fredag 29. september 2023

Kristen einskap del 1

 I Johannes 17 ber Jesus om at disiplane hans må vera eitt slik som han og Far er eitt. Dette er ei sterk bøn. Kan du tenkja deg ein sterkare einskap enn den som er mellom Faderen og Sonen? Sjølvsagt ikkje. Og så til neste punkt: Å vera kristen er, gjennom dåp og tru å vera innpota i denne guddommelege einskapen. "Eg er det sanne vintreet, og de er greinene," seier Jesus i Johannes 15,5. For ein privilegium me er blitt tildelt. Dette gjer oss glade. Men me må innsjå at me som kristne, trass i Jesu inderlege bøn, er splitta opp i mange fraksjonar. Fordrar denne bøna noko av oss? Ja, for einskap kjem ikkje av seg sjølv. For hadde einskap kome av seg sjølv, trong ikkje Jesus å be. Einskapen må kjempast for. Og den viktigaste kristne einskapen er den me kan etablera i lokalsamfunna. Og her kviler eit særleg ansvar på pastorar, prestar og forsamlingsleiarar. For dersom desse ikkje kjem saman og inviterer medlemmene til felles lovsong, bøn og undervisning, vil medlemmer i ulike fellesskapa finna saman og etablera tverrkyrkjelege subgrupper utanfor kyrkjelydane. Det skjer fordi dei oppdagar kvarandre og blitt glad i kvarandre. Men eg er ganske overtydd om at Jesus ville at all denne kjærleiken mellom dei truande på ein plass skulle få utfalda seg ved at kyrkjelydane står saman for å kunna gje eit meir fulltonande bilete av Jesus for befolkninga elles, for det er kyrkjelyden som er hans kropp. Vel, eg skriv litt meir om Johannes 17 og den kristne einskapen i morgon. Ha ein strålande dag. Søk Gud, lev sterkt og ver snill.

Ingen kommentarer: