMA - 2 MB

tirsdag 4. august 2015

Share Den bortkomne sonen III.WMA - 2 MB

 Når eit menneske vender om til Gud og overgjev seg til han, vert det overraska over å møta ein kjærleik og ein nåde som gjer livet heilt nytt. Lytt til dagens bibelundervisning.



Share Den bortkomne sonen III.WMA - 2 MB

fredag 19. juni 2015

Share Den bortkomne sonen 1.WMA - 2 MB

Share Den bortkomne sonen 1.WMA - 2 MB

Den bortkomne sonen, del 1



 
Lukas 15,11-13:
11 Jesus sa: «Ein mann hadde to søner. 12 Den yngste sa til far sin: ‘Far, lat meg få den delen av formuen som fell på meg.’ Så skifte han eigedomen sin mellom dei. 13 Ikkje mange dagane etter selde den yngste sonen alt det han eigde, og drog til eit land langt borte. Der levde han eit vilt liv og sløste bort formuen sin......

Slik innleier Jesus likninga om den bortkomne sonen.
Ein mann, det er Gud.
Han hadde to søner, ein ansvarleg og ein uansvarleg. Ein som gjorde plikta si og oppførte seg eksemplarisk, som tenkte meir på å yta enn å nyta, og så ein som gjekk og kjeda seg og ville bort frå det alt saman. Bort frå faren og broren og alt som heimen sto for, og ut i verda med alle dei goder og gleder han såg for seg der ute. Så lenge han var heime hos far, var det så mange ting han gjekk glipp av, meinte han, og vidare: Far forringar livet mitt. Den sanne livsrikdomen ligg der ute, i alt det denne verda har å by på av skøy og gaman.
Det han IKKJE reflekterte over var den enorme rikdomen han hadde i Fars kjærleik. Det måtte eit livsnederlag til før han begynte å tenkja på DET.
Men han visste nok at verdas gleder kosta pengar, og difor gjekk han til faren og bad om forskot på arven. Og det fekk han, og så bar det av garde.
Dette er ei skildring av situasjonen som mange, mange menneske lever i. Dei har vakse opp i ein kristen heim, gått i ei kristen kyrkje eller forsamling. Men Gud og familien vart for keisam. Dei måtte ut og bort frå alt saman, ut i verda med all den herlegdomen som er å finna der. Kva handlar det om? Sjølvrealisering, om trongen etter nyting, makt og pengar.
Johannes skriv i sitt første brev 2,15-17: 15 ”Elsk ikkje verda og heller ikkje det som er i verda! Den som elskar verda, har ikkje kjærleiken til Far i seg. 16 For alt her i verda – lysta i kroppen, lysta som styrer auga, og skrytet av det ein eig – det er ikkje av Far, men av verda. 17 Verda forgår med all si lyst, men den som gjer Guds vilje, blir verande til evig tid.”
Faren etterkom sonen sitt ynskje. Han delte arven og gav den yngste sonen  den delen som fall på han, og let han sonen gå.
Slik også med Gud. Han stoppar ingen som vil forlata han. Me er rett og slett fri til å gå, og mange nyttar seg av denne fridomen. Kvifor er det slik? Alle som fysisk sett forlet Gud og Guds forsamling, har for lengst gått ifrå han i hjarta sitt. Å forlata Guds forsamling er berre ei stadfesting på det som lenge har vore ein skjult realitet. Fråfallet skjer i hjarta, og til slutt blir det stadfesta ved at den fråfalne forlet nattverdsbordet og søskenfellesskapet, og så bevegar han/ho seg ut i verda for å utfalda ein heilt ny type liv borte frå Gud.
Kva skjer der? Det blir sagt om guten i teksten av han begynte å leva eit vilt liv, og at han snart sløste bort heile formuen sin.
No er det ikkje alle som går bort frå Gud som lever ville liv. Det går fint an å leva anstendig utan å leva med Gud. Men snart er likevel formuen brukt opp, dvs. den siste rest av tru er reinska ut av hjarta og ein er blitt totalt framand for Gud, fanga i djevelens og syndas forferdelege makt. For synda er ikkje først og fremst grov umoral som alle ser, det er å frårøva Gud hans rett til å vera gud i liva våre, og det er å leva for seg sjølv og sine eigne interesser i verda. Den som lever slik bommar totalt på det målet som Gud har sett for liva våre her i verda som handlar om å elska han av heile hjarta og vår neste som oss sjølve, og synd er definert som å bomma på målet, bomma på Guds mål. Og DET er djevelens mål med sine gjerningar inn i liva våre, at me skal bomma på Guds mål. DÅ får HAN makt i liva våre.

fredag 8. mai 2015

Tankar på ein fridomsdag





I dag feirar me at  det er 70 år sidan Noreg i 1945 vart frigjort frå fem år med tysk okkupasjon. 8.mai  var det elleville gledesscenar i bygd og by, og folket gav fritt utløp for sterke kjensler desse maidagane.  

Nasjonal fridom og nasjonalt sjølvstende er store verdiar som me må ta godt vare på. Mange av verdas folk kan i dag ikkje ein gong drøyma om dette. 


Men nasjonal fridom garanterer eigentleg ingenting. Det veit alle som lever under diktaturet. Og dei er det mange av. Dersom ikkje fridomen vert kopla saman med rettferd, er han ein illusjon. Og for å illustrera dette kan me dra fram Nord-Korea, ein sjølvstendig nasjon der menneskerettane kvar dag vert brotne og all opposisjon og religiøs aktivitet vert straffa med livstidsfengsel, arbeidsleirar eller døden. Dette ser me langt på veg også er tilfelle i Eritrea, Saudi Arabia, Pakistan og Iran, for å nemna nokon av dei verste undertrykkingsregima på jorda, om enn Nord-Korea tronar på ein suveren førsteplass. 

