fredag 8. mai 2015

Tankar på ein fridomsdag





I dag feirar me at  det er 70 år sidan Noreg i 1945 vart frigjort frå fem år med tysk okkupasjon. 8.mai  var det elleville gledesscenar i bygd og by, og folket gav fritt utløp for sterke kjensler desse maidagane.  

Nasjonal fridom og nasjonalt sjølvstende er store verdiar som me må ta godt vare på. Mange av verdas folk kan i dag ikkje ein gong drøyma om dette. 


Men nasjonal fridom garanterer eigentleg ingenting. Det veit alle som lever under diktaturet. Og dei er det mange av. Dersom ikkje fridomen vert kopla saman med rettferd, er han ein illusjon. Og for å illustrera dette kan me dra fram Nord-Korea, ein sjølvstendig nasjon der menneskerettane kvar dag vert brotne og all opposisjon og religiøs aktivitet vert straffa med livstidsfengsel, arbeidsleirar eller døden. Dette ser me langt på veg også er tilfelle i Eritrea, Saudi Arabia, Pakistan og Iran, for å nemna nokon av dei verste undertrykkingsregima på jorda, om enn Nord-Korea tronar på ein suveren førsteplass. 

Men i Noreg nyt me godt både av nasjonalt sjølvstende og retten til å tru, meina, skriva og sei kva me vil. Alt er nok slett ikkje på stell. Det finst ein klår vilje til einsretting frå mange politikarar i dette landet også, og det er tradisjon for staten å bruka pengevåpenet til å oppnå slike mål, men me kan likevel ikkje samanlikna oss med dei store stygge ulvane der ute. 

Men korkje nasjonal, politisk eller religiøs fridom er det me menneske treng mest av alt. I Evinfengslet  i Teheran sit Farshid Fathi. Han er pastor, og sonar ein dom på seks års fengsel for å ha konvertert til kristen tru og forsøkt å påverka andre til det same. Det Evinfengslet tilbyr er ikkje rare greiene. Det handlar om mykje tortur, svolt, sjukdom, lus og unemnelege ting. Med til bilete høyrer det at fangane må kjøpa den simple maten dei vert tilbydd. Akkurat no ligg han forresten på sjukehus etter å ha blitt rundbanka av iranske tryggingsstyrkar som den 17.april storma inn i fengslet for å setja ein skikkeleg støkk i desse stakkars vergelause menneska. Men midt i trengslene skriv Fathi om ein indre fridom og glede som ingen kan frårøva han, og det er fridomen i Jesus Kristus. 

For sanninga er: Utanom samfunnet med Jesus Kristus er det ingen fridom for oss menneske. Om me enn lever i eit fritt land der menneskerettsfråsegna vert respektert, er alle som ikkje trur på Jesus slavar under synda og underlagt djevelens tyranni, og på veg mot den same evige og uavvendelege domen som Gud har felt over djevelen og hans englar. 

Den sanne fridomen til i Guds kjærleik. Det er når denne kjærleiken blir aust ut i hjarta ditt ved Den heilage ande, at di vert eit fritt menneske. Du blir tilgjeven av Gud og djevelen må sleppa taket i deg. Då kan mange ting skje i livet ditt. Men du er og blir fri, og når du vert innhenta av døden, døyr du ikkje, men går inn til Gud. Då er du heime og kan aldri meir oppleva ufridom av noko slag.

Ingen kommentarer: