fredag 6. mars 2009

Snikinnføring av livssyn

Siv Jenssen er redd for at Noreg skal bli snikislamisert. Det er ikkje direkte lett å vita kva ho meiner med dette, men truleg er det eit utslag av debatten rundt blasfemilova som SP ville ha, og hijab som ein del av uniformen for muslimske politikvinner.

For mange år sidan sa kraftsosialisten Trygve Bull at det var liten vits i å prøva å fjerna kristendomen frå skule og samfunn i ein fei. Det ville ikkje fungera, meinte han. Derimot slo han til lyd for å fjerne kristendomen gradvis. Då ville ikkje dei kristne reisa seg og laga bråk. Dei ville vera som ein frosk som ligg i vatn som gradvis vert oppvarma. Han ensar ikkje endringa, og døyr utan å merka det.

Og slik har det gått. Det norske samfunnet er blitt sniksekularisert, og no er kristen tru og tanke snart heilt og fullt fortrengt til den private sfære.

Men så kjem eit viktig spørsmål: Kan sekularismen i lengda demma opp for udemokratiske krefter i dei muslimske miljøa? Det tvilar eg på. Eg er redd det norske samfunnet kan koma til å betala ein høg pris for snikavkristninga som har pågått i mange tiår allereide. Undervisningsministeren kallar kristendomen i skulen for eit gufs frå fortida. Det er historielaus tale. For utan kristendom ville me ikkje hatt nestekjærleik, solidaritet og tilgjeving som viktigeverdiar i dette samfunnet.


Kva har me som kristne å setja inn mot dette? Johannes skriv at "han som bur i dykk er sterkare enn han som bur i verda." Jesus vert kalla Immanuel, "Gud med oss". Me er sterke i han, og forresten er me enno mange. Let me oss fylla av Gud, så kan me vel enno ein gong fungera som ein surdeig som syrer heile deigen, som Jesus uttrykker det, åndsfylte kristne som får Guds kraft til å trenga gjennom til alle. Jesus framstiller Guds rike som eit framgangsrikt og sigrande rike som alltid er i kamp. Men som Jesu soldatar må me først ta vare på hjarto våre, og så må me i fellesskap løfta Jesus fram for folk ved å vitna om han og gjera det gode. Så kan det vel henda at me kan snikinnføra Jesus igjen både her og der.

Ingen kommentarer: