lørdag 30. oktober 2021

Ny fransk lov sikrar staten rett til omfattande overvaking av evangeliske kristne kyrkjer

Den 25 august vart i ny separatistlov vedteken av det franske parlamentet. Dette er den største og mest radikale åtaket på religionsfridomen i landet på over 100 år, og har direkte betydning for korleis evangeliet framover kan delast med andre, melder David Broussard, leiar for den evangeliske kyrkjeplantingsrørsla "Impact France". I revolusjonens Frankrike har det heilt sidan 1905 vore eit strengt skilje mellom stat og kyrkje, dei har levd kvar sine liv, men den nye lova opnar for at staten no kan overvaka kyrkjene på ein heilt ny måte. Kva inneber det? Jo, no kan dei stenga kyrkjer, bøteleggja og fengsla pastorar og utvisa misjonærar dersom dei ikkje tilfredsstiller ei mengde med krav, eller om dei t.d. fremjar idèar, teoriar, forslag eller aktivitetar som rettferdiggjer hat og vald mot enkeltpersonar eller grupper. Omgrepet "hat" har i vår tid fått ei svært vid tolking og rommar alt frå ekte hat til kritikk av den nye kjønnsideologien som etter kvart pregar både lovverk og undervisningsplanar i vest-europeiske statar. Ein pastor som åtvarar mot homofile handlingar, eller som forkynner to-kjønnslæra, kan stå i fare for å bli tiltalt og straffa med inntil 6 mnd i fengsel, eller 75000 euro (800 000 kroner) i bot.
I tillegg til dette må no kvar kyrkjelyd søkja om ny godkjenning kvart 5. år. Alle gåver som kyrkjene får må registrerast på namn. Anonyme gåver kan staten dra inn i statskassa. Gåver frå utlandet kan ein risikera å måtta returnera.
Den nye lova vert implementert frå 1.januar 2022, og er i følgje Broussard, heilt på linje med liknande lover i Russland, Kviterussland og Bulgaria.
Opprinneleg var det trongen for å kontrollera radikale islamistiske miljø som låg bak lovarbeidet. Frankrike har vore råka av mange terroråtak dei siste åra. Det forstår me. Men den nye lova råkar mykje breiare, og Broussard meiner det er tilsikta ut frå at mange opplever den framgangen som evangeliske kyrkjer har i Frankrike som eit trugande fenomen, noko som er klårt uttalt i nasjonalforsamlinga av innanriksministeren, M Gerald Darmanin.
Det er all mogeleg grunn for oss å be for kyrkja i Frankrike, om styrke, pågangsmot og visdom når dei no meir og meir kjem i statens skrustikke.
Og så må me vera vakne. Frankrike er dominerande i EU, og dersom franske lover vert innarbeidd i EU-systemet, vil dei også vera gjeldande for Noreg.

Ingen kommentarer: