tirsdag 3. desember 2013

"Adam, kor er du?"



I skyminga på syndefallsdagen kom Gud Herren til menneska i hagen, men ingen var å sjå. Redde hadde Adam og Eva gått og gøymt seg for han som dei så langt hadde elska over alt. No såg dei på han som eit trugsmål.

Og slik har det vore mellom menneska etter denne dagen. Me bryt Guds bod dagleg, og skubbar Gud bort frå oss så godt som me kan. Vil ikkje møta han, fordi me er redde for lyset, redde for å bli avslørte. Og så er me blitt så glade i synda. Den gjev oss ei narkotisk nyting, og som einkvar narkoman, stivheld me på rusen sjølv om han undergrev liva våre og fører oss mot den evige død, og utan å sjå at den nytinga Gud gjev oss er mykje større enn den me kan få ved å eta ”forboden frukt”.  

Gud visste godt kor Adam var. Ingen kan skjula seg for Gud. Likevel spurde han: «Adam, kor er du?» Han tvingar seg ikkje inn på oss menneske. Han kallar oss fram. Fridomen er heilt grunnleggande i kristendomen. Dersom eit menneske går evig fortapt, er det fordi det har valt å leva livet utan samfunn med Gud. Berre difor.  

Det går eit kall frå Gud i dag til alle menneske, eit kall etter å gje seg til kjenne, eit kall etter å koma fram frå gøymeplassen sin, eit kall til frelse og fellesskap. Alt som me har gjort galt, har Jesus Kristus betalt for. Vegen til Gud er open for alle.  

Ingen kommentarer: