fredag 6. april 2018

Hol i utviklingslæra


Dei sist 150 åra har Darwin si utviklingslære  (saman med den liberale teologien) brote ned respekten for Bibelen hos mange i dei vestlege landa. Kristendomen har tapt terreng i samfunnet, og stadig oftare møter eg på folk som ikkje har den minste kunnskap om Jesus og den kristne trua, og som heller ikkje er det minste interessert i ny informasjon. Kristendomen er blitt irrelevant for dei.

Før Darwin vart menneske sett på som ånd, sjel og kropp, medan dei andre skapningane vart sett på som sjel og kropp. Det åndelege var definert som det religiøse, filosofiske, estetiske, kulturelle og moralske i menneske. Sjela var kjensler, vilje og fornuft og kroppen det fysiologiske og anatomiske.

Men så kom Darwin og sa at mennesket er eit vanleg dyr som har felles biologisk opphav med alt som lever, og som ikkje er vesentleg annleis enn andre pattedyr.  Me har berre utvikla oss i ein spesiell retning. Dette er opplese og vedteke sanningar i dag, og på ein måte heva over diskusjon.

Men er dette så sikkert?

For å svara på det, må me sjå nærare på utviklingslæra, på mekanismane som etter Darwin sin teori skal driva utviklinga framover.

Det han lærte var dette: i tider med ressursmangel i naturen, vil alltid dei sterkaste og best tilpassa individa overleva på bekostning av dei svake som er dårlegare tilpassa miljøet. Dette kalla han naturleg utval. Dei individa med dei «beste» genane overlevde og fekk forplanta seg vidare, medan dei med «dårlegare» gener døydde ut. Slik vart arten gradvis endra.

Moderne genforskning har synt at dette ikkje er slik. Genene endrar seg ikkje vesentleg i ein populasjon som eit resultat av naturleg utval.

Seinare vart det oppdaga at genane kunne endrast gjennom mutasjonar, altså ikkje som eit resultat av naturleg utval, men som eit resultat av ytre påverknad som stråling eller giftige kjemiske stoff.  

Det er to problem med mutasjonar: For det første er dei blinde. Endringane skjer på tilfeldige områder i DNA-molekylet, og det ser ut til at dei stort sett har negative følgjer for individet.

For det andre, og dette er det vesentlege, dei kan uansett ikkje forklara evolusjon. Mutasjonar kan nemleg kun endra eksisterande arvematerialet i eit individs kjønnsceller, men ikkje tilføra nytt arvemateriale.
Eg vil ta eit døme. Ei bananfluge har 4 kromosom, eit menneske 46. Uansett kor mange endringar som skjer i dei 4 bananflugekromosoma, kan dei aldri bli 46. Bananfluger kan altså aldri utvikla seg til menneske.
Kromosomtala i dyr er svært ulike. Det er eit stort problem for evolusjonistane å forklara korleis nytt arvemateriale har kome til i utviklingsprosessen.

Så kanskje dette med utviklingslæra ikkje er så brennsikkert likevel?
Kanskje Gud enno ein gong kan få den kreditt for skaparverket som han fortener?