tirsdag 28. november 2023

Former Hezbollah Fighter Recalls Encounter with Jesus: 'God Didn't Desig...

Advent 2023. 1. dag. Det handlar om at Jesus skal koma att om ikkje så lenge.

 

I våre dagar er det mange adventskalendrar med svært ulikt innhald. Det meste fangar ikkje mi interesse, og har vel strengt tatt lite og ingenting med advent å gjera. Difor lagar eg no min eigen, og den skal handla om Jesus og Guds rike. Advent er eit latinsk ord som tyder «kome», og handlar m.a. om alt det gode som skal skje når Jesus kjem tilbake. For det er han alle truande ventar på, at han skal koma frå himmelen for å dømma levande og døde, og for å skapa ein ny himmel og ei ny jord der det ikkje er meir vondskap liding og død, eit univers der rettferda rår.

Jorda er full av urett, og uretten har sine røter i kvart einaste menneskehjarta, i karakteren vår. Jo, det finst mykje urett i politikk og økonomi, men denne uretten er der fordi menneska som formar politikken og lagar dei økonomiske systema er urettferdige. Me har det i oss alle saman: Me lyg, baktalar, stel, irriterer oss, hevdar oss, skryt,  nedvurderer Gud og vår neste, bryt ekteskapet, er egoistiske, utøver vald, tenker nedsetjande om folk, tek livet av våre ufødde barn, er gnitne og grådige, driv med trolldom og det som verre er. Jo, eg veit at me ikkje er berre slik. Men slik er me også.

Og fordi me er slik, fortener me ikkje å koma til himmelen. Me fortener å bli dømt i den evige eld, som skrive står, den domen som er tiltenkt Guds fiende, djevelen, og alle hans demonar. Men oss ville Gud frelsa frå denne domen. Difor kom Jesus som eit lite barn til jorda i Betlehem, fødd av ei jomfru. Han var menneskeleg som oss, men han var likevel annleis: Han gjorde aldri noko urett, og fordi han var Guds mektige Son, og fordi han var rein, kunne han ta på seg våre synder og døy for oss på ein kross. Av den grunn, og fordi han er så uendeleg god, tilbyr han oss tilgjeving heilt gratis ved at me innrømmer syndene våre og stolar på han og hans frelsesverk.

Då tek han bustad i oss, og han forvandlar oss frå innsida slik at me ikkje lenger forsvarar vår eigen urett, men innrømmer og vender oss bort frå alt slikt, og slik at me alltid strekker oss etter det gode.  

Kvar einaste som trur på Jesus og som let seg døypa, erfarer dette. Livet blir nytt. Men når Jesus kjem att, skal heile skapinga fornyast. Og det skjer når den kristne bodskapen har nådd ut til alle folkeslag, og difor har adventstida også med kristen misjon å gjera.  Dette som ei innleiing. Meir advent i morgon.