mandag 25. juni 2018

Unge Høgre sine vedtak, speglar dei framtida?

På Unge Høgre si nettside les me enno slik:

"For Unge Høyre er det en grunnleggende verdi at vi ikke skal gi opp mennesker, og det er ikke en offentlig oppgave å avslutte menneskers liv. Vår oppgave som politikere er tvertimot å sørge for at innbyggerne har det best mulig. Det å legalisere aktiv dødshjelp endrer legeyrket radikalt. 

For Unge Høyre er det en grunnleggende verdi at vi ikke skal gi opp mennesker. Derfor sier vi nei til aktiv dødshjelp."

Dette er jo heilt glimrande. Men i helga gjorde dei eit vedtak på landsmøtet sitt som slår beina under desse flotte formuleringane . Frå no av vil Unge Høgre i særskilde tilfelle gå inn for aktiv dødshjelp . 

Vidare røysta eit knapt fleirtal på landsmøtet for legalisering av sal av cannabis, og det vart også vedteke å gå inn for såkalla altruistisk surrogati, dvs at par eller enkeltpersonar kan nytta seg av ikkje-betalte surrogatmødre for å oppfylla ønskje om å få eigne barn. Dette siste er nok tilpassa "foreldrebehovet" til homoseksuelle menn. 

Med desse vedtaka ser det ut til at Unge Høgre vil at Noreg skal følgja i Nederlands fotspor. I 2017 vart heile 6585 menneske avliva på denne måten der, og det ser ut til at "brukargruppene" blir stadig fleire. Me vil ikkje ha dette her til Noreg. 

Alle desse vedtaka går i feil heilt feil retning i høve til Guds plan og vilje. 

Aktiv dødshjelp er drap, ikkje noko anna. Unge Høgre burde ha stått på den gamle formuleringa om at det ikkje er ei offentleg oppgåve å avslutta menneskeliv, og då kunne dei lagt til: "korkje født eller ufødt". Heile tanken om aktiv dødshjelp byggjer på ein ateistisk filosofi som seier at alle må ha rett til å bestemma over sitt eige liv og sin eigen død. Men Gud åleine er Herre over liv og død, og Han har rett til å bestemma både over korleis me skal leva liva våre, og korleis  og når me skal døy, og det er samfunnet si oppgåve å gje sjuke menneske LIVSHJELP, ikkje dødshjelp. Og her er det mange ting som kan gjerast, og som alt blir gjort. Norsk helsevesen er flinke på akkurat dette. Aktiv dødshjelp har ingen støtte i noko som helst kjent moralsystem. 

Det som vil skje om dette etter kvart blir som UH ønskjer det er naturlegvis at gamle og sjuke menneske som kjenner seg til bry for samfunnet ber om å få døy. Kven skal kunna nekta dei det? Kven VIL nekta dei? 

Og ein annan ting: Einkvar rett, utløyser ei plikt. Når eit menneske har rett til å døy, har eit anna menneske plikt til å drepa. Kven kan påleggja andre ei slik plikt? Kva skjer med dei som ikkje vil utøva denne plikta si? 

Å legalisera hasj vil garantert vera å starta på ei grenselaus grenseflytting. Det vil bli vanskeleg å argumentera for å tillata det eine stoffet og forby det andre. Det er ein dans med fienden dette her. 

Alt som gjer det mogeleg for homoseksuelle å bli foreldre, er mot Gud, fordi Guds plan er at alle barn skal ha ein mor og ein far. Ingen tvil om det. 

Og det som er mot Guds vilje, er mot oss sjølve og livet. Men mest alvorleg er det likevel at surrogati frårøvar barnet retten til å ha mora si som mor. Dette krenkar barnet sine rettar på grunnleggjande vis.

Unge Høgre med sin nye liberalitet vil ta vårt kjære fedreland lenger og lenger inn i heidenske tankemønster. Med tanke på den solide kristne bakgrunn som dette partiet i si tid vart grunnlagt på, er det både underleg og sørgeleg å leggja merke til. Det starta med Kåre Willock, og kor det endar, veit ingen. 

Det er tid for oss å venda oss til himmelens Gud i bøn for dette landet vårt som Gud har gjeve oss og som me er så glade i. Djevelen har jobba lenge og målretta for å fjerna nordmenn og kvinner frå Gud og hans gode og livsbejaande ord og bod. Det ser ut til at han lukkast overlag godt med strategien sin.

Men han kan forrekna seg. For me skal reisa oss og be Gud om å intervenera i Noreg, og me skal forkynna evangeliet og alt Guds ord for liten og stor, fattig og rik, høg og låg, og den krafta som ligg i ei kyrkje som gjer det ei kyrkje er kalla til, er heilt uimotståeleg. 

Ingen kommentarer: