onsdag 25. mars 2009

Litt om ingenting

Illustrasjon: Haakon Sundal: Ydmykhet

Eg lova å koma attende til Richard Wurmbrand sin tale i Johanneskirken i Bergen ein gong i 1980. Det første eg hugsa var at mannen måtte sitja medan han talte. Beina hans verka så fælt etter alle slaga han fekk under fotsolane under fengselsopphalda sine. Dei vart aldri gode att.

Denne søndagen ville han, sa han, tala om det sterkaste stoffet i universet: INGENTING. For då Gud skapte himmel og jord, skapte han det av INGENTING. Og det var det einaste stoffet han kunne bruka når han skulle skapa.

Og så fortalde han om ei kvinne frå Den norske israelsmisjonen som han hadde truffe i Romania i si tid. Gud brukte henne så kraftig i si teneste fordi ho var så audmjuk. Ho var ingenting i seg sjølv. Og slik er det i Guds rike framleis: GUD KAN BERRE BRUKA DET SOM INGENTING ER. Og han synte til 1. Korintarbrev kapittel 1 der Paulus påviser at Gud vel seg ut det som ingenting er for å gjera til skamme det som er noko.

Så langt Wurmbrand.

Så er det då eit spørsmål om kvifor Gud i så liten grad brukar kristne til å gjera sine store gjerningar? Og svaret er ikkje at me er for svake og har for liten kraft. Snarare tvert om: Me har for store tankar om oss sjølve og om kva Gud kan bruka oss til. For før me kan sjå Guds gjerningar, må me heilt missa trua på eigen åndeleg kapasitet. Me må bli skikkeleg små i oss sjølve, og verkeleg forstå at me ikkje kan gjera noko som helst ut frå menneskeleg utrustning. Alt godt må Jesus gjera gjennom oss. I Guds rike gagnar menneskeleg kløkt, kreativitet og kraft (les kjøtt) ingenting, berre Den Heilage Ande som bur i oss kan gjera det som har sann verdi i denne tida og i æva.

Ingen kommentarer: