torsdag 27. oktober 2011

Den som har Sonen har livet

Sonen er Jesus. Kven har Jesus? Den som har tatt imot han som Herre og frelsar, og som trur på han.

Kva er det å tru på Jesus?
Det er å satsa heile livet og framtida si på han og berre han.
Du kan seia det slik: Har Jesus deg, har du han.

Å tru er ein heilhjarta ting. Det er mykje meir enn å anta at noko er slik eller slik. Bibelen definerer tru som "pantet på det me håpar" og "bevis på det me ikkje ser" , Hebrearbrevet 11,1.

Trua er rett og slett ein del av Guds røyndom som er komen til oss, litt av himmelen på forskot. Trua er guddommeleg og kan ikkje skapast av andre enn Gud.

Ingen kan velgja å tru. Men me kan velgja å la oss påverka av Guds ord som skaper trua. Gud gjev oss sine gåver gjennom sitt ord. Det er ein åndeleg hovudregel.

Jesus er Guds gåve til oss. Har du han, så har du det evige livet. Det handlar ikkje om kva du føler eller opplever. Det er ein objektiv sanning. Den som han SONEN, har LIVET.

onsdag 26. oktober 2011

Guds godleik


Gud er god. Det er ein kristen grunnsetning. Dersom du kunne studera Guds hjarta og finna fram til sjølve kjerna i Gud, ville du finna at der var det rein godleik og ikkje noko anna. Johannes hadde oppdaga dette, og han skriv: GUD ER KJÆRLEIK.

Dette er den kjærleiken som elskar oss menneske på tross av korleis me er. Ingenting ved deg kan hindra Gud i å elska deg. Sjølv om du ikkje er frelst, sjølv om Jesus ikkje hadde døydd for deg, ville Gud ha elska deg.

Men er ikkje Gud heilag då? spør du. Jo, han er det. Men det er kjærleiken som gjer han heilag, det er den som gjer Gud heilt annleis oss, for det einaste heilage som eksisterer her i verda er Guds kjærleik. Den er så rein og stor og opphøgd at ingen kan kopiera han.

Det var denne kjærleiken som motiverte han til å senda Sonen sin, Jesus Kristus, til oss for å leva våre liv, dø vår død og stå opp att til evig liv for oss alle.

Tru på Herren Jesus Kristus, så skal du bli frelst, du og familien din.

Men stå ikkje Gud imot. Dersom du avviser ein så stor kjærleik, vil det ikkje vera von for deg. Du går evig fortapt.

Ser og skjønar du ikkje at Guds godleik driv deg til omvending?

tirsdag 25. oktober 2011

Las Bibelen i smug, fann Jesus

I går var kona mi Tove og eg i Stavanger på eit seminar i IMI-kirken med pastor Buddy Hoffman frå Atlanta, USA. Han har sidan 11.september 2001 vigd mykje av tida si til å studera islam og reisa i den muslimske verda for å forkynna evangeliet om Jesus for muslimar. Dette har vore ei dramatisk tid for han og familien då det slett ikkje har vore sikkert at han ville koma heil og levande heim att. Å bli fengsla av islamistar i Irak gjev ikkje høge odds, særleg ikkje då han og venen hans måtte rømma frå fengslet og ta turen med bil gjennom ganske mange mil ørkensand.

Han sa: "Eg har sett mange muslimar koma til tru på Jesus Kristus. Enkeltpersonar som ut frå Koranene, Toraen og ingjil (evangelia) er blir overtydde, først om at Isa (Jesus) er Messias, og dernest at han er Gud. Men min visjon er større. Eg vil sjå heile "ummaer" (storfamiliar) koma til tru, heile stammesamfunn, ja, heile nasjonar.

Me er så individualistiske her i vesten. Me legg vekt på dette med ein og ein. Men i dei muslimske samfunna er det ummaen som tel. Dei tenkjer kollektivistisk. Og dette aukar vår sjanse til å frelsa dei heile gjengen.

Som det hende i Jeriko for litt sidan. Ein av venene mine hadde fått kontakt med ein ung mann som synte interesse. Heilt bevisst la han Bibelen sin att hos den unge mannen. Etter at dei hadde reist der i frå ringde mobilen, og den unge palestinaren ville informera om at venen min hadde gløymt den heilage boka si. Då spurde han om ikkje den ungen mannen kunne passa på den heilage boka til han kom attende. Jo, det var greit. Det ville han gjerne.

Då me etter ei tid kom attende til Jeriko kom palestinaren med Bibelen for å overrekka henne til venen min. Alt var veldig høgtideleg. Då sa venen min. "Du kan berre ha henne. Ho er di!" Palestinaren vart så glad så glad og måtte innrømma at han hadde lese i henne medan eigaren var borte, ja, ikkje så reint lite heller. Og så kom det frå han: JESUS ER GUD! Me vart så overraska. For vanlegvis tek det 3 år før dei kjem fram til dette resultatet, og denne gongen var det berre snakk om veker.

Seinare delta han evangeliet med onkelen sin, og han kom til tru. Så gjekk det slag i slag, og i dag er heile ummaen hans Jesustruande.

Guds ord er levande og kraftig. Eg trur på alt saman. Heime forkynner me heile Bibelen gjennom frå 1. Mosebok til Johannes openberring. Guds ord gjer jobben for oss. Me forkynner alt. Muslimane likar å få med seg både Toraen og ingjil, dei likar å sjå ting i samanheng, i breidda. Guds ord er min kjerneverdi nummer 1. Få folk til å lesa Bibelen, og dei møter Guds kraft.

Tale søndag 23. oktober. Lukas 7,36-50. "Jesus tilgjev ei kvinne"

http://www.mediafire.com/?ava0ovd5idlnu

lørdag 22. oktober 2011

Heilomvending

Les for tida den nye boka til den kristne psykiateren Tove Dahl. Boka heiter heilomvending, og handlar om Dahls veg til Gud, eller omvendt.

Tove Dahl skriv godt. Setningane er gjerne korte, uttrykksfulle og konsise. Ho brukar språket godt etter min smak. Historia hennar er sterk. Ho var med i eit kristent miljø som ungdom, men tok etter kvart avstand frå Gud og kristendomen, og vigde seg til familieliv, utdanning og jobb.

Men så hadde ho ei overnaturleg erfaring som fekk henne til å søka inn i mange slags religionar for å finna ut kva dette var for noko. Ho søkte over alt, berre ikkje i Bibelen. Den var ho liksom ferdig med. Men til slutt måtte ho kapitulera og ta fram Guds bok, og der fann ho straks svaret på spørsmålet sitt. Brått vart Bibelen ei ny og open bok for henne som ho las me stor appetitt, noko som til slutt førte henne til Jesus Kristus.

Tove Dahl deler den gode bodskapen, evangeliet om Jesus Kristus, med oss i denne boka. På kvar einaste side prøver ho å mala Jesus som Herre og frelsar for oss med klåre fargar, og ho lukkast med det.

Her er det sterke vitnemål og fin forkynning om ein annan. Boka er vel verd å lesast, særleg for ikkje-kristne.

Paulus og Silas i Filippi, tale i Rosendal 21. oktober

http://www.mediafire.com/?ava0ovd5idlnu

lørdag 8. oktober 2011

"Stua som reddet 47"


Dette er førstesidetittelen i Aftenposten i dag. 47 unge menneske fekk hjelp til å gøyma seg for drapsmannen sine kuler i skulestova på Utøya. Avisa har fått nokre av dei til å fortelja. Det var redselsfulle timar.

Skulestova synte seg å vera ein trygg plass for dei som gøymde seg der, trass i at ho på ingen måte var ei borg.

Men ein person bad til Gud. "Når ikkje eg har mamma her, får eg ty til den nestbeste," sa han.

Det må ha vore OK for Gud.

Men det ligg noko sterkt i denne forteljinga om huset som vart redninga.

