fredag 29. juni 2018

Kristent leiarskap III. Inn til Gud, ut til menneska

I går såg me på dette at ein kristen leiar er ein kristen leiar i den grad han/ho leier folk til Gud.

Men DET er jo strengt tatt eit ansvar alle kristne har, om ein er definert leiar eller ikkje. Det er kjerneaktiviteten for disiplar. 

Ein leiar har i tillegg eit særleg ansvar i dette å læra andre kristne å leva Gud nært, samstundes som han/ho skal læra dei å vinna nye menneske for Kristus og føra dei inn i Guds familie. 

Å vera ein kristen leiar er å føra kristne inn til Gud og ut til menneska. Dersom folk ikkje er hos Gud, har dei ingenting å bidra med i andre folks liv. Desse to tinga heng godt saman.

Som pastor er eg ein misjonsleiar. Taper eg dette perspektivet av syne, bør eg overlata jobben min til ein som har dette perspektivet.

Jesus sa til Peter då han hadde innsett han til gjetar for flokken sin: "Følg meg!"
Og kor går Jesus?
Under sitt jordeliv gjekk han til dei fortapte sauene av Israels hus.
I dag er han på vandring gjennom alle nasjonar for å leita opp og frelsa fortapte menneske av einkvar nasjon, eikvar språkgruppe og stamme.

Den som vil følgja Jesus i dag, må følgja han på denne reisa, naturlegvis.


Ingen kommentarer: