tirsdag 24. mars 2009

Pastor Richard Wurmbrand (rumensk jøde, luthersk teolog og grunnleggjaren av "Jesus to the communist world", no "Voice of the Martyrs") som døydde i februar 2001 ville i dag ha fylt 100 år om han hadde fått leva. Eg finn grunn til å markera denne dagen. Få personar har fascinert meg så mykje som denne mannen. Etter i 1976 å ha lese boka hans "Kristen i rumensk fengsel" har eg vore heilt fengsla av både mannen og livet hans. Etter den 2. verdskrigen sto Wurmbrand modig fram i Bucuresti og forkynte evangeliet om Jesus som den einaste sanninga i eit land som var på full veg inn i kommunismen. Wurmbrand vart fengsla og måtte pga sitt frimodige vitnemål tilbringa totalt 14 år i fengsel, inkludert 3 år på einecelle. I boka si gjev han oss eit levande bilete av ting som hende desse åra, det er brutalt men likevel fullt av varme, humor og visdom. Spesielt er det å lesa om den omsorgen og godleiken han hadde for fangevaktarane som torturerte han og gjorde det dei kunne for å sveikka han. Men dei lukkast ikkje. Ånda hans vart berre enno meir vital og skjerpa, og eg veit ikkje om nokon har tal på alle dei han gjennom desse åra fekk føra til Jesus, mellom anna kommunistar som hadde falle i unåde hos partileiinga.

I 1964 fekk Wurmbrand amnesti etter at Den norske israelsmisjonen hadde "kjøpt" han fri. På det viset fekk Wurmbrand eit livslange og sterke band til vårt fedreland, og han besøkte ofte Noreg.

I 1980 var eg så heldig å få helsa på han og kona hans Sabina (som for sin del sat 3 år i fengsel for trua si, noko som ho har skrive om i boka "Pastorens hustru"). Dei var i Bergen, og Wurmbrand talte på gudstenesta i Johanneskirken. Eg skal seinare koma attende til innhaldet i den talen. Etter gudstenesta fekk eg så ta desse to store og gode menneska i handa og prata med dei, og det som slo meg var kor alminnelege dei var, og at dei let meg som ein ganske ordiner nordmann føla meg viktig. eg gjekk heim og kjende meg rikare enn før.

Richard Wurmbrand var kontroversiell fordi han avslørte kommunismen og sosialismen som ein umenneskeleg idè midt i ei tid då dei intellektuelle gjerna flørta sanselaust med dette tankegodset. Men historia gav Wurmbrand rett, og det er godt å tenkja på. Men det ser ut til at det gamle kommunisttrollet enno har nokre hovud att som ikkje er kappa av. Det ser me no.

Ingen kommentarer: