søndag 31. oktober 2021

REFORMASJONSDAGEN

Det er REFORMASJONSDAGEN i dag, og me har alle grunn til å gratulera kvarandre. For 504 år sidan offentleggjorde Martin Luther sin protest mot den skammelege avlatshandelen som Den romersk katolske kyrkja hadde sett i gong for å finansiera bygginga av Peterskyrkja i Rom, og sikkert også nokre andre av Pave Leo X sine vanvittige byggeprosjekt i "den evige stad". Leo var i det heile eit ødeland som tømte kyrkjekassa for pengar. Han hadde alltid trong for meir, noko som motiverte han sterkt til setja i gong denne kreative og proaktive formen for avlatshandel. Dei som kjøpte avlatsbrev kunne korta ned den tida dei sjølve, eller slekt og vener, måtte tilbringa i skirsrselden før dei kunne stiga inn i himmelriet. Slik vart avlatsbreva marknadsførte. Kyrkja sat med nøkkelen til hjelpa folk med eit problem kyrkja sjølv hadde konstruert, og hjelp skulle folk få, berre dei ville betala. 

31.oktober 1517 kom til å endra retningen på verdshistoria. Det er ingen tvil om det. Med dei 95 tesane som han spikra opp på døra til slottskyrkja i Wittenberg, problematiserte Luther heile avlatshandelen, og avviste heile greia som paveleg oppspinn. Det utløyste ei kraft som skapte store endringar i verda. 

Martin Luther vart lyst i bann, og etter riksdagen i Worms i 1521 vart han også fredlaus. Du skjønar at når den kristne forkynninga trugar folks inntekstgrunnlag, bryt det som regel ut forfølging mot forkynnaren. Mammons makt er formidabel. 

Me såg det også i Jesu liv. Det var då han jaga ut pengvekslarane i templet på Palmesøndag, at det vart fortgang i prosessen med å få han drepen. Det gjekk mindre enn ei veke før det var overstått.

Reformasjonen starta 31.oktober 1517, men utvikla seg med stor fart heile det neste tiåret. Det vart ikkje berre slutt på avlatshandel. Sølibatet for prestar vart avvikla. Likeeins læra om at paven er ufeilbarleg, Folk trong ikkje lenger svelgja unna alt det som prestane sa. Dei fekk Bibelen omsett til morsmåla sine. slik at dei sjølve kunne lesa Guds ord, og vurdera om det som vart sagt dei heldt mål.  Då evangeliet om Jesus vart gjenoppdaga i sin edle form, var det som om sola stod opp over Europa. Dei oppdaga at Guds frelse er ei gåve som me menneske berre kan ta imot i tru. Og då folk skjøna DET, braut jubelen laus i alle land, og sidan den tida har denne mektige bodskapen om Jesus spreidd seg over heile verda, og gleda vil ingen ende ta. 


Ingen kommentarer: