søndag 19. oktober 2014

Frelst frå Gud?



 
På talkshowprogrammet Lindmo på NRK-TV, laurdag, møtte me Bjørn Eidsvåg som kunne fortelja at han hadde blitt herleg frelst frå Gud. Det hadde gjort han godt å bli kvitt ein gud som påla han å frelsa verda. Det hadde blitt for strevsamt og tungt å halda på med i lengda, sa han.  No ville han heller tulla med gutane i Radioresepsjonen. Ja, nokolunde slik ordla han seg.
Men det må respekt å melda vera eitt eller anna her som rockepresten ikkje har fått med seg. Gud har vel aldri bedd Bjørn Eidsvåg om å frelsa verda. Etter dei opplysningane eg set med var det Jesus Kristus som gjorde det, og  Bjørn Eidsvåg var ein av dei som skulle frelsast. Han og alle oss andre.
Det er ikkje bra å bli frelst FRÅ Gud. Det er langt betre å bli frelst AV og TIL Gud. Det var ei stor lette for meg den dagen eg forstod at eg ikkje trong frelsa korkje meg sjølv eller andre, men berre stola på at Jesus hadde gjort alt ferdig for alle då han døydde på krossen. Då opna himmelen seg for meg, og eg fekk bada i Guds kjærleik. Det held eg på med enno. Det gjer livet så inderleg lett og håpefullt.
Når Guds energi kjem inn, blir det lett å tena Gud. Jesus sa ein gong (Matteus 11,29): ”Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjarta, så skal de finna kvile for sjelene dykkar. For mitt åk er godt og mi bør er lett.”
Slik blir det ingen større glede for ein kristen enn å tena Gud i trua på Jesus Kristus og i hans kraft.  Det er langt kjekkare og gildare enn å tulla med gutane i Radioresepsjonen. Kan ikkje forstå anna.