Når den apostoliske truvedkjenninga spanderer to setningar på kyrkja, må dei første kristne ha sett på henne som det viktigaste i tilværet utanom Gud sjølv. Og det har dei god dekning i Bibelen for å gjera. Kva lærte dei oss om kyrkja? At ho er heilag og allmenn (katolsk), og då er det snakk om den verdsvide kyrkja, altså alle kristne i alle land. Heilag, fordi medlemmene er tilgjevne og reinsa frå all synd ved trua på Jesus, allmenn fordi ho er open for alle. Den neste setninga: "samfunnet av dei heilage" meiner eg handlar om den lokale kyrkjelyden. Ingen kan ha samfunn med alle kristne i heile verda, men me kan ha samfunn med kvarandre lokalt. "Samfunn" er eit langt sterkare ord enn "fellesskap". Fellesskap kan vera prega av ganske svake bindingar. Men "samfunnet av dei heilage" handlar om sterke bindingar mellom personar som trur på Jesus, som har forplikta seg på å ta vare på kvarandre, og som, under leiing av lokale hyrdar, saman vil gjera Jesus kjent for verda. Den lokale kyrkjelyden er Jesu organisasjonsmodell for sitt rike på jord. Korleis kan de då ha seg at kristne i dag lagar seg sine eigne modellar som dei trur fungerer betre?
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar