Follow by Email

fredag 19. juni 2015

Den bortkomne sonen, del 1



 
Lukas 15,11-13:
11 Jesus sa: «Ein mann hadde to søner. 12 Den yngste sa til far sin: ‘Far, lat meg få den delen av formuen som fell på meg.’ Så skifte han eigedomen sin mellom dei. 13 Ikkje mange dagane etter selde den yngste sonen alt det han eigde, og drog til eit land langt borte. Der levde han eit vilt liv og sløste bort formuen sin......

Slik innleier Jesus likninga om den bortkomne sonen.
Ein mann, det er Gud.
Han hadde to søner, ein ansvarleg og ein uansvarleg. Ein som gjorde plikta si og oppførte seg eksemplarisk, som tenkte meir på å yta enn å nyta, og så ein som gjekk og kjeda seg og ville bort frå det alt saman. Bort frå faren og broren og alt som heimen sto for, og ut i verda med alle dei goder og gleder han såg for seg der ute. Så lenge han var heime hos far, var det så mange ting han gjekk glipp av, meinte han, og vidare: Far forringar livet mitt. Den sanne livsrikdomen ligg der ute, i alt det denne verda har å by på av skøy og gaman.
Det han IKKJE reflekterte over var den enorme rikdomen han hadde i Fars kjærleik. Det måtte eit livsnederlag til før han begynte å tenkja på DET.
Men han visste nok at verdas gleder kosta pengar, og difor gjekk han til faren og bad om forskot på arven. Og det fekk han, og så bar det av garde.
Dette er ei skildring av situasjonen som mange, mange menneske lever i. Dei har vakse opp i ein kristen heim, gått i ei kristen kyrkje eller forsamling. Men Gud og familien vart for keisam. Dei måtte ut og bort frå alt saman, ut i verda med all den herlegdomen som er å finna der. Kva handlar det om? Sjølvrealisering, om trongen etter nyting, makt og pengar.
Johannes skriv i sitt første brev 2,15-17: 15 ”Elsk ikkje verda og heller ikkje det som er i verda! Den som elskar verda, har ikkje kjærleiken til Far i seg. 16 For alt her i verda – lysta i kroppen, lysta som styrer auga, og skrytet av det ein eig – det er ikkje av Far, men av verda. 17 Verda forgår med all si lyst, men den som gjer Guds vilje, blir verande til evig tid.”
Faren etterkom sonen sitt ynskje. Han delte arven og gav den yngste sonen  den delen som fall på han, og let han sonen gå.
Slik også med Gud. Han stoppar ingen som vil forlata han. Me er rett og slett fri til å gå, og mange nyttar seg av denne fridomen. Kvifor er det slik? Alle som fysisk sett forlet Gud og Guds forsamling, har for lengst gått ifrå han i hjarta sitt. Å forlata Guds forsamling er berre ei stadfesting på det som lenge har vore ein skjult realitet. Fråfallet skjer i hjarta, og til slutt blir det stadfesta ved at den fråfalne forlet nattverdsbordet og søskenfellesskapet, og så bevegar han/ho seg ut i verda for å utfalda ein heilt ny type liv borte frå Gud.
Kva skjer der? Det blir sagt om guten i teksten av han begynte å leva eit vilt liv, og at han snart sløste bort heile formuen sin.
No er det ikkje alle som går bort frå Gud som lever ville liv. Det går fint an å leva anstendig utan å leva med Gud. Men snart er likevel formuen brukt opp, dvs. den siste rest av tru er reinska ut av hjarta og ein er blitt totalt framand for Gud, fanga i djevelens og syndas forferdelege makt. For synda er ikkje først og fremst grov umoral som alle ser, det er å frårøva Gud hans rett til å vera gud i liva våre, og det er å leva for seg sjølv og sine eigne interesser i verda. Den som lever slik bommar totalt på det målet som Gud har sett for liva våre her i verda som handlar om å elska han av heile hjarta og vår neste som oss sjølve, og synd er definert som å bomma på målet, bomma på Guds mål. Og DET er djevelens mål med sine gjerningar inn i liva våre, at me skal bomma på Guds mål. DÅ får HAN makt i liva våre.

Ingen kommentarer: