Follow by Email

lørdag 30. juni 2018

Kristent leiarskap IV. Elskar du meg?

Den fremste kvalifikasjonen for ein kristen leiar er at han/ho elskar Jesus.
Samtalen som Jesus og Peter hadde ved Genesaretsjøen etter oppstoda var i røynda ein "ordinasjonssamtale". Langfredag hadde Peter svikta Jesus grovt, og det var ikkje underleg om resten av disippelflokken lurte på om dei i framtida kunne stola på Peter, om han hadde det som skulle til for å vera ein leiar for flokken.

Men ein fallen leiar er ikkje ein avsett leiar. Heldigvis. Men Peter trong å bli fornya i kallet, og dei andre måtte vita at Peter hadde Jesus i ryggen. Det var bakgrunnen for denne underlege samtalen dei to i mellom på stranda ved Genesaretsjøen, kanskje på same plass det Peter møtte Jesus første gongen og vart kalla til å fiska menneske saman med han.

Tre gonger fekk Peter spørsmålet om han elska Jesus, og for kvar gong Peter svara bekreftande på det, fekk han eit hyrdeoppdrag: "Fø lamma mine", "Vakta sauene mine" og "Fø sauene mine".

Jesus er nydeleg. Han brydde seg om Peter og gav han ein ny sjanse. Peter må ha blitt sjeleglad, og oppfatta det som ei stor og ufortent gåve. Eg trur han må ha gått med ei uggen kjensle av at alt det han hadde vona på for sin eigen del, var slutt, at det var andre som måtte ta Jesu verk vidare. Han hadde synt seg inkompetent.

Men akkurat denne audmjuke sjølverkjenninga vart redninga for han. Det er slik Gud opererer, han gjev dei audmjuke nåde, ikkje berre i form av tilgjeving og frelse, men i form av ny tillit.

Peter elska Jesus. Kvifor det? Fordi han hadde fått så mykje tilgjeve. Der synda var stor, vart nåden enno større.

Kristne leiarar må ta vare på kjærleiken til Jesus, eller kan dei ikkje leia menneske som Jesus elskar. Då må dei flittig sanna syndene sine, for den som får mykje tilgjeve, elskar mykje. Den som får lite tilgjeve, elskar lite.


fredag 29. juni 2018

Kristent leiarskap III. Inn til Gud, ut til menneska

I går såg me på dette at ein kristen leiar er ein kristen leiar i den grad han/ho leier folk til Gud.

Men DET er jo strengt tatt eit ansvar alle kristne har, om ein er definert leiar eller ikkje. Det er kjerneaktiviteten for disiplar. 

Ein leiar har i tillegg eit særleg ansvar i dette å læra andre kristne å leva Gud nært, samstundes som han/ho skal læra dei å vinna nye menneske for Kristus og føra dei inn i Guds familie. 

Å vera ein kristen leiar er å føra kristne inn til Gud og ut til menneska. Dersom folk ikkje er hos Gud, har dei ingenting å bidra med i andre folks liv. Desse to tinga heng godt saman.

Som pastor er eg ein misjonsleiar. Taper eg dette perspektivet av syne, bør eg overlata jobben min til ein som har dette perspektivet.

Jesus sa til Peter då han hadde innsett han til gjetar for flokken sin: "Følg meg!"
Og kor går Jesus?
Under sitt jordeliv gjekk han til dei fortapte sauene av Israels hus.
I dag er han på vandring gjennom alle nasjonar for å leita opp og frelsa fortapte menneske av einkvar nasjon, eikvar språkgruppe og stamme.

Den som vil følgja Jesus i dag, må følgja han på denne reisa, naturlegvis.


torsdag 28. juni 2018

Kristent leiarskal II. Det handlar om å leida folk til Gud

Å vera ein kristen leiar er å leia menneske til Gud.
Alle leiarar har eit mål for si gjerning. For ein kristen leiar er det sentrale målet at folk skal finna Gud og bli verande hos han.

Difor må kristne leiarar i alle fasongar leva nær til Gud, for ingen kan leida andre til ein plass der dei sjølve ikkje er. Difor sa Paulus dette til dei eldste i Efesos: "Ta vare på dykk sjølve og på den flokken som han har gjeve dykk".

Pastoren sitt eige gudsliv og åndelege helse skal altså ha førsteprioritet hos pastoren. Berre ved å leva ved Guds hjarta, kan han formidla Guds hjarta til menneska, for det er DET dette handlar om, ikkje noko mindre.

Leiarar i næringslivet har bedriften sin som mål, at bedriften skal gå godt og tena pengar. All peronalpolitikk handlar om å styrka bedriften, og då må dei også sjå til at folka som skal gjera jobben har det bra og fungerer godt.

I Guds rike er det folka det handlar om, ikkje kyrkjelyden eller organisasjonen, men menneska. Det er ein heilt annan business.

tirsdag 26. juni 2018

Kristent leiarskap I

Skal me ha begrep om kva det betyr å vera ein kristen leiar, må me sjå på Jesu liv. Hans leiarskap er den einaste brukbare modellen, og han seier om seg sjølv: "Eg er den gode gjetaren, den gode gjetaren set livet til for sauene".

Det er mange ulike leiarar: apostlar, profetar, evangelistar, gjetarar og lærarar.

Men i botn for alt kristent leiarskap ligg gjetarsinnet. Jesus sa aldri om seg sjølv av han var "den gode apostelen" eller "den gode profeten", berre dette at han var den gode gjetaren, sjølv om han var alt det andre også.

Pastor betyr jo rett og slett gjetar. Så er det spørsmål om kor god pastoren er, i kor stor grad han liknar på Jesus.

Jesus utmerka seg med å elska disiplane sine, og han elska å vera saman med dei.
Gode  gjetarar elskar medlemmene sine, og han elskar å tilbringa tid saman med dei.
Den som ikkje elskar å vera saman med "sauene" sine, er ingen god gjetar, og vil bli avsett av Jesus om det ikkje kjem til ei endring.

Dersom ein pastor ikkje elskar folk, bør han straks ta kontakt med Jesus og be han om å bli forvandla, og er det noko Jesus er god på så er det jo å forvandla folk, og støtt og stadig treng me som har påteke oss leiaransvar å bli forvandla av Han som me representerer.

Den som ikkje er viljug å gå den vegen, må for all del ikkje få lov å halda fram som kristen leiar. Han gjer meir skade enn nytte.

mandag 25. juni 2018

Unge Høgre sine vedtak, speglar dei framtida?

På Unge Høgre si nettside les me enno slik:

"For Unge Høyre er det en grunnleggende verdi at vi ikke skal gi opp mennesker, og det er ikke en offentlig oppgave å avslutte menneskers liv. Vår oppgave som politikere er tvertimot å sørge for at innbyggerne har det best mulig. Det å legalisere aktiv dødshjelp endrer legeyrket radikalt. 

For Unge Høyre er det en grunnleggende verdi at vi ikke skal gi opp mennesker. Derfor sier vi nei til aktiv dødshjelp."

Dette er jo heilt glimrande. Men i helga gjorde dei eit vedtak på landsmøtet sitt som slår beina under desse flotte formuleringane . Frå no av vil Unge Høgre i særskilde tilfelle gå inn for aktiv dødshjelp . 

Vidare røysta eit knapt fleirtal på landsmøtet for legalisering av sal av cannabis, og det vart også vedteke å gå inn for såkalla altruistisk surrogati, dvs at par eller enkeltpersonar kan nytta seg av ikkje-betalte surrogatmødre for å oppfylla ønskje om å få eigne barn. Dette siste er nok tilpassa "foreldrebehovet" til homoseksuelle menn. 

Med desse vedtaka ser det ut til at Unge Høgre vil at Noreg skal følgja i Nederlands fotspor. I 2017 vart heile 6585 menneske avliva på denne måten der, og det ser ut til at "brukargruppene" blir stadig fleire. Me vil ikkje ha dette her til Noreg. 

Alle desse vedtaka går i feil heilt feil retning i høve til Guds plan og vilje. 

Aktiv dødshjelp er drap, ikkje noko anna. Unge Høgre burde ha stått på den gamle formuleringa om at det ikkje er ei offentleg oppgåve å avslutta menneskeliv, og då kunne dei lagt til: "korkje født eller ufødt". Heile tanken om aktiv dødshjelp byggjer på ein ateistisk filosofi som seier at alle må ha rett til å bestemma over sitt eige liv og sin eigen død. Men Gud åleine er Herre over liv og død, og Han har rett til å bestemma både over korleis me skal leva liva våre, og korleis  og når me skal døy, og det er samfunnet si oppgåve å gje sjuke menneske LIVSHJELP, ikkje dødshjelp. Og her er det mange ting som kan gjerast, og som alt blir gjort. Norsk helsevesen er flinke på akkurat dette. Aktiv dødshjelp har ingen støtte i noko som helst kjent moralsystem. 

Det som vil skje om dette etter kvart blir som UH ønskjer det er naturlegvis at gamle og sjuke menneske som kjenner seg til bry for samfunnet ber om å få døy. Kven skal kunna nekta dei det? Kven VIL nekta dei? 

Og ein annan ting: Einkvar rett, utløyser ei plikt. Når eit menneske har rett til å døy, har eit anna menneske plikt til å drepa. Kven kan påleggja andre ei slik plikt? Kva skjer med dei som ikkje vil utøva denne plikta si? 

Å legalisera hasj vil garantert vera å starta på ei grenselaus grenseflytting. Det vil bli vanskeleg å argumentera for å tillata det eine stoffet og forby det andre. Det er ein dans med fienden dette her. 

Alt som gjer det mogeleg for homoseksuelle å bli foreldre, er mot Gud, fordi Guds plan er at alle barn skal ha ein mor og ein far. Ingen tvil om det. 

Og det som er mot Guds vilje, er mot oss sjølve og livet. Men mest alvorleg er det likevel at surrogati frårøvar barnet retten til å ha mora si som mor. Dette krenkar barnet sine rettar på grunnleggjande vis.

Unge Høgre med sin nye liberalitet vil ta vårt kjære fedreland lenger og lenger inn i heidenske tankemønster. Med tanke på den solide kristne bakgrunn som dette partiet i si tid vart grunnlagt på, er det både underleg og sørgeleg å leggja merke til. Det starta med Kåre Willock, og kor det endar, veit ingen. 

Det er tid for oss å venda oss til himmelens Gud i bøn for dette landet vårt som Gud har gjeve oss og som me er så glade i. Djevelen har jobba lenge og målretta for å fjerna nordmenn og kvinner frå Gud og hans gode og livsbejaande ord og bod. Det ser ut til at han lukkast overlag godt med strategien sin.

Men han kan forrekna seg. For me skal reisa oss og be Gud om å intervenera i Noreg, og me skal forkynna evangeliet og alt Guds ord for liten og stor, fattig og rik, høg og låg, og den krafta som ligg i ei kyrkje som gjer det ei kyrkje er kalla til, er heilt uimotståeleg. 

Kva er kjærleik?


Priderørsla er i ferd med å overta definisjonen av kva kjærleik er. Det må for all del ikkje skje, for denne rørsla blandar saman lyst og kjærleik på ein svært farleg måte. 

Kjærleiken er klårast og sannast definert i Det nye testamentet, og er bestemt av ved tre ulike greske ord: Agape, filos og eros.
  • Agape tyder Guds kjærleik, eller også allmenn nestekjærleik
  • Filos står for venskap. 
  • Eros er den lidenskaplege, emosjonelle kjærleiken

Det er viktig at me held desse formene for kjærleik litt frå kvarandre.
Nestekjærleik er på sett og vis heva over kjenslelivet. Her handlar det om å setja andre menneske sine behov framom sine eigne.

Jesus Kristus demonstrert denne kjærleiken då han bar syndene våre opp på krossen for å betala for dei med sitt eige liv og blod.

Den same guddommelege kjærleiken synte han dag etter dag då han lækte dei sjuke og trufast forkynte og underviste eit folk som var som sauer utan gjetar.
Agapekjærleiken er best skildra i 1.Korintarbrev 13, eit kapittel som blir lese i mange bryllaup.

Agapekjærleiken treng ikkje vera gjensidig. Jesus sa: «Elsk fiendane dykkar». Han utfordrar oss til å setja fiendane våre sine behov framfor våre eigne.
Det er DENNE kjærleiken som blir framstilt som den største av dei tre kardinaldygdene tru, von og kjærleik.

Venskap, filos, er ein annan form for kjærleik som er kjenneteikna ved å djup personleg sympati mellom to menneske. Her er det snakk om gjensidighet, men har ingenting erotisk med seg, og skal ikkje ha det. Blir eros blanda inn i filos, vert filos øydelagd.

Eros er i hovudsak den lidenskaplege kjærleiken mellom kvinne og mann, den som må vera der for at ekteskapet skal kjennast meiningsfullt og himmelsk. Men sidan kjensler kjem og går, må eros kombinerast med filos og agape om ekteskapet skal lukkast. Ektefolk må vera vener, og i vanskelege tider må ein bestemma seg for å setja den andre si lukke først.

Sex åleine blir i Bibelen ikkje kalla kjærleik i det heile, men kun lyst. Det er strengt tatt egoisme, som er det motsette av all kjærleik.

Priderørsla har teke på seg å læra verda kva kjærleik er. Dei tek grundig feil i det meste. Det dei kallar kjærleik, er i hovudsak lyst, som altså er egoisme. Ingen bør lytta til desse falske tonane frå folk som trur dei forstår noko, men som manglar openberring.