Men i Noreg nyt me godt både av nasjonalt sjølvstende og retten til å tru, meina, skriva og sei kva me vil. Alt er nok slett ikkje på stell. Det finst ein klår vilje til einsretting frå mange politikarar i dette landet også, og det er tradisjon for staten å bruka pengevåpenet til å oppnå slike mål, men me kan likevel ikkje samanlikna oss med dei store stygge ulvane der ute. 

Men korkje nasjonal, politisk eller religiøs fridom er det me menneske treng mest av alt. I Evinfengslet  i Teheran sit Farshid Fathi. Han er pastor, og sonar ein dom på seks års fengsel for å ha konvertert til kristen tru og forsøkt å påverka andre til det same. Det Evinfengslet tilbyr er ikkje rare greiene. Det handlar om mykje tortur, svolt, sjukdom, lus og unemnelege ting. Med til bilete høyrer det at fangane må kjøpa den simple maten dei vert tilbydd. Akkurat no ligg han forresten på sjukehus etter å ha blitt rundbanka av iranske tryggingsstyrkar som den 17.april storma inn i fengslet for å setja ein skikkeleg støkk i desse stakkars vergelause menneska. Men midt i trengslene skriv Fathi om ein indre fridom og glede som ingen kan frårøva han, og det er fridomen i Jesus Kristus. 

For sanninga er: Utanom samfunnet med Jesus Kristus er det ingen fridom for oss menneske. Om me enn lever i eit fritt land der menneskerettsfråsegna vert respektert, er alle som ikkje trur på Jesus slavar under synda og underlagt djevelens tyranni, og på veg mot den same evige og uavvendelege domen som Gud har felt over djevelen og hans englar. 

Den sanne fridomen til i Guds kjærleik. Det er når denne kjærleiken blir aust ut i hjarta ditt ved Den heilage ande, at di vert eit fritt menneske. Du blir tilgjeven av Gud og djevelen må sleppa taket i deg. Då kan mange ting skje i livet ditt. Men du er og blir fri, og når du vert innhenta av døden, døyr du ikkje, men går inn til Gud. Då er du heime og kan aldri meir oppleva ufridom av noko slag.

torsdag 7. mai 2015

Grunntankar i Romarbrevet. Leksjon XXXVIII. Kapittel 12,1-2

Difor legg eg dykk på hjartet, sysken, ved Guds miskunn, at de må bera fram kroppen dykkar som eit levande og heilagt offer, til glede for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste.  2 Og innrett dykk ikkje etter denne verda, men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan dømma om kva som er Guds vilje: det gode, det som er til glede for Gud, det fullkomne.

Desse to versa innleider den formanande delen av Romarbrevet. Frå no av handlar det om korleis kristenlivet skal levast.
Jesus sa i si tid at det å vera ein kristen var å ta krossen sin opp og følgja han, I dette ligg det å leva eit sjølvoppofrande liv. Det å setja eigne behov og interesse til sides for å tena Gud og nesten. Det er akkurat det same Paulus skriv her med litt andre ord. 
Når israelittane la eit dyr på altaret, vart dette brent med himmelsk eld. 
Når me stiller liva våre heilt og fullt til Guds disposisjon, tenner han oss med sin eld, slik som læresveinane opplevde det den 1.pinsedagen. Då brant sjølvlivet opp, og Gud og hans kraft fekk rom i liva deira. Det forandra alt. 
Når me gjev alt til Gud, blir det pinse i liva våre. Gud og hans kraft kjem til uttrykk i liva våre som aldri før. 
Å overgje seg til Gud er ein dagleg syssel. Apostelen kallar det for vår "åndelege gudsteneste", noko som me føretek oss kvar dag. 
Guds verdiar er heilt annleis enn det som folk flest ser på som stort og viktig. 
For folk flest er det viktig å ha det trygt og godt, ha primærbehova dekka, og i tillegg kjem dette å godt med pengar og å realisera seg sjølv med alt som ligg i det. 
I Guds rike handlar det om å fornekta seg sjølv og realisera Guds og nestens interesser. Som kristne lærer me å elska Gud over alle ting og nesten som oss sjølve. Det er ganske andre verdiar enn dei som gjeld i verda. Når Paulus her formanar oss til ikkje å innretta oss etter denne verda, så betyr det å ikkje innretta seg etter dei verdiane som gjeld for folk flest, men dei som Gud har gjort gyldige for oss. Kva skjer med oss då? Me får god dømekraft. Når me lyder Gud, lærer me å skilja mellom godt og vondt. Og det var jo i si tid akkurat formålet med kunnskapens tre, det skulle gje Adam og Eva god dømekraft ved å lyda Gud, og ikkje som slangen antyda at denne evnen skulle koma gjennom ulydnad. Men det er ei anna soge.

torsdag 16. april 2015

Share Fred vere med dykk.WMA - 2 MB

Jesus kom til læresveinane sine om kvelden same dagen som han hadde stått opp frå dei døde, og han proklamerte Guds fred over dei. Vårt djupaste behov som menneske er å ha fred med Gud. Lytt til dagens andakt. 



Share Fred vere med dykk.WMA - 2 MB

Share Efesarbrevet 3. Jens Thoresen.WMA - 11 MB

Share Efesarbrevet 3. Jens Thoresen.WMA - 11 MB