For det finst eit "hus " i verda der me alle kan finna livd for farar, frelse for synd og evig liv. Det ser ikkje så sprekt ut, men Gud er der, og difor er det sterkt. Dette "huset" er Guds kyrkje. Me set "hus" i hermeteikn, for det er ikkje eit fysisk hus, men eit fellesskap mellom folk som trur på Jesus. Dei kan samlast kor som helst, ute som inne, i ein katedral eller på eit lite kjøkken eller i ei celle i eit fengsel for den saks skuld. Det spelar ingen rolle. Jesus seier: "Der to eller tre er samla i mitt namn, der er eg midt i mellom dei." Der Jesus er og deler ut nåde, der er Guds kyrkje. Der truande samlast, Ordet vert forkynt og dåp og nattverd forretta, der har me Jesu Kristi kyrkje. Meir skal det ikkje til. Men ikkje noko mindre heller.

Gud har laga til ein tilfluktsplass for syndarar på jorda. Må alle skunda seg til denne "stova" for å finna vern mot den domen som kjem over verda.

Noa og familien hans gjekk inn i arken. Hadde dei valt å stå utanfor og ikkje søkja ly og frelse i båten Noa og sønene hadde bygd, ville dei ha drukna i flaumen saman med alle som ikkje ville høyra, venda om og tru.

onsdag 5. oktober 2011

Utøya og Paradiset II


"Vi skal ta Utøya tilbake," seier Eskil Pedersen. Det er eit godt og heiderleg mål. Men me menneske har gått på større tap enn Utøya. Me tapte Paradiset. Det skjedde ikkje då Gud dreiv Adam og Eva ut av hagen, men i hjarto deira då dei synda mot Gud. For Paradiset er først og fremst ein tilstand av glede, godleik og kraft inni oss menneske. Det at våre første foreldre måtte ut av hagen var berre ein følgje av dei hadde kasta Paradiset ut av hjarto sine.

Etter det har menneske gjort diverse forsøk på å gjenskapa hagen. Dei har vilja skapa fullkomne samfunn. Det har alltid enda med forferdelse. Me kan berre tenkja på Marx, Lenin, Stalin, Hitler og Pol Pot. Når menneske vil skapa seg eit Paradis, enda det opp med eit helvete. Det slår aldri feil.

Det same skjer forøvrig også når nokon meiner seg å ha funne nøkkelen til å laga fullkomne kyrkjelydar. Det endar med djupe og smertefulle fall.

Men me kan vinna Paradis tilbake. Heldigvis. Korleis? To røvarar vart krossfest saman med Jesus, den eine på høgre, den andre på venstre sida. Den eine spotta Jesus for at han ikkje kunne hjelpa dei. Det er mange som han i vår tid. Men den andre vende seg mot Jesus og sa: "Hugs på meg når du kjem i ditt rike!"
Då svara Jesus: "Sanneleg, i dag skal du få vera med meg i Paradis."
Røvaren på krossen vende seg til Jesus i si djupe naud, og slik vann han Paradiset tilbake.
Slik syner han veg for alle oss andre. Det er ingen annan måte å ta Paradiset tilbake på enn å gripa til Jesus. For i han er all den glede, godleik, kraft og nåde som me treng for tid og evighet.
Det er ingen kollektiv veg inn i Paradiset. Kvar og ein av oss må helsa Jesus velkomen inn i liva våre om me skal kunna ta det tapte Paradiset tilbake.

tirsdag 4. oktober 2011

Utøya og Paradiset I


"Vi skal ta Utøya tilbake," seier leiinga i AUF med Eskil Pedersen i spissen. Den 22. juli tapte dei øya til ein brutal terrorist som drap 69 av dei. Men dei vil ta henne tilbake og attreisa øya som ein politisk verkstad for komande generasjonar.

Kvifor er dette viktig for dei? Fordi dei er glade i øya si. Ho har vore ein viktig og kjær plass for arbeidarrørsla i mange, mange tiår. Statsminister Jens Stoltenberg seier for sin del at sommarleirane på Utøya har vore med og forma livet hans til det det er idag, og mange andre av landet sine leiarar har same erfaring.

Når me taper det me elskar, vil me gjerne vinna det attende. Det prøver AUF på no. Det blir ikkje lett, og det blir aldri som før. Utøya vil for alltid vera knytt til ugjerningane som vart utførte der 22.juli 2011.

Det kom ein vondskap til Utøya, forkledd som ein politimann, som ein av samfunnet sine mest betrudde menn som skapte tillit til seg sjølv før han skaut offera sine til døde. Det var ein djevelsk strategi. Men det har hendt før, det hende i Paradiset.

Ein kamuflert vondskap sneik seg inn i Paradiset, etablerte tillit hos dei første menneska, og fekk dei gjennom list til å snu seg bort frå Gud. Effekten var overveldande: Redsle, skam og død. Vondskapen kom inn i verda som ei destruktiv kraft i menneskelivet, og kvar dag syner han oss no sitt grelle andlet.

Gud tapte dei han elskar. MEN HAN ER FAST BESTEMT PÅ Å VINNA MENNESKA TILBAKE. Difor sende han den einborne Sonen sin, Jesus, til verda for å fri oss frå syndene våre og frå dei vonde følgjene av dei. I dag reiser det bodberarar ut til alle verdas avkrokar for å dela dei gode nyheitene om Jesus Kristus med folk og kalla dei til omvending og tru på Jesus.

Det er sant: Jesus sigra på vegne av oss alle. Men det er også sant at kvart menneske må for sin del ta positiivpersonleg stilling til Jesus Kristus, snu seg mot Gud og famna hans frelse. DET ER INGEN ANNAN VEG TIL EVIG LIV.

Å bli frelst er ei djup personleg sak. Når me famnar Gud, blir me Guds barn av nåde. Jesus Kristus seier: "Sjå, eg står for døra og bankar. Om nokon høyrer mi røyst og opnar, vil eg gå inn til han, halda måltid med han og han med meg." Det er eit uttrykk for eit inderleg samfunn basert på ufortent kjærleik og på eit fullført frelsesverk.

AUF vil ta Utøya tilbake. Gud vil gjerna ha menneska tilbake. Må begge tiltak lukkast.

søndag 2. oktober 2011

Den fullkomne kjærleiken som driv redsla bort


Johannes skriv at den fullkomne kjærleiken driv redsla ut.
Er du redd?
Redsle for menneske skuldast synd.
Når du er redd for nokon, er det anten fordi du sjølv har gjort noko gale, eller fordi nokon syndar mot deg, nokon som vil skada deg.

Jesus har ordna ein fullkomen veg ut av våre eigne synder. Me kan berre sanna dei, så blir me tilgjevne og attreiste og me kan leggja oss tett inn til Gud vår gode Far og ikkje reddast for noko. Me kan stola på Guds tilgjeving. Det er ikkje noko han vil meir enn det.

Verda er full av redsle. Vondskapen pregar mange sine liv. Gud hatar dette. Han vil at me skal leva i ei boble av godleik og vera fullkoment trygge.

Me kan ikkje tvinga folk til å vera snille. Men me kan bli fylt av Guds kjærleik på ein slik måte at me er trygge uansett kva andre menneske finn på, og slik at det byr oss imot å skapa utryggheit rundt oss sjølve.

Eg møter kristne som skaper utryggheit rundt seg. Dei kallar det gjerne respekt. Det er ei omskriving. I desse er ikkje kjærleiken blitt fullkomen.
Det har hendt at eg også har gjort folk utrygge. Det er fordi kjærleiken ikkje er blitt fullkomen i meg.

Paulus skriv: "Lat alle merka kor milde de er!"

Gode Gud! Gjer oss milde. Ta bort all redsle rundt oss. Imprigner oss med din kjærleik slik at alle kjenner din varme som strøymer ut frå liva våre. Gode Far, sjå i nåde til oss. Send Anden din til oss og lat Jesus vinna siger i oss. Ver så snill. Amen!