onsdag 5. oktober 2011

Utøya og Paradiset II


"Vi skal ta Utøya tilbake," seier Eskil Pedersen. Det er eit godt og heiderleg mål. Men me menneske har gått på større tap enn Utøya. Me tapte Paradiset. Det skjedde ikkje då Gud dreiv Adam og Eva ut av hagen, men i hjarto deira då dei synda mot Gud. For Paradiset er først og fremst ein tilstand av glede, godleik og kraft inni oss menneske. Det at våre første foreldre måtte ut av hagen var berre ein følgje av dei hadde kasta Paradiset ut av hjarto sine.

Etter det har menneske gjort diverse forsøk på å gjenskapa hagen. Dei har vilja skapa fullkomne samfunn. Det har alltid enda med forferdelse. Me kan berre tenkja på Marx, Lenin, Stalin, Hitler og Pol Pot. Når menneske vil skapa seg eit Paradis, enda det opp med eit helvete. Det slår aldri feil.

Det same skjer forøvrig også når nokon meiner seg å ha funne nøkkelen til å laga fullkomne kyrkjelydar. Det endar med djupe og smertefulle fall.

Men me kan vinna Paradis tilbake. Heldigvis. Korleis? To røvarar vart krossfest saman med Jesus, den eine på høgre, den andre på venstre sida. Den eine spotta Jesus for at han ikkje kunne hjelpa dei. Det er mange som han i vår tid. Men den andre vende seg mot Jesus og sa: "Hugs på meg når du kjem i ditt rike!"
Då svara Jesus: "Sanneleg, i dag skal du få vera med meg i Paradis."
Røvaren på krossen vende seg til Jesus i si djupe naud, og slik vann han Paradiset tilbake.
Slik syner han veg for alle oss andre. Det er ingen annan måte å ta Paradiset tilbake på enn å gripa til Jesus. For i han er all den glede, godleik, kraft og nåde som me treng for tid og evighet.
Det er ingen kollektiv veg inn i Paradiset. Kvar og ein av oss må helsa Jesus velkomen inn i liva våre om me skal kunna ta det tapte Paradiset tilbake.

Ingen kommentarer: