Viser innlegg med etiketten bøn. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten bøn. Vis alle innlegg

torsdag 15. november 2018

Disippellivet VIII. Bøn

Bøna er sjølve pulsen i kristenlivet, og dermed også i disippellivet. Dag og natt har ein kristen kontakt med Gud i si ånd, men for det meste ubevisst. Men når me har våre bønetider, festar me blikket og let tankane våre kvila i Gud.

Bøn er ikkje strev. Det er å pleia omgang med Far i himmelen. Det er viktig for oss rett og slett fordi me elskar han, og fordi me veit at han elskar oss.

Den som elskar søkjer alltid saman med den han/ho elskar.

Den som ikkje kjenner seg dregen mot bøna, kjenner seg ikkje dregen mot Gud, og elskar ikkje Gud. Den som oppdagar noko slikt hos seg sjølv, må inderleg be om å bli fornya, for det å elska Gud og bli elska av Gud er sjølve kjernen i det å vera kristen.

Ein mentor må ta disippelen med seg inn i bønelivet sitt. Jesus bad mykje. Disiplane hans la merke til det, og dei såg at denne måten å leva på gav han enorm autoritet og kraft.

Difor ville dei at han skulle læra dei å be. Og det gjorde han. Han sa: Når de ber, skal de ikkje be slik  som heidningane. Dei trur dei blir høyrt om dei brukar mange ord. Nei, slik skal de be: "Fader vår, du som er i himmelen......"

Det viktigaste ein mentor lærer disippelen sin er regelmessig dagleg bøn, det å få bøna inn i ein god rytme. Daniel hadde tre daglege bønestunder, morgon, middag og kveld. Midt i ein travel statsministerkvardag, var han nøyen med å ikkje hoppa over ei bønestund, noko som gjorde han til ein mektig profet og ein av dei klokaste politikarane verda har sett.



søndag 16. september 2018

Guds trøyst

"Me må gå inn i Guds rike gjennom mange trengsler," les me i Apg 14.
Kvifor er det slik? Fordi me har ein mektig motstandar som kjempar mot oss når me reiser oss for Gud og hans sak. Han gjer alt han kan for å stoppa oss og lamma oss, og det gjer vondt.

Men Gud er suveren. Han brukar djevelens gjerningar til å fremja sine planar: For når me blir herja med, får me erfara Guds trøyst slik at me blir i stand til å trøysta andre når dei kjem i trøbbel, og slik blir fellesskapet i Guds kyrkje styrkt. 2.Korintarbrev 1. 3-5. Og når fellesskapet blir styrkt, blir kyrkja sterkare, og djevelen oppnår det motsette av det han hadde tenkt.

Og så ein annan positiv ting med dette: Gjennom trengslene lærer Gud oss å stola på han åleine (vers 9). Me har så mange krykker å støtta oss til. Når Gud fjernar dei, erfarer me at me faktisk lett klarer å gå utan krykker, og me blir mykje meir mobile. Interessant.

Kristne over heile verda opplever trengsler. Nokre fordi dei modig forkynner Guds ord, andre rett og slett fordi dei berre elskar Jesus og ikkje vil tilbe andre enn han.

"Be for oss," skriv Paulus i 2.Kor 1,11. I Asia hadde dei fått så mykje juling at dei trudde dei skulle døy av medfarten. Tusenvis av Guds barn er i same situasjon i dag, og Gud vil at me skal be for dei.

Når me ber, gjev me Gud handlingsrom, og når han får koma til med si hjelp, skjer det under, og me blir alle så takksame og glade, og Gud går fram.



torsdag 16. oktober 2008

HP dukka opp

Me hadde ei flott og effektiv bønesamling i kveld. Eg hadde førebudd bøn for ei rekkje områder som er viktige for byen vår, og for kyrkjelyden i her, og me bad systematisk og effektivt, med litt lovsong inni mellom. Det møtte ikkje opp meir enn 30 personar, og det er med respekt å melda skralt med tanke på dei mange hundre kristne me har på Stord, men dei som møtte opp skal ha ros. Dei visste korleis dei skulle be.



Og så var det litt morosamt at HP (Hans Petter Martinsen), den kjende torpedoen som vart kristen i 2001, dukka opp på Horneland bedehus. Han har vore i på Stord nokre dagar og hatt skulebesøk om dagane og møter på Frelsesarmeen om kvelden, og han ville gjerne vera med oss å be denne kvelden. Det var jo veldig koseleg. HP har jo slik ein slik dramatisk historie, og han delte aldri så lite med oss av den. Fram til han møtte Jesus handla alt om vald, dop og pengar. Etter at han møtte Jesus, handlar alt om Guds kjærleik. Før spreidde han frykt. No spreier han dei gode nyheitene om Jesus.



Det er eit litt ekkelt symptom dette at så få kristne menneske finn det tenleg å prioritera slike samlingar som me hadde i kveld, trass i mange oppmuntringar om å gjera det. Eg er heilt sikker på at felles bøn er nøkkelen til vekking og framgang for Guds rike. Og når me har planlagt bønemøtenen skikkeleg, vert dei også gode å vera på.



Ha ei god natt.

mandag 1. september 2008

Tid for å søka overhyrden

I dag er det bøn og faste. Det er så mange behov i kyrkjelyden som som eg ikkje kan møta på ein god måte ut frå eigne forutsetningar. Eg må søkja Gud både for meg sjølv og for dei av medlemmene som slit. Og etterkvart som det kjem fleire til, jo fleire utfordringar melder seg. Slik er det å vera hyrde. Då er det lett å spora av og få det så travelt at ein taper seg åndeleg. Det har ingen glede av. Difor må eg disiplinera meg og søka overhyrden. Det har eg stor glede av. Han er så inderleg god, og eg veit at når eg ber, vert det opna ein veg for Jesus til dei eg ber for. Det er godt å vita.



Snakka med Iqbal i går. Svigerfaren Arshad, som har fått ein leukemidiagnose, blir gradvis dårlegare. Situasjonen i Pakistan er no så usikker på så mange vis at me har bestemt oss for å utsetja reisa dit inntil vidare. Det blir nok eit vonbrot for dei der nede.



Eg vil be alle lesarar om å be for Arshad og familien, og då særleg Salomi, kona til Iqbal som ikkje har høve til å vera hos faren på hans siste reis, om då Herren ikkje reiser han opp.

Kristne i Pakistan er svært usikre på kva som skjer no etter at president Musharaff er gått av. Dei er svært diskriminerte og trakasserte frå før, og er no redd for at ting skal bli enno værre. Underleg at ei så stor gruppe menneske i eit land kan vera så rettslause utan at andre lands styresmakter finn det interessant i det heile.

Me må be for våre kristne søsken i Pakistan. Dei treng Jesu nærvær og vern kontinuerleg.