Follow by Email

mandag 18. mai 2015

Ingen fridom utan rettferd og godleik



I går feira me grunnlova vår. Den vart signert av 112 eidsvorne menn på Eidsvoll 17.mai 1814. Etter 400 år under Danmark, var me brått ein fri nasjon. Problemet vårt var at det var det ingen andre som meinte. Ingen andre nasjonar anerkjende Noreg som ein eigen suveren stat. Stormaktene som hadde tukta Napoelon, hadde lova oss bort til Sverige, og etter ein kort krig i august same året, kapitulerte me. Den 4. november vart ei ny grunnlov signert i Moss. Denne var ikkje så heilt ulik den frå 17.mai, men slo fast at Noreg og Sverige skulle vera i union under felles konge, og at Sverige skulle ha hand om utanrikspolitikken. Det tok enno 91 år før me var heilt frie og sjølvstendige. Tida frå mai til november 1814 vart berre ein forsmak.

Nasjonal fridom og nasjonalt sjølvstende i stort. Det er god grunn for oss å feira det. Men det å kunna styra seg sjølv er ikkje godt nok med tanke på at folk skal vera lukkelege. Skal fridomen vera god, må han koplast saman med rettferd og godleik både i lovverket og i måten me lever liva våre på. Kva betyr så det? For det første at me ikkje lever for å ha det best mogeleg sjølv, men at me dreg omsorg for dei som har det vanskeleg, dei fattige, flyktningane, rusmisbrukarane, eineforsørgarane osv. Det betyr at me ikkje lenger kan leva ut lystene våre, dei er ofte vonde, men at me set andre sine interesser framfor våre eigne. Dersom desse haldningane vert borte hos oss, og me begynner å fokusera mest på oss sjølve, undergrev me på sikt både fridomen og sjølvstende vårt. Eg er redd dette alt er i ferd med å skje i Noreg i dag. 

Gud i himmelen har lært oss livsens veg. Han seier i Bibelen: ”Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarta, av all di makt og av alt ditt vit,  og du skal elska nesten din som deg sjølv.”  

Det handlar om å elska. Det finst ikkje fridom eller rettferd utan kjærleik. Kjærleiken er den verdien som ber alle andre. Og denne kjærleiken er ikkje først og fremst ei kjensle, men eit val som du tek kvar einaste dag om å setja dine eigne interesser til sides for fordel for andre sine.

Det var dette Jesus Kristus gjorde på krossen. Hengande mellom himmel og jord, følte han berre smerte. Men han tålte det for vår skuld. Han kunne ha stege ned om han ville. Men han hadde tatt eit radikalt val: Eg må frelsa mine medmenneske og ikkje meg sjølv. 

Slik opna Jesus himmelens dør for oss, og dersom han får berøra oss med sin enorme kjærleik, blir me også frie og rettferdige menneske, og er det mange nok av oss i landet, vil me sikra dette landets framtid.

fredag 8. mai 2015

Tankar på ein fridomsdag





I dag feirar me at  det er 70 år sidan Noreg i 1945 vart frigjort frå fem år med tysk okkupasjon. 8.mai  var det elleville gledesscenar i bygd og by, og folket gav fritt utløp for sterke kjensler desse maidagane.  

Nasjonal fridom og nasjonalt sjølvstende er store verdiar som me må ta godt vare på. Mange av verdas folk kan i dag ikkje ein gong drøyma om dette. 


Men nasjonal fridom garanterer eigentleg ingenting. Det veit alle som lever under diktaturet. Og dei er det mange av. Dersom ikkje fridomen vert kopla saman med rettferd, er han ein illusjon. Og for å illustrera dette kan me dra fram Nord-Korea, ein sjølvstendig nasjon der menneskerettane kvar dag vert brotne og all opposisjon og religiøs aktivitet vert straffa med livstidsfengsel, arbeidsleirar eller døden. Dette ser me langt på veg også er tilfelle i Eritrea, Saudi Arabia, Pakistan og Iran, for å nemna nokon av dei verste undertrykkingsregima på jorda, om enn Nord-Korea tronar på ein suveren førsteplass. 

Men i Noreg nyt me godt både av nasjonalt sjølvstende og retten til å tru, meina, skriva og sei kva me vil. Alt er nok slett ikkje på stell. Det finst ein klår vilje til einsretting frå mange politikarar i dette landet også, og det er tradisjon for staten å bruka pengevåpenet til å oppnå slike mål, men me kan likevel ikkje samanlikna oss med dei store stygge ulvane der ute. 

Men korkje nasjonal, politisk eller religiøs fridom er det me menneske treng mest av alt. I Evinfengslet  i Teheran sit Farshid Fathi. Han er pastor, og sonar ein dom på seks års fengsel for å ha konvertert til kristen tru og forsøkt å påverka andre til det same. Det Evinfengslet tilbyr er ikkje rare greiene. Det handlar om mykje tortur, svolt, sjukdom, lus og unemnelege ting. Med til bilete høyrer det at fangane må kjøpa den simple maten dei vert tilbydd. Akkurat no ligg han forresten på sjukehus etter å ha blitt rundbanka av iranske tryggingsstyrkar som den 17.april storma inn i fengslet for å setja ein skikkeleg støkk i desse stakkars vergelause menneska. Men midt i trengslene skriv Fathi om ein indre fridom og glede som ingen kan frårøva han, og det er fridomen i Jesus Kristus. 

For sanninga er: Utanom samfunnet med Jesus Kristus er det ingen fridom for oss menneske. Om me enn lever i eit fritt land der menneskerettsfråsegna vert respektert, er alle som ikkje trur på Jesus slavar under synda og underlagt djevelens tyranni, og på veg mot den same evige og uavvendelege domen som Gud har felt over djevelen og hans englar. 

Den sanne fridomen til i Guds kjærleik. Det er når denne kjærleiken blir aust ut i hjarta ditt ved Den heilage ande, at di vert eit fritt menneske. Du blir tilgjeven av Gud og djevelen må sleppa taket i deg. Då kan mange ting skje i livet ditt. Men du er og blir fri, og når du vert innhenta av døden, døyr du ikkje, men går inn til Gud. Då er du heime og kan aldri meir oppleva ufridom av noko slag.

torsdag 7. mai 2015

Grunntankar i Romarbrevet. Leksjon XXXVIII. Kapittel 12,1-2

Difor legg eg dykk på hjartet, sysken, ved Guds miskunn, at de må bera fram kroppen dykkar som eit levande og heilagt offer, til glede for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste.  2 Og innrett dykk ikkje etter denne verda, men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan dømma om kva som er Guds vilje: det gode, det som er til glede for Gud, det fullkomne.

Desse to versa innleider den formanande delen av Romarbrevet. Frå no av handlar det om korleis kristenlivet skal levast.
Jesus sa i si tid at det å vera ein kristen var å ta krossen sin opp og følgja han, I dette ligg det å leva eit sjølvoppofrande liv. Det å setja eigne behov og interesse til sides for å tena Gud og nesten. Det er akkurat det same Paulus skriv her med litt andre ord. 
Når israelittane la eit dyr på altaret, vart dette brent med himmelsk eld. 
Når me stiller liva våre heilt og fullt til Guds disposisjon, tenner han oss med sin eld, slik som læresveinane opplevde det den 1.pinsedagen. Då brant sjølvlivet opp, og Gud og hans kraft fekk rom i liva deira. Det forandra alt. 
Når me gjev alt til Gud, blir det pinse i liva våre. Gud og hans kraft kjem til uttrykk i liva våre som aldri før. 
Å overgje seg til Gud er ein dagleg syssel. Apostelen kallar det for vår "åndelege gudsteneste", noko som me føretek oss kvar dag. 
Guds verdiar er heilt annleis enn det som folk flest ser på som stort og viktig. 
For folk flest er det viktig å ha det trygt og godt, ha primærbehova dekka, og i tillegg kjem dette å godt med pengar og å realisera seg sjølv med alt som ligg i det. 
I Guds rike handlar det om å fornekta seg sjølv og realisera Guds og nestens interesser. Som kristne lærer me å elska Gud over alle ting og nesten som oss sjølve. Det er ganske andre verdiar enn dei som gjeld i verda. Når Paulus her formanar oss til ikkje å innretta oss etter denne verda, så betyr det å ikkje innretta seg etter dei verdiane som gjeld for folk flest, men dei som Gud har gjort gyldige for oss. Kva skjer med oss då? Me får god dømekraft. Når me lyder Gud, lærer me å skilja mellom godt og vondt. Og det var jo i si tid akkurat formålet med kunnskapens tre, det skulle gje Adam og Eva god dømekraft ved å lyda Gud, og ikkje som slangen antyda at denne evnen skulle koma gjennom ulydnad. Men det er ei anna soge.