søndag 31. oktober 2021

REFORMASJONSDAGEN

Det er REFORMASJONSDAGEN i dag, og me har alle grunn til å gratulera kvarandre. For 504 år sidan offentleggjorde Martin Luther sin protest mot den skammelege avlatshandelen som Den romersk katolske kyrkja hadde sett i gong for å finansiera bygginga av Peterskyrkja i Rom, og sikkert også nokre andre av Pave Leo X sine vanvittige byggeprosjekt i "den evige stad". Leo var i det heile eit ødeland som tømte kyrkjekassa for pengar. Han hadde alltid trong for meir, noko som motiverte han sterkt til setja i gong denne kreative og proaktive formen for avlatshandel. Dei som kjøpte avlatsbrev kunne korta ned den tida dei sjølve, eller slekt og vener, måtte tilbringa i skirsrselden før dei kunne stiga inn i himmelriet. Slik vart avlatsbreva marknadsførte. Kyrkja sat med nøkkelen til hjelpa folk med eit problem kyrkja sjølv hadde konstruert, og hjelp skulle folk få, berre dei ville betala. 

31.oktober 1517 kom til å endra retningen på verdshistoria. Det er ingen tvil om det. Med dei 95 tesane som han spikra opp på døra til slottskyrkja i Wittenberg, problematiserte Luther heile avlatshandelen, og avviste heile greia som paveleg oppspinn. Det utløyste ei kraft som skapte store endringar i verda. 

Martin Luther vart lyst i bann, og etter riksdagen i Worms i 1521 vart han også fredlaus. Du skjønar at når den kristne forkynninga trugar folks inntekstgrunnlag, bryt det som regel ut forfølging mot forkynnaren. Mammons makt er formidabel. 

Me såg det også i Jesu liv. Det var då han jaga ut pengvekslarane i templet på Palmesøndag, at det vart fortgang i prosessen med å få han drepen. Det gjekk mindre enn ei veke før det var overstått.

Reformasjonen starta 31.oktober 1517, men utvikla seg med stor fart heile det neste tiåret. Det vart ikkje berre slutt på avlatshandel. Sølibatet for prestar vart avvikla. Likeeins læra om at paven er ufeilbarleg, Folk trong ikkje lenger svelgja unna alt det som prestane sa. Dei fekk Bibelen omsett til morsmåla sine. slik at dei sjølve kunne lesa Guds ord, og vurdera om det som vart sagt dei heldt mål.  Då evangeliet om Jesus vart gjenoppdaga i sin edle form, var det som om sola stod opp over Europa. Dei oppdaga at Guds frelse er ei gåve som me menneske berre kan ta imot i tru. Og då folk skjøna DET, braut jubelen laus i alle land, og sidan den tida har denne mektige bodskapen om Jesus spreidd seg over heile verda, og gleda vil ingen ende ta. 


lørdag 30. oktober 2021

Ny fransk lov sikrar staten rett til omfattande overvaking av evangeliske kristne kyrkjer

Den 25 august vart i ny separatistlov vedteken av det franske parlamentet. Dette er den største og mest radikale åtaket på religionsfridomen i landet på over 100 år, og har direkte betydning for korleis evangeliet framover kan delast med andre, melder David Broussard, leiar for den evangeliske kyrkjeplantingsrørsla "Impact France". I revolusjonens Frankrike har det heilt sidan 1905 vore eit strengt skilje mellom stat og kyrkje, dei har levd kvar sine liv, men den nye lova opnar for at staten no kan overvaka kyrkjene på ein heilt ny måte. Kva inneber det? Jo, no kan dei stenga kyrkjer, bøteleggja og fengsla pastorar og utvisa misjonærar dersom dei ikkje tilfredsstiller ei mengde med krav, eller om dei t.d. fremjar idèar, teoriar, forslag eller aktivitetar som rettferdiggjer hat og vald mot enkeltpersonar eller grupper. Omgrepet "hat" har i vår tid fått ei svært vid tolking og rommar alt frå ekte hat til kritikk av den nye kjønnsideologien som etter kvart pregar både lovverk og undervisningsplanar i vest-europeiske statar. Ein pastor som åtvarar mot homofile handlingar, eller som forkynner to-kjønnslæra, kan stå i fare for å bli tiltalt og straffa med inntil 6 mnd i fengsel, eller 75000 euro (800 000 kroner) i bot.
I tillegg til dette må no kvar kyrkjelyd søkja om ny godkjenning kvart 5. år. Alle gåver som kyrkjene får må registrerast på namn. Anonyme gåver kan staten dra inn i statskassa. Gåver frå utlandet kan ein risikera å måtta returnera.
Den nye lova vert implementert frå 1.januar 2022, og er i følgje Broussard, heilt på linje med liknande lover i Russland, Kviterussland og Bulgaria.
Opprinneleg var det trongen for å kontrollera radikale islamistiske miljø som låg bak lovarbeidet. Frankrike har vore råka av mange terroråtak dei siste åra. Det forstår me. Men den nye lova råkar mykje breiare, og Broussard meiner det er tilsikta ut frå at mange opplever den framgangen som evangeliske kyrkjer har i Frankrike som eit trugande fenomen, noko som er klårt uttalt i nasjonalforsamlinga av innanriksministeren, M Gerald Darmanin.
Det er all mogeleg grunn for oss å be for kyrkja i Frankrike, om styrke, pågangsmot og visdom når dei no meir og meir kjem i statens skrustikke.
Og så må me vera vakne. Frankrike er dominerande i EU, og dersom franske lover vert innarbeidd i EU-systemet, vil dei også vera gjeldande for Noreg.

mandag 18. oktober 2021

Kan ein biskop avskaffa helvete som ein evig straffeplass for syndarar?

 Biskop Herborg Finnset har ikkje mandat til å endra Skriftene. Ho har forplikta seg på å forkynna Guds ord i samsvar med Bibelen og vedkjenningsskriftene. Når ho påtek seg å avskaffa helvete som ein evig straffeplass, går ho imot Jesus si forkynning om desse tinga og sviktar kallet sitt. Det er beklageleg. For ho burde visst, og veit det vel også, at einaste måten å koma seg unna Guds vreide over synda på er å ta sin tilflukt til Jesus som leid seg gjennom helvetessmertene for oss alle. Det var jo ikkje for ingenting at Gud ofra Sonen sin og let han gjennomleva det store mørkret på krossen. Dette veit biskopen godt, og må ta forstanden fatt og venda seg bort frå den forføreriske vranglæra ho no forkynner.