I går hadde me eit kjempekoseleg barnemøte i kyrkjelyden. Fullt hus og stormande jubel, får eg seia. Det er sanneleg mykje energi i desse ungane. Her ser du store og små i full sving med den snart "rituelle" ballongdansen.
I andakten snakka eg om Jakob som var så "lur" at han stal velsignelse. Det var det raraste tjuveriet i historia. Tjuvar flest stel pengar og ting, men Jakob forsto at

Jakob vart flyktning. Og sidan kyrkjelyden vår er full av flyktningar, måtte eg snakka om den Gud som passar på folk som er på flukt, og minna dei om at Gud sjølv var ein gong flyktning i Egypt.
Så vart Jakob forelska i Rakel og ville gifta seg med henne. Men det var ikkje så lett. For onkel Laban sette ein høg pris på dottera si. Og til saman måtte Jakob jobba i 14 år for å få Rakel til brur. Men ingen pris var for høg for Rakel. Jakob jobba gladeleg 14 år for henne.
Slik var det med Jesus også. Han elska oss så høgt at han betalte alt han hadde for å få oss, ja sitt eige liv og blod. Ingen av oss treng altså å vera i tvil om at Jesus elskar oss. Men me må seia ja til han, slik som Rakel måtte seia ja til Jakob.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar