lørdag 19. mai 2012

Omvending og syndsforlating

"I hans namn skal omvending og syndsforlating forkynnast for alle folkeslag!" Lukas 24,47

Oppdraget er udiskutabelt. Me skal forkynna omvending og syndsforlating for alle folk, ætter og tungemål. Det er ein proklamasjon av Kristi siger. Han har fått all makt i himmel og på jord, og menneska har plikt til å overgje liva sine til Jesus. Då får dei tilgjeving for all synd, rett til å bli Guds barn og arvingar til det evige riket som Jesus skal etablera når han kjem att for å døma levande og døde.  Omvending og syndsforlating heng saman. Det finnst ikkje syndsforlating utan omvending. Kva er omvending? Det er å snu seg mot Jesus, sanna syndene sine og overgje seg 100% til han. Det greske ordet for omvending er metanoia som tyder å endra sinn, eller innstilling. Eit uomvendt menneske kjenner ikkje Gud, og bryr seg knapt om han og hans interesser. Ein er framand for Gud, og ein let seg leida av det som er akseptert av folk flest, av tidsånda.

Men me er skapte til å leva saman med Gud, æra han og tena han. Når det går opp for folk at ein ved å leva heilt "normalt", overhovudet ikkje oppfyller Guds plan med livet, at målet for livet er å elska, æra og tena Gud, at ein ved å leva "normalt" bommar totalt på livsmålet og bevegar seg ubønhørleg mot domen, då vaknar nauda og sorga i folk, sorg over å vera på feil veg mot feil mål og over å ha levd på feil måte. Då dukkar alle dei vonde syndeminnene opp, og ein skammar seg over det ein har gjort, tenkt, sagt og meint. Dette er det me kallar personleg vekking, og alle som opplever denne gjennomlysinga, vil elska bodskapen om omvending og syndsforlating. Dei vender med glede om til Gud, innrømmer alt som plagar samvitet, overgjev liva sine til Jesus og stolar på at det han gjorde på krossen er tilstrekkelege til frelse for alle menneske, som skrive står.

I våre dagar vil folk gjerne ha tilgjeving for syndene sine, men dei vil ikkje venda om av heile sitt hjarta til Gud. Det går ikkje. Gud gjev berre si tilgjeving til dei som vender om.

Ingen kommentarer: