mandag 29. september 2008

USA i fritt fall

Den amerikanske regjeringa ville gå inn med frisk kapital i bankvesenet og kjøpa verdilause rotne bustadlån for 700 millionar dollar. Men kongressen sa nei, og aksjekursane på Wall Street søkk som stein. I dag har forresten Oslo børs hatt det største kursfallet på 17 år, og fleire store bankar i Europa er i dag blitt kjøpte opp av dei statane som dei høyrer heime i. Finanskrisa skyller no inn over Europa, og alt tyder på at dette kjem til å bli langvarige greier. Her vil bankar og bedriftar gå konkurs over ein låg sko. Det står tydlegvis ikkje til å berga.


Korleis skal me tolka det som no skjer? Det er som Bibelen seier eit resultat av lang tids grådighet. Grådigheten er ei rot til alt vondt, skriv Paulus. Eg høyrde på ein finansmann som heiter Grytten i dag. Han er vanlegvis optimistisk. Men ikkje no lenger. Han meiner no at krisa er uunngåeleg. Han brydde seg ikkje så mykje om det som hende på børsen. Det er bankane som er viktige, sa han. Både bedriftene og folk flest er avhengige av bankane, og dei har lånt ut alt for mykje pengar utan tryggleik, og vil stå i fare for å måtte fusjonera, gå over ende eller bli kjøpt opp av staten.


Mange sverger til marknadsøkonomien. Skal den fungera må forretningsfolk og økonomar ha høg integritet og moral. Dersom dei berre er opptekne av kortsiktige gevinstar, er marknadsøkonomien den reine ruin. Det er blitt tydeleg no.


Så må me spørja: Korleis er Guds økonomiske filosofi? Den handlar om å stola på Gud, tenka kreativt, tora å investera i dårlege tider, jobba flittig, vera sparsam og ærleg, ha eit lågt forbruk og vera raus med å gje og låna ut til andre utan vederlag. Det er ein livsstil med økonomisk og økologisk berekraft. Kanskje denne filosofien vil bli etterspurd no? Under finn du ein modell for kristen økonomisk tenkning som verkar sunn på meg. Den viser at me må ta omsyn til naturressursar, dei menneskelege ressursane, økologien og moralen når me skal tena pengar på ein sunn måte.


fredag 26. september 2008

Mektig naturoppleving


Har du nokon gong sett 15-20 ørnar flyga saman? Det gjorde me i Skånevik i dag. Dei seilte og baksa over ei lita øy utanfor sentrum, og hadde ei sky av måkar rundt seg som heilt panisk prøvde å jaga dei bort. Det var eit mektig syn. Etter det eg har lest før kan unge ørnar slå seg saman i flokkar, noko som ikkje høyrest urimeleg ut. I alle fall var dei der i dag, og eg har aldri sett på maken.
Elles jobba me i dag med målformuleringar. Det er ikkje lett. Det blir så mange formuleringar at me går oss aldeles vill i dei.

torsdag 25. september 2008

Kollegatur til Skånevik gjev fine høver til å vitna om Jesus


I kveld sit eg på eit hotellrom i Skånevik. Heile lærarkollegiet er her inne og skal jobba med vurderingsspørsmål i to dagar. Skåndevik er ei særs vakker bygd i Sunnhordland. Her er det fin natur og eit velordna kulturlandskap med beiteland og enorme lauvtre som må ha vore planta for hundrevis av år sidan: eik, bøk og blodbøk. Været har vore av det aller beste i dag, varmt og fint, og skogen står i grønt, gult og raudt.
Det som er fint med slike turar er at dei gjev meg mange høver til å vitna for kollegane mine. Og denne gongen har Gud verkeleg opna dører for meg. Det skjedde forresten også i går då skulen var på fjelltur, og eg fekk vitna for ein av kollegane mine. Han var svært open for det eg fortalde han. Og i kveld ved middagen opplevde eg den same opne og nysgjerrige haldninga frå alle som sat rundt mitt bord. Eg fekk fortelja dei om ting som Gud gjer ute i den store verda, om Guds rikes vekst og om forfylging og smerte. Det var heilt nytt for dei. Så eg gav dei litt innblikk i ting Gud gjer, spesielt mellom flyktningane, i kyrkjelyden vår. Dei let seg fascinera og syntest det var veldig interessant. Ville gjerne høyra meir. Eg blir så glad av slikt. Gjev meg von om at dei skal tenkja ein tanke vidare, nemleg at dei gjerne skulle ha kjent den Gud som gjer så store ting mellom oss. Eg vil be om at Den Heilage Ande hjelper dei til å tenkja slik.

mandag 15. september 2008

Børsras og evangeliet



Eg har lite greie på finansspørsmål, og har gjennom tidene interessert meg lite for slikt. Men så pass skjønar eg at når verdien på aksjar og obligasjonar stuper, så er det fordi dei over lenger tid har vore prisa alt for høgt. Det er som om børsane rundt omkring i verda har levd sitt eige liv, og at realverdiane i selskapa har vore langt lågare enn det kursen på verdipapira skulle tilsei. Aksjemeglarane har bygd luftslott og tent ufattelege beløp på det. Men no ser bobla ut til å sprikka, og brått kan bilete bli snudd på hovudet: selskap som såg ut til å veksa inn i himmelen, kollapsar og går dundrande konkurs.

Kvifor skjer dette oftare og oftare? Aksjehandelen vert driven fram i hovudsak av to primitive krefter: grådighet og frykt. Fordi så mange vil tena raske pengar, utviklar det seg eit psykologisk spel på aksjemarknaden. Når kursane stig raskt pga stor forventning om høg forteneste, vil til slutt ikkje verdipapira spegla realitetane. Det ser ut til at aksjemarknaden misser kontakten med den verkelege verda. Men når marknaden så vaknar og ser at verdipapira har ein fiktivt høg kurs, då vil mange i frykt for tap kvitta seg med dei, og då rasar kursen, og selskapa kan bli for lågt prisa. Apostelen Paulus skriv "trongen etter pengar er ei rot til alt vondt." Det slår aldri feil. Dette er jo ein sikkert alt for enkel analyse. Men ikkje heilt på jorde heller, vil eg tru. Og tenk litt på dette at verdas økonomi kviler på krefter som grådighet og frykt. Det er ikkje eit særleg godt fundament.
Kapitalismen i rein form har sine klåre veikskapar. Skal eit slikt system fungera på sikt, må kapitaleigarar vera etisk medvitne og sjå på seg sjølve som kapitalforvaltarar meir enn som eigarar, og så må dei vera nøysame og gavmilde og ikkje grådige. Då vil Gud velsigna økonomisk.

Men midt oppi alt det usikre, er det eitt verdipapir som alltid har validitet, og det er evangeliet. Når Herren Jesus svart på kvitt seier til oss truande døypte menneske at syndene våre er tilgjevne for hans eiga skuld, er det ei fråsegn som er knytt saman med realverdien av hans liv, død og oppstode. Det er godt å vita og rekna med når verda vert skaka av orkanar i naturen og i finansverda. Og det vil ikkje bli mindre av slikt, heller meir.




søndag 14. september 2008

Iranske asylsøkarspionar

VG melder i dag om at det iranske prestestyret sender avhopparar frå "Folkets Mujahedin" som asylsøkjarar til Noreg for å spionera på det iranske eksilmiljøet her. Dette overraskar ikkje. For eitt år sidan vart ein iraner døypt i Filadelfia i Oslo, men så sendt attende til Iran der han vart møtt av politiet og konfrontert med bilete frå sin eigen dåp. I dag er mannen død. Dette må styrka saka til iranarane i kyrkjelyden vår som har konvertert og teke kristen dåp. Det vil vera ekstremt farleg for dei å venda attende til heimlandet.

fredag 12. september 2008

Overrasking frå Victor Normann

I går sto Victor Normann fram i Dagsnytt 18 og overraska både meg og sikkert mange andre med å gå imot regjeringa sin nye strame asylpolitikk. Han sa at det me bør gjera er å opna grensene å ynskje folk hjarteleg velkomen både ut frå humanitære grunnar, og fordi me så sårt treng til arbeidskraft i dette landet. Det var frydefull tale. Næringsminister Andersen skulle svara på dette og snakka om at det å ta imot mange som ikkje har trong for vern vil føra til sveikking av asylinstituttet. Korleis kan det at mange får asyl sveikka asylinstituttet? Vil det ikkje heller styrka det? Har ikkje FN for lengst kritisert den norske stat for å sveikka vedkomande institutt ved ikkje å gje folk asyl som heilt klårt etter FN si vurdering av sin eigen konvensjon skulle hatt det? Og det har FN sin høgkommisær faktisk gjort, utan at regjeringa har brydd seg noko om det. Men ære vere Normann. Må han berre bli høyrt.

tirsdag 9. september 2008

Agnostikaren si ubegripelege og farlege likesæle


Skal skriva litt om Pascal sine tankar her i denne bloggen. Dei er veldig fine å bruka i evangeliserande samtalar, for alle som driv med, eller ynskjer å driva med slikt. Mange av dei menneska me snakkar med veit ikkje heilt kva dei skal tru om Gud. Dei er agnostikarar. Her er nokre tankar som du kan ta med deg til den neste du snakkar med som er slik.


Pascal seier at det er ein merkeleg sak dette at agnostikaren ikkje veit om det finst ein Gud, og at han ikkje veit om det finnst ein dom, men han gjer ingenting for å finna ut om sakene sjølv om det vil vera ein regelrett katastrofe for han om Gud finst og dersom Gud skal fella dom over livet hans. Det må då vera totalt ufornuftig å vera så likesæl i eit så viktig spørsmål. Det er heva over einkvar tvil, skriv Pascal, at me lever kun ein augneblink, så kjem døden og fører oss inn i æva. "Kva skal ein då seia om dei som lever utan å tenkja over kva mål liva deira har, dei som berre let seg leida av sine eigne innfall og lyster, tankelaust og utan uro, dei higar berre etter å vera lukkelege i augneblinken, som om dei kunne gjera æva til inkje ved å unnlata å tenkja på henne." Og vidare: "Denne sorgløysa midt i vankunna er forferdande, og me må la dei som lever livet sitt i eit slikt mørkre, føla det meiningslause og tåpelege i det, for dei står i fare for å gå til grunne i ei evig ulukke."

"Mange vil kritisera den kristen trua utan å ein gong gjera ein freistnad på å setja seg inn religionen før dei går laus på han. Slik har dei ingen sjanse til å finna Gud. For Gud løyner seg for slike menneske. Han let seg berre finna av dei som søkjer han av heile sitt hjarta."
"Spørsmålet om sjela sin udøyelegdom er av så stor vekt for oss og vedgår oss så brennande at me må vera gått frå forstanden dersom me er likesæle med å bringa på det reine korleis det står til med den.""
"Den som tviler og ikkje søkjer, er ei ulukkeleg og villfarande sjel. Er han til og med rolig og tilfreds, tilstår han det og like fram skryt av det, og er det endå denne tilstanden som gjer han munter og oppblåst, då har eg ikkje sterke nok ord til å skildra eit så fullkome narrespel."
Nok Pascal for i dag. Fiffige tankar, ikkje sant?

mandag 8. september 2008

Ein Guds mann langt utanom det vanlege


For eit par år sidan fekk eg tak i Blaise Pascal si bok "Tanker om kristendommens sannhet". Det gjorde meg lukkeleg. Blaise Pascal som levde i Frankrike på frå 1623 til 1662 er kjent både som matematikar, fysikar, apologet og vekkjingspredikant. Ein så sjeldan kombinasjon at det burde vekkja interesse hos nokon kvar. Han er vel rekna for å vera eit av dei mest lysande genia i europeisk historie. Innan matematikken er han kjent for Pascals triangel, arbeid med binomialkoeffesienten, han utvikla statistikken som vitskap og la grunnlag for å kunna berekna sannsyn. Dessutan jobba han mykje med såkalla magiske kvadrat der det er plassert tal vassrett og loddrett i ruter, og der summen av tala i rutene blir den same om me reknar vassrett, loddrett eller diagonalt. Han konstruerte også den første reknemaskinen, og starta dermed eit laup som har enda i dagens datateknologi. Nok om det.
Pascal kom til omvending etter ei alvorleg ulukke med ein hesteskyss i 1654. Han vart liggjande umeviten av sjokk i 15 dagar, og då han vakna til live, hadde han intense religiøse visjonar. Han skreiv dette ned på ein lapp og gøymte det i kappa si: "Eld! Abrahams, Isaks og Jakobs Gud, ikkje filosofane og dei lærde sin gud....eg vil ikkje gløyma ditt ord. Amen!"
Etter dette gjekk han inn i klosteret Port Royal der han kom under innflyting av den katolske vekkjingsrørsla jansenismen, ei rørsle etablert at hollenderen Cornelius Jansen (1585-1638). Jansenistane la vekt på personleg syndeansvar, Guds nåde og Guds forutbestemming.
I klosteret kasta Pascal seg ut i intens skriving. Dei mest kjende skriveria er dei såkalla provinsialbreva der han under pseudonymet Louise de Montalte, med intellektuell overlegenhet knuste den jesuittiske moralfilosofi. Det vart 19 brev i alt, og paven lyste dei i bann og beordra at dei skal brennast. Men kornet var sådd, og desse breva kom til å endra heile den katolske teologiske litteraturen.
Pascal hadde som mål å skriva ein samanhengande kristen dogmatikk, og han begynte å samla stoff til dette føremålet. Det vart mange lappar og lause skriv som han la til sides for seinare systematisering. Men døden innhenta han så alt for tidleg, så prosjektet vart aldri fullført. Det verda sat att med var alle desse notata. Dei vart saml, sett i system og utgjeven i ei til dei grader uferdig bok som likevel har hatt ei enorm betydning både for verdslitteraturen og for mange menneskes åndelege erkjenning av Gud. Kjem attende til noko som er å finna i denne boka seinare.

lørdag 6. september 2008

Aril Edvardsen døydde i dag


Den kjente norske evangelisten og misjonstrategen Aril Edvardsen døydde om ettermiddagen, laurdag 6 august, i Tanzania. Han hadde saman med kona Kari nett gjennomført ein stor møtekampanje i den gamle slavestaten Zanzibar på austkysten av Afrika, og skulle i følgje VG ha nokre feriedagar i Kenya før han reiste heim til Noreg. Men slik vart det ikkje. Herren sette punktum for hans jordiske gjerning og kalte han heim til seg.

Ingen nordmann i moderne tid har hatt så stor betydning for så mange som Aril Edvardsen. Det falt i hans lodd å bryta nytt land på sa mange områder. Han var pioner og gründer, og som slik ofte omstridd, men har dei siste åra har han nytt stor respekt både blant store og små. Han var alltid framfor si eiga tid både når det galdt misjonsstrategi og syn på den politiske utviklinga på makroplan. Han bygde i Sarons dal opp det største TV-produksjonsselskapet i Noreg. I dag vert det sent evangeliske program til heile verda frå sarons dal. På starten av 80-talet profeterte han at jernteppet kom til å falla før tiåret var ute. Ikkje mange trudde på det. Men i 1989 rasa det saman. Eg hugsar eg let meg imponera av dette den gongen.

Det var verdsmisjonen som var Aril si hjartesak nummer 1. Han etablerte Troens bevis verdensevangelisering i 1965, og markerte alt frå starten av at dette skulle vera ein økumenisk organisasjon. Han var sogar open for samarbeid med karismatiske katolikkar. Mange i pinse-Noreg var imot dette, men Aril var tru mot det Gud hadde kalla han til.

Aril reiste over alt, og finansierte misjon gjennom å læra opp, underhalda og inspirera lokale evangelistar og misjonærar i sikkert over 100 land.

Midt oppi alt dette var Aril også forfattar av ein 40-tals bøker. Også i forfattarskapen sin bevega han seg inn på områder som er ukjente for folk flest. Han skreiv m.a. om arkeologi, og evolusjon kontra skapartru, og kom ofte med heilt nye vitskaplege opplysningar som kunne stadfesta Bibelen sine forteljingar.

Det er eit stort tap når Aril no er borte. Det gjev ei underleg kjensle. Ein grunnpilar er fjerna frå Guds tempel i Noreg. Me lyser fred over minnet hans.

torsdag 4. september 2008

Norsk asylpolitikk i feil retning

Politikk er moral. Moral er nestekjærleik og humanitet. Alle vedtak som forringar humaniteten i samfunnet, er umoralske og representerer dermed ein politikk i feil retning.

Når det no skal stramast inn i asylpolitikken, blir det grunngjeve ut frå Noreg sine interesser. Men det er ei lygn. Det er maktpolitiske interesser som ligg til grunn. Rasismen er ytterst levande i det norske samfunnet, og dei som kan gjera det vanskelegare for folk frå framande land og kulturar å koma til Noreg, får røyster i gevinst. Så enkelt er dette. Og så skummelt. For her tenkjer ein ikkje etter moralske prinsipp, men etter omsynet til veljarar som kan gje ein makt. Ein ofrar menneske på makta sitt alter.

Det kjem ikkje mange flyktningar til Noreg. Det har det aldri gjort. 90% av dei som er på flukt hamnar i fattige land som knapt kan ta seg av dei. Det burde kome mange fleire hit til oss rett og slett fordi forfylginga av folk er så massiv og aukande mange stader. Kan nemna at årleg må omlag 160000 kristne lata livet pga trua si, og det er ikkje mange forfølgde kristne som kjem til Noreg. Men det burde dei ha gjort. Men hadde dei kome, ville dei ha vorte sende attende fordi dei har så vanskeleg for å dokumentera at akkurat dei er forfylgde.

Statsministeren vil gje opphald til dei som faktisk treng vern, og slik vil han ta vare på asylinstituttet og sørga for at det ikkje vert utvatna. Dette seier han samstundes som han veit at det vert i praksis ikkje gjeve politisk asyl til eit einaste menneske i Noreg lenger. Alle får opphald på humanitært grunnlag, også dei som soleklårt kjem inn under asylretten. Ingen er forfølgde nok, ser det ut for. Forstå det den som kan.

Ingen gjev seg ut på vandring i verda utan at han eller ho opplever situasjonen som ekstremt vanskeleg på heimstaden. Situasjonen må vera prekær om folk skal bryta opp. Når dei så kjem og bankar på hos oss, har dei kanskje ikkje alle rett på politisk asyl, men det må og bør vera ein låg terskel å gje opphald på humanitært grunnlag. Me er jo eit land som rosar oss av å byggja samfunnet på humanitære verdiar.

Frå ein kristen synsvinkel (ein gong var me eit kristent land) er det å ta godt imot framande som søkjer tilflukt hos oss, avgjerande. Gud vurdere og dømer folk og nasjonar etter korleis dei handsamar sosialt vanskelegstilte og flyktningar. Når det endelege rekneskapet snart skal gjerast opp, skal Jesus sei til dei på si høgre side: "Eg var framand, og de tok imot meg! Gå inn til min fars glede. " Og til dei på venstresida: "Eg var framand, og de tok ikkje i mot meg! Gå bort frå meg de som gjorde urett til den evige elden som er laga til åt djevelen og hans englar." Så høgt vurderer Gud ein flyktning.

At me tek imot kvoteflyktningar er bra, men neppe strålande. For det første er det ikkje mange av dei, og for det andre plukkar me dei ut etter kriterium som kan tena oss sjølve. Gamle og sjuke har liten sjanse for å koma til Noreg sjølv om dei har sete i flyktningeleirar aldri så lenge. Her er det dei nasjonale eigeninteressen som rår grunnen.

onsdag 3. september 2008

NLM og kyrkjelyden, kor går vegen?


Eg merkar meg at generalsekretær i NLM, Ola Tulluan, ikkje vil at organisajonen skal verta eit kyrkjesamfunn. Grunngjevinga for dette er at NLM er lågkyrkjeleg og har historisk sett distansert seg frå alt embetsstyre i Guds kyrkje. NLM har frå starten av forfekta det allmenne prestedøme og eit nådegåvebasert tenestemønster. Den ideologiske plattforma for dette synet er å finna i Ludvig Hope si bok "Kyrkja og Guds folk". Der skriv han at kyrkjesamfunna og organisasjonane berre er ytre stillas som me står på når me byggjer den sanne kyrkja. Den sanne kyrkja er dei atterfødde, dei som verkeleg trur, og ingen veit sikkert kven dei er, berre Jesus. Dette synet på kyrkja har med organisasjonen si sjel å gjera.


Det er ikkje å stikka under ein stol at denne teologien utvikla seg i ei tid då presten var embedsmann både i det verdslege og åndelege regimentet på ein heilt annan måte enn tilfelle er det i dag. Det er lett å semjast om at prestane på 17 og 1800-talet representerte ei uheldig samanblanding av verdsleg og åndeleg makt i Noreg. Det er også ei kjennsgjerning at mange av desse prestane kom frå embedsmannsfamiliar og hadde lite føling med vanlege folks kvardag, og det kunne vera så som så med det åndelege livet hos dei. Mange var opplysningsmenn som hadde lite syn for å forkynna evangeliet til frelse for syndarar. Potetprestane kjenner me alle til. Likevel var det på denne tida også mange ekte kristne prestar, særleg mellom dei som vart berørte av Gisle Johnson si undervisning. Dei vart berarar av vekkjing i bygd og by.

Men også lekmannsrørsla med all si vekkjingskraft sto i ein politisk kontekst. Det er ingen grunn til å stikka under ein stol at framveksten av denne rørsla fall saman med den folkelege "opprøret" mot embedsmannsveldet generelt som voks fram på 1800-talet. Det var vanleg å vera lekmann og venstremann.

Men no trur eg NLM gjer ein alvorleg feil: dei let fortida styra framtida. Som kristne er me ikkje bundne til det som hende i fortida, men kun til Gud og hans ord, og i Bibelen finn me lett ut at kristenflokkane på kvar stad skal organiserast i kyrkjelydar med "heilage, tilsynsmenn og kyrkjelydstenarar" for å sitera Paulus i Filipparbrevet 1,1. Eg kan ikkje med min beste vilje sjå at dette skulle tyda å venda attende til ei eller anna embetsmannstenkning som tilhøyrer ei fjern fortid. Det er snakk om at flokkane får rett til å kalla og innsetja sine eigne hyrdar og diakonar, noko som frikyrkjene har gjort i mange, mange år utan at det har ført til noko embetsmannstenkning i det heile. Dersom NLM vil følgja Bibelen, blir det enkelt.


Når medlemmer NLM ikkje lenger kan gle seg over medlemskapen sin i Den norske kyrkja (og eg har skjøna at Ola Tulluan er ein av dei), må dei, for å følgja Guds ord, finna seg eit nytt kyrkjelydsfellesskap, men det vil ikkje NLM gje dei innafor sine ramer. Derimot ligg det an at organisasjonen skal kunna gje "utbrytarane" ei slags kyrkjeleg ryggdekning. Eg er redd at dette vert uklårt, og at det blir å ri fleire hestar samstundes. Det kan ikkje gå bra. Den lokale kyrkjelyden er av Gud, og det som er av han, vil alltid vinna fram. Og mitt råd til NLM - folk som vil gå med Gud i denne saka: finn fram til kvarandre lokalt, meld dykk ut or Den norske kyrkja og etablerer eigne små frie kyrkjelydar med valde hyrdar og eigen sakramentforvaltning. Så kan de tilhøyra NLM like mykje som før, men de styrer dykk sjølve, slik som NLM i alle år har tilhøyrt Den norske kyrkja, men styrt seg sjølv. Lukke til.

mandag 1. september 2008

Tid for å søka overhyrden

I dag er det bøn og faste. Det er så mange behov i kyrkjelyden som som eg ikkje kan møta på ein god måte ut frå eigne forutsetningar. Eg må søkja Gud både for meg sjølv og for dei av medlemmene som slit. Og etterkvart som det kjem fleire til, jo fleire utfordringar melder seg. Slik er det å vera hyrde. Då er det lett å spora av og få det så travelt at ein taper seg åndeleg. Det har ingen glede av. Difor må eg disiplinera meg og søka overhyrden. Det har eg stor glede av. Han er så inderleg god, og eg veit at når eg ber, vert det opna ein veg for Jesus til dei eg ber for. Det er godt å vita.



Snakka med Iqbal i går. Svigerfaren Arshad, som har fått ein leukemidiagnose, blir gradvis dårlegare. Situasjonen i Pakistan er no så usikker på så mange vis at me har bestemt oss for å utsetja reisa dit inntil vidare. Det blir nok eit vonbrot for dei der nede.



Eg vil be alle lesarar om å be for Arshad og familien, og då særleg Salomi, kona til Iqbal som ikkje har høve til å vera hos faren på hans siste reis, om då Herren ikkje reiser han opp.

Kristne i Pakistan er svært usikre på kva som skjer no etter at president Musharaff er gått av. Dei er svært diskriminerte og trakasserte frå før, og er no redd for at ting skal bli enno værre. Underleg at ei så stor gruppe menneske i eit land kan vera så rettslause utan at andre lands styresmakter finn det interessant i det heile.

Me må be for våre kristne søsken i Pakistan. Dei treng Jesu nærvær og vern kontinuerleg.