Vil gjerne halda fram der eg slapp i går. I Bergpreika seier Jesus: "Sæle er dei reine av hjarta, for dei skal sjå Gud." Reine hjarto får eit menneske kun gjennom
omvending. Og omvending inneber ærlege oppgjer med Gud og menneske. Difor er det berre den som vil gå gjennom omvendinga sin tronge port som kan kjenna Gud som Far og Jesus som frelsar. Jesus visste dette. Difor starta han gjerninga si med å kalla folk til omvending. Det må me også ha i tankane våre når me evangeliserer.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar