mandag 28. mai 2012

Tetunane på Timor fann Gud då han talte til dei på deira eige språk



Bibeloversetting er essensielt i alt misjonsarbeid. Framst i rekka finn me Wycliffe bibeloversetjarar. Sjå på denne videoen og merk deg kor Guds hjarta opnar seg for folk når dei får Guds ord på sitt eige språk.




Foto: World Wildlife Fund

søndag 20. mai 2012

Tale i Rosendal 20.mai

 Ein flott gjeng var samla til gudsteneste i Rosendal i dag for å lovsynga Jesus, lytta til hans ord og ha fellesskap. Under finn du lydfil av talen.

http://www.mediafire.com/?9c1ygjch10xvlup

lørdag 19. mai 2012

Omvending og syndsforlating

"I hans namn skal omvending og syndsforlating forkynnast for alle folkeslag!" Lukas 24,47

Oppdraget er udiskutabelt. Me skal forkynna omvending og syndsforlating for alle folk, ætter og tungemål. Det er ein proklamasjon av Kristi siger. Han har fått all makt i himmel og på jord, og menneska har plikt til å overgje liva sine til Jesus. Då får dei tilgjeving for all synd, rett til å bli Guds barn og arvingar til det evige riket som Jesus skal etablera når han kjem att for å døma levande og døde.  Omvending og syndsforlating heng saman. Det finnst ikkje syndsforlating utan omvending. Kva er omvending? Det er å snu seg mot Jesus, sanna syndene sine og overgje seg 100% til han. Det greske ordet for omvending er metanoia som tyder å endra sinn, eller innstilling. Eit uomvendt menneske kjenner ikkje Gud, og bryr seg knapt om han og hans interesser. Ein er framand for Gud, og ein let seg leida av det som er akseptert av folk flest, av tidsånda.

Men me er skapte til å leva saman med Gud, æra han og tena han. Når det går opp for folk at ein ved å leva heilt "normalt", overhovudet ikkje oppfyller Guds plan med livet, at målet for livet er å elska, æra og tena Gud, at ein ved å leva "normalt" bommar totalt på livsmålet og bevegar seg ubønhørleg mot domen, då vaknar nauda og sorga i folk, sorg over å vera på feil veg mot feil mål og over å ha levd på feil måte. Då dukkar alle dei vonde syndeminnene opp, og ein skammar seg over det ein har gjort, tenkt, sagt og meint. Dette er det me kallar personleg vekking, og alle som opplever denne gjennomlysinga, vil elska bodskapen om omvending og syndsforlating. Dei vender med glede om til Gud, innrømmer alt som plagar samvitet, overgjev liva sine til Jesus og stolar på at det han gjorde på krossen er tilstrekkelege til frelse for alle menneske, som skrive står.

I våre dagar vil folk gjerne ha tilgjeving for syndene sine, men dei vil ikkje venda om av heile sitt hjarta til Gud. Det går ikkje. Gud gjev berre si tilgjeving til dei som vender om.

onsdag 16. mai 2012

Reins ut gamal surdeig

Tale i Kristkyrkja på Stord 13. mai

Kopier linken inn i søkevindauga og trykk shift:
http://www.mediafire.com/?ko5wh1lss5zrykm

lørdag 12. mai 2012

Guds 4 hjartesaker

Den første av Guds hjartesaker er menneske.
Han vil at alle menneske skal bli frelst og læra sanninga å kjenna.
Han elskar rett og slett verda, dvs menneska som er i verda, ja han elska dei til døden.
Denne kjærleiken ligg også bak misjonsbefalinga: "Eg har fått all makt i himmel og på jord! Gå difor ut og gjer alle folkeslag til mine læresveinar...."
Fordi han elskar menneska, hatar han vald, både mot fødde og ufødde menneske.
Den største uretten som me nokon gong har sett i historien går føre seg i dag og heiter abortus provocatus. Det er ein svært ujamn krig mellom vaksne og barn der resultatet er gjeve på førehand.
Denne grove uretten må menneska stå til ansvar for innfor Gud. Det blir eit tungt oppgjer. Utøyarettssaka vert ein bagatell i høve til den som ein dag vil koma. 

Den andre av Guds hjartesaker er ekteskapet. Det var Gud som etablerte ekteskapet som ei livslang pakt  mellom èin mann og èi kvinne. Når vestens menneske no omdefinerer det til også å gjelda homofile, lyser dei krig mot Gud. Det vil straffa seg.

Fordi ekteskapet er Guds oppfinning, prøver djevelen å øydeleggja både institusjonen og det enkelte ekteskap. Det fører til problem mellom ektefeller, skilsmisse og oppløysing av institusjonen. 

Den tredje av Guds hjartesaker er kyrkjelyden. Gud elskar fellesskap, og han uttrykker seg gjennom det. Alt han gjer i verda, gjer han gjennom kyrkjelyden. Når den fungerer, møter folk Gud og blir frelst. Av den grunn er kyrkjelyden alltid under åtak frå djevelen som har som mål å utradera så mange som mogeleg, anten gjennom indre splid, vranglære, verdslegdom eller forfølging.

Den fjerde av Guds hjartesaker er Israel og jødefolket. Han valde dei ut i gamal tid for å vera hans openberringsfolk, og han har ikkje gløymt sitt kall og sine nådegåver til dette folket, og den dagen dei vender om til Jesus, vil det bli til frelse for heile verda. Då kjem det ei stor verdsvekkjing, den siste før Jesus kjem att i herlegdom. Difor er Israel som nasjon og jødane som folk stadig skyteskive for åtak frå mange hald. Nasjonane er styrte av "denne verdas fyrste". Utan at dei er klår over det vert dei bedregne av djevelen til å hata og gå imot Israel.

Det som er Guds hjartesaker, skal også vera våre. Eg vil vera med å slost for menneske, ekteskapet, kyrkjelyden og Israel så lenge eg lever.

fredag 11. mai 2012

"Et folk og en nasjon står i evig gjeld!"


Gunnar Sønsteby

”Kjakan”, Gunnar Sønsteby døydde 10 mai i år. Han var den mest kjende at alle motstandsfolk frå sist krig og den høgast dekorerte mann i Noreg. Hans innsats under krigen blir prisa svært høgt. Etter krigen har han arbeidd like iherdig for freden. Han har halde tallause føredrag m.a. på skular der han oppmodar unge menneske om å hegna om demokratiet. Ein fin og klok mann, ein leiar av fremste merke i krisetid. Ei siste helsing til han lyder slik: ”Et folk og nasjon står i evig gjeld!”

Eg kjenner berre éin person som bokstaveleg fortener slike ord, og det er Jesus Kristus. Gunnar Sønsteby sin innsats bidrog i noko grad til at tyskarane måtte strekka våpen slik at me fekk vår nasjonale fridom attende. Fred og fridom er mellom våre fremste verdiar. Men det han gjorde, strekker seg ikkje inn i æva, så stor var han ikkje. Han går ikkje Jesus i næringa, og hadde vel heller inga interessa av det. 

Det er berre éin person som fortener EVIG TAKK, og det er Jesus Kristus. Han var kjærleg og stor nok til å bera alle syndene våre med seg opp på krossen, betale den evige gjelda vår, skapa fred mellom himmel og jord og opna Guds evige rike for oss alle, og han var mektig nok til å sigra over døden og stå opp att for å råda over himmel og jord i all æva. Han er den store kongen og redningsmannen som alle menneske bør takka og prisa.
Gunnar Sønsteby var stor, men ikkje uunnværleg. Men Jesus kan ingen unnvera. Det er ikkje noko alternativ til han for den som vil bli evig frelst.