søndag 2. oktober 2011

Den fullkomne kjærleiken som driv redsla bort


Johannes skriv at den fullkomne kjærleiken driv redsla ut.
Er du redd?
Redsle for menneske skuldast synd.
Når du er redd for nokon, er det anten fordi du sjølv har gjort noko gale, eller fordi nokon syndar mot deg, nokon som vil skada deg.

Jesus har ordna ein fullkomen veg ut av våre eigne synder. Me kan berre sanna dei, så blir me tilgjevne og attreiste og me kan leggja oss tett inn til Gud vår gode Far og ikkje reddast for noko. Me kan stola på Guds tilgjeving. Det er ikkje noko han vil meir enn det.

Verda er full av redsle. Vondskapen pregar mange sine liv. Gud hatar dette. Han vil at me skal leva i ei boble av godleik og vera fullkoment trygge.

Me kan ikkje tvinga folk til å vera snille. Men me kan bli fylt av Guds kjærleik på ein slik måte at me er trygge uansett kva andre menneske finn på, og slik at det byr oss imot å skapa utryggheit rundt oss sjølve.

Eg møter kristne som skaper utryggheit rundt seg. Dei kallar det gjerne respekt. Det er ei omskriving. I desse er ikkje kjærleiken blitt fullkomen.
Det har hendt at eg også har gjort folk utrygge. Det er fordi kjærleiken ikkje er blitt fullkomen i meg.

Paulus skriv: "Lat alle merka kor milde de er!"

Gode Gud! Gjer oss milde. Ta bort all redsle rundt oss. Imprigner oss med din kjærleik slik at alle kjenner din varme som strøymer ut frå liva våre. Gode Far, sjå i nåde til oss. Send Anden din til oss og lat Jesus vinna siger i oss. Ver så snill. Amen!

Ingen kommentarer: