tirsdag 4. oktober 2011

Utøya og Paradiset I


"Vi skal ta Utøya tilbake," seier leiinga i AUF med Eskil Pedersen i spissen. Den 22. juli tapte dei øya til ein brutal terrorist som drap 69 av dei. Men dei vil ta henne tilbake og attreisa øya som ein politisk verkstad for komande generasjonar.

Kvifor er dette viktig for dei? Fordi dei er glade i øya si. Ho har vore ein viktig og kjær plass for arbeidarrørsla i mange, mange tiår. Statsminister Jens Stoltenberg seier for sin del at sommarleirane på Utøya har vore med og forma livet hans til det det er idag, og mange andre av landet sine leiarar har same erfaring.

Når me taper det me elskar, vil me gjerne vinna det attende. Det prøver AUF på no. Det blir ikkje lett, og det blir aldri som før. Utøya vil for alltid vera knytt til ugjerningane som vart utførte der 22.juli 2011.

Det kom ein vondskap til Utøya, forkledd som ein politimann, som ein av samfunnet sine mest betrudde menn som skapte tillit til seg sjølv før han skaut offera sine til døde. Det var ein djevelsk strategi. Men det har hendt før, det hende i Paradiset.

Ein kamuflert vondskap sneik seg inn i Paradiset, etablerte tillit hos dei første menneska, og fekk dei gjennom list til å snu seg bort frå Gud. Effekten var overveldande: Redsle, skam og død. Vondskapen kom inn i verda som ei destruktiv kraft i menneskelivet, og kvar dag syner han oss no sitt grelle andlet.

Gud tapte dei han elskar. MEN HAN ER FAST BESTEMT PÅ Å VINNA MENNESKA TILBAKE. Difor sende han den einborne Sonen sin, Jesus, til verda for å fri oss frå syndene våre og frå dei vonde følgjene av dei. I dag reiser det bodberarar ut til alle verdas avkrokar for å dela dei gode nyheitene om Jesus Kristus med folk og kalla dei til omvending og tru på Jesus.

Det er sant: Jesus sigra på vegne av oss alle. Men det er også sant at kvart menneske må for sin del ta positiivpersonleg stilling til Jesus Kristus, snu seg mot Gud og famna hans frelse. DET ER INGEN ANNAN VEG TIL EVIG LIV.

Å bli frelst er ei djup personleg sak. Når me famnar Gud, blir me Guds barn av nåde. Jesus Kristus seier: "Sjå, eg står for døra og bankar. Om nokon høyrer mi røyst og opnar, vil eg gå inn til han, halda måltid med han og han med meg." Det er eit uttrykk for eit inderleg samfunn basert på ufortent kjærleik og på eit fullført frelsesverk.

AUF vil ta Utøya tilbake. Gud vil gjerna ha menneska tilbake. Må begge tiltak lukkast.

Ingen kommentarer: