onsdag 18. mars 2009

Bøna hevar forbanninga

I Kolossarbrevet 4,2-4 lærer Paulus oss ein del om bøn.
Ingenting forvitrar så lett som ein kristens bøneliv, og det er ofte vanskeleg å halda bøna oppe på eit forsvarleg nivå. Det veit alle kristne. Difor er det så viktig at me let oss formana, og at me formanar kvarandre om å vera uthaldande på dette området.

Bøna er sjølve kontaktpunktet mellom oss og Gud, og det er i bøna me erfarer at Guds godleik og nåde skyller inn over oss, inspirerer, fornyar og oppmuntrar oss.

Bøna i seg sjølv artar seg som ein kamp for det gode og mot det vonde. Me slost mot det vonde i oss sjølve og i den verda me lever i, og for det gode som Gud vår Far har makt til å gje oss når me ber i tru. Og kampen begynner før du ber. For bøna i seg sjølv ei stor og god gåve som Satan vil hindra Guds barn å ta i bruk. Difor kjenner du alt ein indre motstand mot bøna før du løftar hendene eller bøyer knea dine innfor Gud. Alle bedarar forstår kva eg meiner her. Den første sigeren vinn du difor i same augneblink som du ber.

Bøna er nøkkelen til suksess i forkynning og vitnemål. Han du nokon gong undra deg over at folk du snakkar med om Gud ikkje er interessert i det du pratar om, og at dei berre møter deg med eit lukka sinn? Det er fordi alle er fødde med ein gudsmotstand i hjarta, ei forbanning som berre kan hevast av kristne som ber. Difor skriv Paulus at dei kristne i Kolossæ måtte be om at det måtte opna seg ei dør for Ordet og at han fekk dei rette orda når han opna munnen for å fortelja om Jesus og Guds veg.

Stundom undrar me oss over at forkynninga i Noreg er så slapp og lite fruktbar. Men grunnen finn me her: Det er så få som verkeleg ber for forkynnarar og vitner, at det skal opna seg dører for Ordet, og at Gud skal gje dei ord som bit på rett vis og på rette plassar. Så slik skal me no be framover, og resulata vil vera like sikre som sanninga i Guds eige ord.

Ingen kommentarer: