mandag 9. desember 2013

Mandelas inspirasjonskjelde




 
 Nelson Mandela  går over i historia som ein av dei største leiarane som har levd. Grunnen er enkel: Han lærte oss forsoning. Etter 27 år på fangeøya  Robben Island skulle me tru at han hadde mykje å hemna. Men han kom ut frå fengslet som ein forvandla mann. Då han vart arrestert og dømt, var han  ung og sint. Då han kom ut, strålte han av kjærleik til alle menneske. Kva hadde skjedd med mannen? Han hadde sett den som hatar er eit basta og bunde menneske, og sidan Mandela ville vera heilt gjennom fri, la han hatet frå seg. Dessutan hadde han møtt den mannen framfor andre hadde forsoning som sitt livsprogram: Jesus Kristus.
Det er ingen tvil om at Mandela var personleg truande kristen. Påska 1992 heldt han ein tale
 i Zionist Christian Church der han uttrykte trua si krystallklårt då han sa:
 
”Me er komne hit denne påska for å feira atterfødinga og oppstoda til Messias, han somutan våpen, utan soldatar, utan politi og løynde spesialstyrkar, utan hardtslåande patruljar og nervøse bandar sigra over den mektigaste staten som eksisterte på den tid. Denne gledesfesten vår markerer at livskreftene har sigra over døden, og håpet over fortvilinga. ”

Seinare i preika si formulerte han denne bøna: 

” Herre, allhærs Gud! Me ber til deg om å velsigna oss med fred! Me ber til deg om å velsigna oss med kjærleik. Me ber til deg om å velsigna oss med fridom. Me ber til deg om å velsigna folket i Sør-Afrika med forsoning.”  

Nelson Mandela hadde ei kjelde å ausa av utanfor seg sjølv, denne kjelda var Jesus Kristus. Det var løyndomen hans.
 I Bergpreika i Matteusevangeliet kapittel 5 – 7 lærer Jesus oss å elska fiendane våre og be for dei som forfølgjer oss. Hat og hemn er naturlege menneskelege reaksjonar på grov urett. Men det fører alltid berre til meir urett. Å kunna tilgje er guddommeleg. Då Jesus hang på krossen i umenneskelege smerter, bad han for bødlane sine og sa: ”Far, tilgje dei, for dei veit ikkje kva dei gjer.” 

Men forsoningsbodskapen i Bibelen går enno djupare. I 2.Korintarbrev kapittel 5 les me desse avgjerande orda: ”Gud var i Kristus Jesus og forsonte verda med seg sjølv.”  Verda er deg og meg. Det er ME som vart forsont med Gud langfredag i år 33. På krossen tok Gud på seg ansvaret for all vår urett, og der sona han vår straff. Ein større kjærleik har verda aldri sett.  Den treng me alle saman, du og eg og Nelson Mandela.