mandag 2. mars 2009

Frelse og lækjedom

Jesus frelste syndarar, lækte sjuke, metta svoltne og sette bundne fri. Guds rike kom med Jesus, og desse godene høyrer riket til.

I Johannes 1:12 vert det markert at ”alle som tok imot Jesus fekk rett til å bli Guds barn!” Barnekåret er altså ein rett som alle kristne har i Jesus. Ingen treng hevda denne retten. Den er gjeven av Gud og vert berre trekt attende dersom me snur oss bort frå Jesus. Tilgjeving frå synd, barnekår hos Gud og evig liv er ubestridelege rettar ein kristen har. Dette er ikkje ting som kjem til oss ”over tid”, men som me har i same sekund me kjem til tru.

Fridom frå demoniske makter er også ein rett me har som kristne, men her kan me rota oss opp i problem dersom deler av liva våre vert liggjande i mørkret. Då kan me bli bundne i vår ånd, og erfarer først fridom ved å sanna syndene og gje Jesus retten og makta attende over dei nemnde livsområda. Me kan i slike saker koma til å trenga hjelp av medkristne i kampen for å oppnå full åndeleg fridom.

Sjukdom i kroppen er i hovudsak knytt opp til arvesynda som me alle ber i oss og med oss. Full kroppslege lækjedom høyrer den komande verda til. Likevel ser me i Det nye testamentet at Jesus var raus med å dela ut lækjedom til folk. Me har grunn til å tru at han lækte alle som kom til han med plagene sine. Lækjedom er i ei Guds gåve, og den må som alle andre Guds gåver takast imot i tru. Men eg kan vanskeleg sjå at det høyrer med til ein kristens rett å vera frisk. Men som kristne har me rett til å be om lækjedom. I Jesus har me fri tilgang til Gud, og me har rett til å be om kva me vil, og dersom me ber i tru, vil me få det me ber om. Men her må me skilja mellom ei tru som me tek oss til og ei tru som vert oss gjeven av Gud. Me kan gjerne mobilisera all vår mentale kraft for å tru, men denne trua vil ikkje gje oss lækjedom. Den er sjølvprodusert. Berre ei Gudgjeven tru kan ta imot lækjedomen frå Gud. Difor må me be: ”Gud, gje oss den trua som kan ta imot din lækjedom, og den trua me treng for å kunna formidla din lækjedom til andre.”

Eit godt råd med tanke på å kunna ta imot og formidla lækjedom er å bruka skriftemålet, dvs at du sannar syndene dine for ein medkristen med teieplikt (alle har sjølvsagt det, men hos pastorar er dette juridisk bindande) I Jakobs brev 5 les me i samband med salving og bøn for sjuke: ”Sanna difor syndene for kvarandre, så de kan verta lækte!” Eg vil koma attende til denne biten i morgon.

Ingen kommentarer: