Follow by Email

onsdag 4. mars 2009

Radikalitet


Lærar ved Misjonshøgskulen i Stavanger ønskjer seg ein radikal biskop i Stavanger, ein som forkynner Bibelen uavkorta, som kallar folk til omvending og som fortel om den domen som ventar dei ubotferdige.

Å vera radikal tyder å gå til røtene, og dei einaste røtene den kristne kyrkja har er Guds ord i Bibelen. Skal me vera kristne og følgja Jesus, må me følgja Bibelen.

Det er jo viktig for kyrkja å ha god kontakt med røtene sine, for det er gjennom røtene at ho dreg opp næring og vatn. Sviktar røtene, visnar og døyr treet.

Det ville vore bra om Knut Holter fekk det som han ynskjer. Den norske kyrkja og det norske folket treng no verkeleg ein biskop som fylgjer Jesus av eit heilt hjarta.

Den første kristne vedkjenninga var enkel: "Jesus er Herre", dvs. Mennesket Jesus er Gud. Det inneber at kyrkja han grunnla er forplikta på ordet han talte. Når kyrkja hevdar, forkynner og praktiserer noko anna enn hans ord, har ho slutta å vera kyrkje. Det må jo vera eit kjempeproblem.

Under reformasjonen var mottoet: "Tilbake til Bibelen!" Det er i denne ånda Holter snakkar no. Gjennom middelalderen hadde Den romersk katolske kyrkja kome heilt ut av kurs i høve til mange ting: søilibat for geistlege, messeoffer, avlat, paven som ufeilbarleg, frelse ved nåde + gjerningar osv osv. Men Luther sa under riksdagen i Worms: "Dersom de ut frå gode grunnar i Skrifta kan påvisa at eg tek feil, vil eg tilbakekalla alt eg har sagt. Men dersom de ikkje kan det, korkje kan eg eller vil eg trekkja det attende. Eg er bunden av samvitet mitt, og det er ikkje tilrådeleg å handla mot samvitet sitt. Så hjelpe meg Gud!"

Guds ord er det einaste som kan frelsa sjelene våre. Men denne frelsa kjem først til oss når me let Ordet binda oss på alle livsområder. Jesus kom med sanning og nåde. Utan sanning ingen nåde og vise versa.

4 kommentarer:

Anonym sa...

Hei, Jens. Det er fleire ting eg finn som er skeivt i di framstilling.

Du skriv at kyrkja ikkje har andre røter enn Guds ord i Bibelen. Men faktum er at kyrkja eksisterte i 30 år før eit einaste av bøkene i NT vart skrive. Var ho då rotlaus? Nei, for kyrkja har sine røter i Jesus som ikkje skreiv ei einaste bok. Det var den kyrkjelege tradisjonen som gav oss NT, ikkje omvendt.

Eg syns nesten det er noko hovmodig over nokon som seier: «Takk for at du har gitt meg det nye testamentet. No skal eg fortelja deg kva boka tyder». Å tru at eg forstår betre kva Bibelen tyder, enn det samla vitnesbyrdet til den udelte kyrkja er eit kjempeproblem.

Viss ein trur at alle enkeltindivid heilt utan vidare kan skjøna alt som står i Bibelen på eiga hand, så trur ein feil. Då skulle den etiopiske hoffmannen ikkje ha tronge hjelp heller? Viss ein ikkje trur på tradisjonen si forståing av kva skrifta tyder, vert alternativet at mi forståing av Bibelen er den rette. Men då må eg jo starta ei konkurrerande kyrkje. Dette er protestantismens store problem, som ikkje har gjort rørsla til eit kyrkjesamfunn, men til 20.000.

Det skal vedgåast at Luther reagerte rettmessig mot ein heil del ting, men på fruktene skal treet kjennast. Reformasjonen endte opp i ein blodig krig, og det lutherske Tyskland var langt frå noko paradis. Han kasta også ut fleire ting med badevatnet, som alltid hadde vore der. I tillegg; kor trufast var han eigentleg mot si eiga parole: «Tilbake til Bibelen»? Han ville helst fjerna Jakobsbrev frå nye testamentet, då dette ikkje passa inn i hans private tolking av evangeliet.

For det er berre halve biletet at me vert frelst av tru og nåde. Me vert også frelst ved gjerningar. At me vert frelst av båe desse tinga er dei fyrste kristne samstemte om, kyrkjekonsila, og alle dei historiske kyrkjesamfunna. Å tru at me vert frelste av nåde åleine er eit stjerne-eksempel på kva som skjer når ein skal forma ein ny teologi etter privat openberring, slik Martin Luther gjorde. Ein må ignorera eller bortforklara ei røys av bibelvers for å få det til å gå i hop:

Matt 7:21
21 Ikkje kvar ein som seier til meg: Herre, Herre! skal koma inn i himmelriket, men den som gjer det Far min i himmelen vil.
Matt 24:13
13 Men den som held ut til enden, han skal verta frelst!
Joh 5:29
29 Dei som har gjort godt, for å stå opp til livet, men dei som har gjort vondt, for å stå opp til dom.
Op 22:12
12 Sjå, eg kjem snart, og mi løn er med meg, for å gje kvar og ein att etter som gjerningane hans er.
1Tim 4:16
16 Gjev akt på deg sjølv og på læra! Hald fram med det. For når du det gjer, skal du frelsa både deg sjølv og dei som høyrer deg.
Jak 2:24
24 De ser at eit menneske vert rettferdiggjort ved gjerningar, og ikkje berre av tru.

Samtidig må ein ikkje gløyma bibelvers som dette:
Ef 2:8f
8 For av nåde er de frelste, ved tru. Og dette er ikkje av dykk sjølve, det er Guds gåve.
9 Det er ikkje av gjerningar, så ingen skal rosa seg.

Problemet oppstår når ein vektlegger berre ein av desse tinga, som Luther gjorde. Dermed forsvinn også problemet med sjølvrettferd: me vert frelst av nåde OG eigne gode gjerningar. Eg bør også nevna at den gruppa dei fyrste kristne kjempa hardast mot – gnostikarane – var dei som lærte «frelse ved nåde åleine».

Til sist vil eg påpeika at i den austleg-ortodokse kyrkja fann det aldri stad nokon reformasjon. Dei kom ikkje med nye lærer som gjekk på tvers av oldkyrkja, men vidareførte det som hadde vore den universelle læra i dei fyrste 1000 åra av kyrkjehistoria.

Jens Thoresen sa...

Hei!
Eg trur me står langt frå kvarandre i mange ting.
Til det første: Dei heilage skriftene er eldre enn Det nye testamente. Jesus anerkjente GT som Guds normative ord. Han argumenterte ut frå Skriftene og slo fast at dei ikkje kan gjerast om inkje. Likeeins apostlane. Og Jesu undervisning var vel Bibel så godt som noko sjølv før dei var skrivne ned eller samla. Og Timoteus kjende dei heilage, og av Gud innblesne, skriftene som kunne gjera han vis til frelse ved trua på Jesus. Så det er nok feil det du antydar at kyrkja var før Bibelen. Kyrkja byggjer på Bibelen.

Frelse av nåde ved tru utan lovgjerningar er så godt dokumentert i Romerbrevet og Galaterbrevet at eg knapt treng å kommentera det. At me skal dømast etter våre gjerningar tyder sjølvsagt ikkje at me blir frelst av eller ved dei. Gjerningane våre vil avsløra om me har vore i Kristus eller ikkje. For dersom me er i Kristus, er me nye skapningar som gjer nye gjerningar. Me er altså ikkje frelste av gode gjerningar, men til gode gjerningar. Det er sjølvsagt tydleg for alle som vil sjå det.

Anonym sa...

Takk for svar.

Jaudå, det gamle testamentet eksisterte sjølvsagt før kyrkja. Men viss det var dette som var grunnlaget for kyrkja, ville kyrkja ikkje vore anna enn jødedom. Det er NT som er kyrkja sitt skriftlege fundament. Men som eg seier fanst ikkje NT den fyrste tida av kyrkjehistoria. Fundamentet er altså å finna ein annan stad, og det er her du dreg fram Jesu eigne ord. Du må då operera med eit ganske vidt tekst-omgrep viss apostlane sine muntlege overleveringar av Jesu ord er for Bibel (biblia = bøker) å rekna. Men lat no det liggja.

Poenget for meg er at apostlane ikkje fyrst og framst gav seg til som forfattarar, journalistar og historikarar for å spreia kristendommen. Berre tre av Jesu disiplar etterlét seg tekstar, viss barnelærdomen sit som han skal. Kva med dei andre åtte? Hadde dei ikkje noko å seia ettertida? Det dei i staden brukte tida si på var å starta kyrkjer. Og overleverte munnleg Jesu ord til dei nye forsamlingane. Det var med andre ord kyrkja som var apostlane si store gåve til ettertida. Og ut av kyrkja kom så sakte, men sikkert den nytestamentlege kanon, som du sikkert veit ikkje var ferdigspikra før ut på 300-talet. Paulus seier til kyrkja i Thessaloniki at dei må stå støtt, og halda fast på den læra dei har vorte opplærde i, anten ved tale eller ved brev. Det var med andre ord mykje Paulus hadde å seia og læra i tillegg til det han skreiv. For å få det fulle biletet av læra treng ein difor det samla oldkyrkjelege vitnesbyrdet i tillegg. Då er det ein del ting som ser litt annleis ut.

Oldkyrkja var klinkande klar på at å verta frelst er ein synergi mellom Gud og menneske. Guds nåde og vårt samarbeid (gjerningar). Mange protestantar, og du inkludert, seier at Bibelen er den endelege målestokken, men når eg siterer Bibelen på at den som held ut til enden, han skal verta frelst, då trumfar den lutherske forståinga av frelsesspørsmålet Bibelen sine eigne seiemåtar. Paulus sine ord om lovgjerningar handla som me veit om dei jødiske forskriftene og lovgjerningane, då det fanst grupperingar som ville gjera jødiske forskrifter gjeldande for heidningekristne.

Studerer ein dei før-nikeanske kyrkjefedrene sine skrifter, finn ein at i dette er dei samstemde. Klement av Roma, som var overhovud for menigheten Paulus skreiv romarbrevet til, seier: «Det er derfor nødvendig at me er flittige i å utøva gode gjerningar. For han åtvarer oss, ”Sjå, eg kjem snart, og mi løn er med meg, for å gje kvar og ein att etter som gjerningane hans er.”». Sitatet han nyttar er frå Johannes openberring. Polykarp lærte: «Han som reista Han opp frå dei døde vil også reise oss opp - viss me gjer hans vilje og vandrar i hans bud og elskar det han elska, og held oss borte frå all urettferdigheit.» Desse levde før kyrkjekonsilet i Nikea. Var kyrkja allereie då «kome ut av kurs» som er tesa i innlegget ditt? Kven forstår apostlane si lære best, ein nordmann anno 2009, eller personar som snakka med Jesu apostlar på tomannshand, på originalspråket?

Det store problemet for mange vestlege kristne er at Augustin, Luther og andre vestlege teologar har overtydd dei som at det finst ei umogeleg konflikt mellom frelse basert på nåde, og frelse basert på lydnad. Mens faktisk båe er naudsynte for å koma til himmelen. (Det hjelper lite å vera frelst, viss ein ikkje kjem til himmelen, for å seia det slik)

Hadde Polykarp og Klement av Roma forkynt slik som over i ein norsk frikyrkje i dag, er sjansane til stades for at dei hadde vorte avviste som loviske. Men samstundes som at dei lærte at lydnad er essensielt for å verta frelst, lærte dei at me er rettferdiggjorte av nåde. Dei såg ikkje noko uforsonleg konflikt mellom dei to. Den same Klement av Roma sa: «Me blir ikkje rettferdiggjort av oss sjølv. Heller ikkje ved vår eigen vidom, forståelse, gudlikhet eller gjerningar gjort i eit heilagt hjarte.» Men dei fyrste kristne heldt ikkje Paulus brev til galatarane og romarane over Jesu eller apostlane si lære.

Jens Thoresen sa...

Hei igen, og takk for svar.
Eg er vel ikkje samd med deg i at GT forkynner jødedom. Jødedomen er ei tolking av GT som Jesus ikkje kunne stadfesta som gyldig. Derimot sa han at "de granskar Skriftene fordi de trur de har liv i dei, OG DET ER DEI SOM VITNAR OM MEG!" GT er altså ei sann kjelde til kristendom, og Jesus kritiserer faktisk ein plass farisearane for å setja Guds ord til sides til fordel for menneskebod, føreskrifter som dei hadde arva frå fedrane sine og ikkje frå Gud. Det er ein kardinalfeil å identifisera GT med jødedom. Jødedomen er ei tolking av GT som Jesus ikkje godkjenner. Men han godkjenner GT som ei hovudkjelde til kunnskap om seg sjølv.

Frelse er vel ikkje primært "å koma til himmelen" når me døyr. Det handlar om å bli Guds barn ved trua på Jesus her og no, og det å leva for Gud her og no. Me les om Jesus at han døydde for syndene våre, forat dei som lever, ikkje skal leva for seg sjølv, men for han som døydde og sto opp for dei." Det er eit samstemt vitnemål i Bibelen at først blir me frelst av nåde ved tru, så startar livet med Gud i teneste for han og vår neste.

Når det gjeld dei førnikenske kyrkjefedrane representerer dei ein mangslungen flokk. Dei hadde skrivekløe som få andre etter dei. Eg les faktisk litt i skriftene deira, og her er det mangt å læra. Men det er Skriftene dei ausar av og som dei argumenterer ut frå når dei slost mot alle typar av vranglære som dukka opp i den tida, og det var ikkje lite. Og sjølv om kanon ikkje var endeleg etablert, er det som me idag kjenner dei kanoniske bøkene i NT og GT som går att hos kyrkjefedrane når dei argumenterer og rettleider. Men om du spør meg om det finst avvik hos dei, er vel dei fleste kyrkjehistorikarar samde om at mange av dei meir eller mindre er prega av gnostisismen (ikkje minst Origenes). Men ikkje berre det: Cyprian innførte ein meir eller mindre gammeltestamentleg gudstenesteskikk og eit gamaltestamentleg syn på prest og lekmann (som enno lever i den romersk katolske kyrkja), og Tertullian hamna i den strengt legalistiske montanismen, og han og mange andre fann grunn til å hevda at det var synd for enker og enkemenn å gifta seg på nytt osv. Jo, her er mangt å ta tak i.

Men når du spør om ein tarveleg luthersk protestant anno 2009 sit med alle svar, er sikkert svaret nei, men han har same rett og plikt som alle kristne å prøva eikvar lære, om ho kjem frå kyrkjefedrar eller nolevande biskopar, apostlar, pavar eller konsil. Ja, det er livsviktig for oss å prøva alt og halda fast på det gode, Jesus pålegg oss det, og inga makt i verda kan ta frå oss den retten, og då er det Bibelen og den Anden som talar der me me må prøva alt på.