torsdag 30. oktober 2008

Reforamsjon eller halloween

I morgon er det 491 år sidan Martin Luther hengde opp dei 95 tesane sine mot avlatshandelen på slottsdøra i Wittenberg. Slik starta den reformasjonen som i ettertid kom til å bringa Guds ljos til millionvis av menneske, først i nord-Europa og seinare i Nord-Amerika, og i vår tid i alle verdas land. Den kjelda til åndeleg liv og fornying som Gud opna i Wittenberg i 1517 renn stadig kraftigare, men sterkast ofte merkeleg nok utanom dei lutherske kyrkjene. Merkeleg og merkeleg fru Blom. Det er vel ikkje det heller når me tenkjer på at dei lutherske kyrkjene er verdsmeistrar i liberal teologi og bibelkritikk. Slikt er jo drepande på sant åndeleg liv. Og dessutan har me lutheranarar gjort vårt ytterste for å distansera oss frå alt godt Andens verk som kjem frå og gjennom andre enn oss sjølve. Det er ein stolthet i dette som vekker Guds motstand.

31. oktober vart på 1500-talet ein merkedag i alle land der reformasjonen fekk gjennomslag , og det med rette. Bodskapet om at Jesus åleine kan frelsa oss, at skrifta åleine har Guds autoritet, at me er rettferiggjort av tru åleine var tre klåre stjerner som vart tent på ein åndeleg mørk nattehimmel. Men i våre dagar er det få som markerer reformasjonsdagen. Derimot har djevelen overteke heile dagen. Han gjer gjerne det med gode dagar. Slik har han prestert å omforma reformasjonsdagen til ein dag då unge og gamle feirar hekser og skrømt, utan at Jesu kyrkje gjer det minste for å ta dagen att. Det er jo litt underleg det også. For denne dagen burde vore ein merkedag for alle protestantar. 31. oktober 1517 markerer på mange starten både for lutheranarar, reformerte, baptistar og pinsevener.

Halloween er og blir flørting med demonar. Som mogne kristne burde me gje barn og unge ei alternativ feiring, ein takke og lovsongsfest til den Gud som gav oss evangeliet gjennom Jesus og apostlane og som fornya det gjennom reformatorane.

1 kommentar:

Anonym sa...

Jeg har lyst til å feire reformasjonsdagen! Skriften alene, nåden alene, troene alene!